Fem kule kontoar som leikar med kjønn
Fascinert av dragkulturen? Her er fem inspirerande kontoar å følgje!

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Drag er ei kjønnsutvidande kunstform der ein sminkar og kler seg opp for å overdrive ein spesifikk kjønnsidentitet, vanlegvis det motsette kjønn, ifølgje denne artikkelen om drag i popkulturen.
- Test deg sjølv: Kor mykje kan du om skeiv populærkultur?
Føremålet er underhaldning, men også å uttrykke eigen identitet, eller feire LHBT-pride.
Visste du at dragkulturen kan sporast heilt tilbake til det gamle Hellas? Eller at vi har ei open scene for drag i Noreg? Her er fem Instagram-kontoar for deg som vil utvide verdsbiletet ditt når det gjeld kjønnsuttrykk!
1. Drag Syndrome
Fyrst og fremst kunstnarar, det ekstra kromosomet kjem i andre rekke. Eit drag-kollektiv med inspirerande kongar og dronningar med Downs syndrom.
Se dette innlegget på Instagram
2. Open Drag Stage Oslo
Ei kollektiv plattform for drag-samfunnet i Noreg, med open scene for alle dragartistar, både nye og meir erfarne.
Se dette innlegget på Instagram
3. Gloria Mundi
The Queen Reverend, eller dronningpresten, Gloria Mundi har tatt på seg å forkynne ein skeiv Kristus for verda.
Se dette innlegget på Instagram
4. Drag King History
Dragdronningar (engelsk dragqueens) har så langt vore mest framme i popkulturen, men visste du at dragkongar har ei like lang historie?
Dette fenomenet vert stadig meir omtalt, og Drag King History er med på å lyfte fram dei som har drive med dette opp gjennom historia.
Se dette innlegget på Instagram
5. Spikey Van Dykey
Ein av dei best kjende dragkongane i verda, amerikanske Spikey Van Dykey.
Se dette innlegget på Instagram

– Som dragkongar har vi ei unik moglegheit til å sparke oppover. Mot kvite, streite menn, seier den humoristiske kvinnegjengen bak Gutta. Foto: Ingeborg Bjerke Styve