No kan du bestille noregsferien din på nynorsk

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Nynorsk kan brukast overalt til alt, og då er det sjølvsagt heilt rett at det er nynorsk på nettsidene til Vy. Særleg stas er det å sjå at ein stor og viktig aktør som når ut til mange, tek i bruk begge dei norske skriftspråka.

Det seier Synnøve Marie Sætre, fungerande leiar i Noregs Mållag, i ei pressemelding.

Synnøve Marie Sætre er fungerande leiar i Noregs Mållag. Foto: Noregs Mållag

«Hei, kvar vil du reise?»

Noregs Mållag er særs nøgde med at reisande no kan velje nynorsk som språk på nettsidene til Vy. «Hei, kvar vil du reise?», spør Vy og har nettartiklar med aktivitetstips til noregsferien og råd til passasjerar – på nynorsk.

Merete Møystad, marknadsdirektør i Vy, seier dei er glade for at dei no kan tilby ei nynorsk nettside til brukarane:

– Mange av passasjerane våre brukar nynorsk i kvardagen. Me ynskjer å gjere det enkelt å reise miljøvennleg, og enkelt å bruke våre kanalar, seier Møystad i pressemeldinga.

– Eit godt døme

Det er ingen løyndom at nynorsk er mangelvare hjå landets største selskap. Av dei 500 største bedriftene i 2015, fann språkforskar Guro Sanden at berre fem av dei leverte årsrapporten sin på nynorsk.

Noreg Mållag har tidlegare kritisert Visit Norway for å bruke fjorten andre språk på nettsida si, men særs lite nynorsk. No jublar organisasjonen for at Vy har omfamna skriftspråket, og at store delar av innhaldet er tilgjengeleg på nynorsk.

– Dette er eit godt døme på at det går an å gje tilbod både på nynorsk og bokmål, seier fungerande leiar Synnøve Marie Sætre.

Ole Kristian Grønneng er i sitt fjerde år som leiar av Høgnorskrigen. Foto: Privat