Ei verd i rosa og blått


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Om lag akkurat i det me forlet juni, pridemånaden med fokus på samfunnets tronge kjønns- og seksualitetsnormer, skulle eg flytte – noko som innebar å gå gjennom ein heil haug med klede. Både mine eigne gamle barneklede og sonen min sine nye. La meg fortelje deg kvifor desse to hendingane heng saman.

Innleggsforfattar Inger Helgestad. Foto: Privat

I det eg fekk mitt første barn, blei eg introdusert for ei verd som nærast utelukkande består av rosa og blått.

Ei verd som eigentleg inkluderer alle regnbogens fargar blir redusert til to enkle fargenyansar med det same du set foten innanfor ein barnebutikk. Ofte har butikken også merka guteavdelinga og jenteavdelinga, slik at ingen skal gå seg vill i upassande fargar. På denne måten bidreg me til å oppretthalde kjønnsnormer og tankar om korleis gutar og jenter «skal» vere.

Jentete gut er verre enn gutete jente

Då eg sat framfor kleshaugen og skulle gå gjennom mine gamle klede, var det ein ting som slo meg – den var generelt veldig fargerik. Eg hadde klede i alle fargar, også blått – den typiske «gutefargen». Dette sette eg naturlegvis pris på å sjå, men samtidig måtte eg spørje meg sjølv: Hadde kleshaugen vore like fargerik dersom eg hadde vore ein gut?

Gutar har ofte det blåe og grøne, men ikkje det rosa.

For mine klede var kanskje blå og grønne, men dei var også raude og rosa. Dei hadde traktor på seg, men dei hadde også blomar og sommarfuglar. Eg mistenker at ein gut sin kleshaug ofte kan mangle den eine sida av desse skalaene.

Illustrajonsfoto: Baby Natur / Unsplash

Guten har ofte det blåe og det grønne, men ikkje det rosa. Han har ofte traktorar, men ikkje blomar og sommarfuglar. For av ein eller annan uforståeleg grunn har samfunnet konstruert ei oppfatning om at det er «verre» for ein gut å vere «jentete» enn for ei jente å vere «gutete». Det siste er tøft, det første er teit.

Det svake kjønn?

Denne samanhengen gjeld naturlegvis ikkje berre klede, men også leiker. Eg hugsar eg leikte med alle moglege leiker då eg var lita, ofte samtidig, og det gav meg så mykje glede. Tenk å kunne leike bondegård med bilar, traktorar, dyr og dokker? Ein draum.

Kjønnsnorma som gjeld gutar kan opplevast trongare enn den som gjeld for jenter.

Illustrasjonsfoto: Markus Spiske / Unsplash

Som jente kunne eg leike med alt dette utan at det var eit problem for nokon. Samtidig hugsar eg at gutar som leika mykje med dokker blei lagt merke til på ein annan måte enn jenter som leika mykje med bilar.

Ein kan på denne måten argumentere for at den kjønnsnorma som gjeld for gutar kan opplevast trongare enn den som gjeld for jenter. Kan det tenkjast å vere endå eit resultat av at kvinna, det feminine, har blitt sett på som «det svake kjønnet»? Det er ikkje like kult å vere svak. At ein gut er «jentete» er som å bli nedgradert.

Kven bør du vere?

Så, kva er eigentleg poenget med alt dette? Jo, poenget er at heilt frå barna er små, lærer me dei at kjønnet dei har påverkar kven dei bør vere. Kva dei bør ha på seg, kva dei bør leike med. Er du ein gut? Ja vel, då bør du svinge til høgre og gå mot det blå, mot traktorane og spiderman.

Er du ei jente? Ja vel, gå til venstre, til det rosa, til kjolane og t-skjortene med Elsa frå Frost på. Dersom du er jente er grensekontrollen mellom desse to avdelingane ofte mindre streng enn viss du er gut, men kryssing av grensene vil ofte skape ein form for reaksjon uansett retning.

Kven tjener på dette? absolutt ingen.

Gjennom denne inndelinga sørger me for å bidra til å oppretthalde dei tronge kjønnsnormene som samfunnet har skapt. Me sørger for at også dei som veks opp i dag har ein tanke om korleis gutar «skal» vere og korleis jenter «skal» vere. Kven tener på dette? Absolutt ingen. Bortsett frå dei kleskjedene som lurer tobarnsforeldre til å tru at lillebror ikkje kan arve kledene til storesøster.

Gamle klede kan arvast

No har ikkje min son ei storesøster. Men han har ei mamma som har kledd han opp i sine gamle klede, sjølv om dei kanskje var «jentete». Viss eg kunne gå med rosa sparkebukse i 1997, så kan vel han også det. Viss eg kunne ha raud gensar med blomar på, så kan vel han også det.

Dersom det «verste» som kan skje er at nokon ei lita stund trur han er ei jente, så tek eg den raude gensaren med blomar på heller enn å bruke 200,- på ein ny med traktor. For det bryr verken meg eller eittåringen.

Ikkje anta at ingen jenter vil leike med traktor

Den augneblinken han, og andre barn, byrjar å bry seg, er derimot når dei blir eldre og opplever at andre reagerer dersom ein skil seg ut. Difor må me lære oss sjølve og barna våre at kjønn og seksualitet kjem i mange former, og at det er slik det skal vere. Gjer bevisste val.

Dropp det kunstige skiljet mellom rosa og blått.

Barnebutikkar: Inkluder fleire fargar i sortimentet, dropp det kunstige skiljet mellom rosa og blått. Det går an, nokre butikkar har alt gjort det – og det fungerer. Foreldre: Ha klede i alle fargar, ikkje ver redd for å arve mellom søsken med ulikt kjønn.

Og ikkje anta at ingen jenter vil leike med traktor, eller at ingen gutar vil leike med dokker. La dei få velje mest mogleg utan føringar. På denne måten kan me sakte, men sikkert utvide normene om kva gutar og jenter «bør» ha på seg eller leike med. Eg gler meg til den dagen «jentete gut» og «gutete jente» ikkje lenger er omgrep i bruk, fordi kjønnsnormene ikkje lenger dikterer kva forventningar dei små skal leve opp til.

Illusrtasjonsbilete: Claudio Schwarz,@purzlbaum/ Unsplash