Nyutdanna lærarar må undervise i fag dei ikkje er kvalifiserte til

Over halvparten av nyutdanna lærarar må undervise i fag dei ikkje har kvalifikasjonar for, viser ei ny undersøking.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I ei spørjeundersøking blant over 600 nyutdanna lærarar svarer over halvparten at dei underviser i fag der dei ikkje oppfyller kompetansekrava, skriv Utdanningsnytt. Blant grunnskulelærarane gjaldt det seks av ti.

Rundt 90 prosent av lærarane i undersøkinga svarar at dei var ute i jobb eit halvår etter fullført utdanning.

– Det er bra at dei får jobb, men det er òg viktig å hugse på at mange seier dei må undervise på eit klassetrinn eller fag dei ikkje er kvalifiserte til, seier påtroppande leiar i Pedagogstudentene, Elise Håkull Klungtveit.

Det nye femårige utdanningsløpet for grunnskulelærarar fører til få nyutdanna i 2021. Underskotet på lærarar kan føre til ei utfordring til neste år med å etterfylle opptil 2.000 ledige stillingar i grunnskuleverket med relevant fagkompetanse, skriv Utdanningsnytt.