Er grensa på 18 år katastrofal?

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tysdag sist veke la Trond-Viggo Torgersen fram Ungdommens maktutgreiing. Både noverande barneombod og Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner kritiserer han for å ikkje gå inn for stemmerett for 16-åringar.

Torgersen og dei fem andre i utvalet som gjekk mot stemmerettsalder på 16 år, forsvarar motstanden mot stemmerett for 16-åringar med at det ikkje har vore nokon kampsak for ungdom at stemmerettsalderen skal ned. Blant dei under 18 år som blei spurt i ei undersøking ved skulevalundersøkinga i 2011, var det 35 prosent for og 44 prosent mot.

Kva seier historia?
Men er det slik at det var eit folkekrav blant ungdom i 1978 å utvida stemmeretten til 18-åringane? Eller til 20 i 1967, til 21 i 1946 eller til 23 år i 1920?

Me har studert gamle avisarkiv for å finna ut korleis debatten var før stemmeretten blei utvida tidlegare i Noregshistoria.

LES OGSÅ: Modne før tida

23. september 1978 kjem det fram i Aftenposten at eit solid fleirtal på 62 prosent var mot stemmerett for 18-åringar. 36 prosent var for. Også blant dei under 20 år var det fleirtal mot stemmerett for 18-åringar. 44 prosent av ungdommen var for dette, 53 prosent mot.

Med andre ord: ungdom utan stemmerett var større motstandarar av dette i 1978, då aldersgrensa skulle bli 18 år – enn ungdom utan stemmerett er i dag – når det er snakk om 16-årsgrense.

Det enda likevel med fullt fleirtal for å senka aldersgrensa i Stortinget i november 1978.

”Nedsettelse av stemmerettsalderen kan bidra til en videre positiv utvikling i interessen for samfunnsspørsmål”, heitte det frå utanriks- og konstitusjonskomiteen som handsama saka.

– Katastrofale følgjer i Canada
I ein gallup presentert i Aftenposten 30. januar 1971 svarar berre 14 prosent at stemmerettsalderen på 20 år er for høg. Medan heile 43 prosent meiner den er for låg. Det er berre mindre forskjellar i synet mellom unge og eldre. Av alle dei spurte meiner 73 prosent at unge menneske er lite politisk interessert. Blant dei under 30 år er det 68 prosent som seier dei er lite politisk interessert.

16. februar 1976, i eit intervju med politiinspektør og formann i Motorførernes Avholdorganisasjon, Thorleif Karlsen, blir det åtvara mot auka alkoholkonsum. Det er uvisst om det er Karlsen eller Aftenposten-journalisten som kjem med denne påstanden: "Et skrekkens eksempel er Canada, hvor senket stemmerettsalder og lavere aldersgrense for kjøp av alkohol fikk nærmest katastrofale følger for landet".

Tyge Filseth kommenterer i eit lesarbrev 13. april 1977 under tittelen "Tenårings-demokratiet" at om utviklinga med lågare stemmerettsalder held fram "så vil vi omkring 1990 ha en stemmerettsalder på 14 år".

Han spør seg om semja blant partia om å setja ned stemmerettsalder kan "skyldes at man vurderer stemmeretten til å være av så ringe betydning at den bør være et fritt gode for alle som er tørre i buksene?"

LES OGSÅ: 16-åringar er flinkare til å stemma

– Knapt eit folkekrav
Stemmerettsalderen blei sett ned til 20 år i 1967.

– Når det gjelder nedsettelse av stemmerettsalderen, kan man knapt si at det et folkekrav (…) Det er et skjønnsspørsmål hvor grensen skal settes, sa saksordførar og parlamentarisk leiar for Senterpartiet, Lars Leiro, til Aftenposten i 1967 etter at han hadde stemt for å endra grunnlova.

Det har ikkje vore mogleg å finna omtale av meiningsmålingar om stemmerettsalder i 1967. Og i 1946 då stemmerettsalderen blei senka til 21 år er spørsmålet lite omtala.

LES OGSÅ: 17-åringen som vart grunnlovsfar

Faktaboks

Av 15 medlemmer i Ungdommens maktutgreiing var det seks som gjekk mot stemmerett for 16-åringar, fem gjekk inn for det i både lokal- og stortingsval, medan to gjekk inn for det i berre lokalval.

Sjå Ungdommens maktutgreiing her!

Stemmerettsalder i Noreg:

1898: Alle menn over 25 år
1913: Også alle kvinner over 25 år
1920: 23 år
1946: 21 år
1967: 20 år
1978: 18 år

Les meir på Wikipedia!