Identitet

Ella-Ingeborg (16): «Eg er skeiv og eg er redd»

Skeivheita mi er noko eg er stolt over. Likevel er eg redd, skriv Ella-Ingeborg Sogn-Grundvåg (16).

Ella-Ingeborg Sogn-Grundvåg (16)
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Eg heiter Ella-Ingeborg og bur i Tromsø. Eg har vore ope skeiv sidan 8. klasse.

Skeivheita mi er noko eg er stolt over. Likevel er eg redd.

Skeiv blir brukt av vedkommande som ikkje føler at dei passar inn i normene i samfunnet om seksualitet og kjønn. Ei norm om seksualitet er at alle likar det motsette kjønnet. Normer er uskrivne reglar, altså reglar som ikkje er offisielle. Likevel kjennest det skummelt for mange skeive å bryte dei.

Fordommar og antakingar er for dei fleste skeive sårt.

Når eg møter folk som ikkje skjønner kvifor me går i prideparade i Noreg blir eg opprørt. Haldningane og misforståinga folk har om skeive, ikkje berre i Noreg, men i heile verda er akkurat kvifor pride er så viktig.

Eg vil også trekkje fram alle som støttar homofile. Støttar dei homofile familiemedlemmene sine, viser forståing eller heisar regnbogeflagget. Det rører meg kvar gong. Eg synest at det er veldig viktig å anerkjenne at det er mange nordmenn som bryr seg om skeive, og ser problemstillingane skeive opplever.

Den skumle utviklinga i verda er grunnen til at eg skriv dette. Samanlikna med resten av verda har me komme langt, men me er ikkje i mål. I 64 land blir du straffa for å vera homofil. Derfor er me nøydde til å skrike høgare, fordi ein kan ikkje ta rettane sine for gitt. Rettane våre er kjempa fram og må haldast oppe, og me er alle avhengige av kvarandre sine rettar.

No er det pridemånad. Me skal feire, støtte kvarandre og sjå kvarandre litt ekstra denne månaden. Men me skal også halde fram kampen skeive og allierte før oss har kjempa. Me må oppdatere oss på skeiv historie, sjå filmar, snakke saman og dele erfaringar.

Gledeleg pridemånad og god kamp til alle skeive og alle allierte. Me er viktige!