«Berre» 99,5 år til kvinner er likestilt med menn
For tredje år på rad kjem Noreg på andreplass i ei global rangering av likestilling, men ingen av oss kjem til å oppleva ei likestilt verd i vår levetid.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
På 14. året på rad har World Economic Forum gitt ut «Global Gender Gap Report».
Likestillingsbarometeret tek for seg likestillingssituasjonen i 153 land, og for tredje år på rad kjem Noreg på andreplass.
Det er Island som toppar lista, for ellevte år på rad. Landa som har betra seg mest er Albania, Etiopia, Mali, Mexico og Spania. 101 av landa som var med i fjor, fekk betre score i år.
Verdas minst likestilte land er Pakistan, Irak og Jemen og dei 10 landa med lågast score har berre 40 prosent kjønnslikestilling.
Meir likestilling enn på tre år
Ein av tinga som gjer at likestillinga i verda går framover for første gong på tre år, er meir politisk deltaking. Kvinner utgjer no omlag ein firedel av representantane i parlamenta verda over og har 21,2 prosent av statsrådspostane.
Men det er også på den politiske arenaen det er minst likestilling av dei fire hovudområda. Dei siste 50 åra har heile 85 av landa aldri hatt eit kvinneleg statsoverhovud. På statsrådnivå er det ni land der kvinner ikkje er representert i det heile.
Ein gladnyheit er likevel at utdanning ser langt betre ut. Ein reknar at det berre vil ta 12 år før det er kjønnslikestilling på utdanning i verda. I 35 av dei 153 landa, er det allereie full likestilling på dette feltet.
På helse har 48 land oppnåd nestan full likestilling og 71 land er oppe på minimum 97 prosent.
99,5 år til likestilling
Rapporten meiner det er tre årsaker til dette: det er fleire kvinner som arbeider i roller som vert automatisert, ikkje nok kvinner kjem inn i yrker der lønsveksten er tydeleg (t.d. teknologi) og kvinner er framleis i ei årelang tradisjon med dårleg omsorgsinfrastruktur og tilgang til kapital.
Full likestilling vil det ifølgje rapporten «berre» ta 99,5 år å oppnå. I fjor var det 108 år.
68,6% likestilling i verda – 84,52 % i Noreg
I rapporten vert landa rangert med poeng. Dei får først poeng innanfor: økonomisk deltaking og moglegheiter, utdanningsnivå, helse og overleving og politisk deltaking. Så får ein ein samla poengsum mellom 0 og 1.
1 betyr dimed 100 prosent. På verdsbasis er det 68,6 prosent likestilling, medan Noreg ligg på 84,2 prosent.
I dei fire hovudkategoriane får Noreg desse poengsummane:
- Økonomisk deltaking – 79,8 prosent (2017: 82%)
- Utdanning – 100 prosent
- Helse/levealder – 97,2 prosent
- Politisk deltaking – 59,8 prosent.