Lovfestar ungdomsråd i alle kommunar

– Dette er ein kjempesiger for at ungdom skal bli høyrt, seier KrFU-leiar Martine Tønnessen.

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Alle kommunar har påbod om å ha eit eldreråd. Ungdomsråd er så langt frivillig.

Men i dag blei det fleirtal i Kommunalkomiteen på Stortinget for å lovfesta ungdomsråd i kvar kommune og fylkeskommune.

– Ungdom må bli høyrt. Då er det ekstremt dumt at mange kommunar ikkje har ungdomsråd i dag, seier Martine Tønnessen, leiar i KrFU.

Ho seier ho blei overraska då regjeringa la fram forslaget til kommunelov tidlegare i år utan lovfesting av ungdomsråda.

– Ungdomsråd er viktig for at dei som veit best korleis det er å vera ung i kommunane kan få seia meininga si, og det er bra for politikarane som kan få kjempeviktige innspel frå unge. Ungdomsråda er òg viktig demokratiopplæring, seier Tønnessen.

Ifølgje Barneombodet har det blitt færre ungdomsråd dei seinaste åra.