Nynorskforfattar får Tarjei Vesaas’ debutantpris

Anne-Lise Frøland er tildelt Tarjei Vesaas' debutantpris for 2025 for romanen «Tynne rivner av lys».

Nynorsk Pressekontor
Publisert

Prisen, som er på 80 000 kroner, vert delt ut på årsmøtet til Den norske Forfatterforening denne helga. Juryen seier blant anna dette om prisvinnaren:

«Tynne rivner av lys smeltar det vakre saman med det brutale, og desperasjon og depresjon blandar seg med håpet om at ting skal snu, at det trass alt skal gå bra. Historia vert fortalt på fleire tidsplan, i eit finstemt, presist og poetisk språk.»

Bokomslag: Samlaget

Frøland har skrive ein roman om kor vanskeleg det er å hjelpe nokon som ikkje vil ha hjelp, om psykisk uhelse blant bønder og om korleis også håp og optimisme kan få fatale følgjer, heiter det i ei pressemelding frå Det Norske Samlaget.

Anne-Lise Frøland, fødd i 1993, er frå Ålesund og er busett i Oslo. Ho har blant anna gått på forfattarstudiet i Bø i Telemark.

Vesaas-prisen blei stifta av Tarjei Vesaas i 1964 med pengane han fekk som vinnar av Nordisk råds litteraturpris same år for «Is-slottet».

Tidlegare vinnarar:

1964 Sigmund Jakobsen, Gjennom brend by

1965 Jan Erik Vold, Mellom speil og speil

1966 Tor Obrestad, Kollisjon/Vind 1

1967 Johan Fr. Grøgaard, Dyvekes grav

1968 Rolf Sagen, Dørklinker

1969 Hans Sande, Strime

1970 Joachim Aremk, Tapetdører

1971 Eivind Reinertsen, Lukk opp dørene, krigen er over

1972 Erling Pedersen, Rottenes konge

1973 Steinar Lem, Signaler

1974 Karin Mathisen, Kanskje i morgen

1975 Ingvar Moe, Løktastolpefrø

1976 Lars Saabye Christensen, Historien om Gly

1977 Bjarne Rønning, Bjarne Huldasons sjøreise

1978 Sissel S. Bjugn, Den første avisa på Lofotveggen

1979 Hans Herbjørnsrud, Vitner

1980 Jo Eggen, Ting og tings skygger

1981 Frank A. Jenssen, Saltbingen

1982 Roy Jacobsen, Fangeliv

1983 Kjell Gjerseth, Chakoo

1984 Anne Bøe, Silkestrå

1985 Morten Harry Olsen, For alt hva vi er verd

1986 Sissel Lie, Tigersmil

1987 Aagot Vinterbo-Hohr, Palimpsest

1988 Torun Lian, Tre skuespill

1989 Anne Grete Hollup, Maria og knivmakeren

1990 Stein Versto, Ho blei borte i trappene

1991 Sylvelin Vatle, Alle kjenner vel presten

1992 Thure Erik Lund, Tanger

1993 Bertrand Besigye, Og du dør så langsomt at du tror du lever

1994 Cathrine Grøndahl Riv ruskende rytmer

1995 Harald Rosenløw Eeg, Glasskår og Tore Renberg, Sovende floke

1996 Steinar Opstad, Tavler og bud

1997 Lars Ramslie, Biopsi

1998 Trude Marstein, Sterk sult, plutselig kvalme

1999 Gunnar Wærness, Kongesplint

2000 Mirjam Kristensen, Dagene er gjennomsiktige

2001 Carl Frode Tiller, Skråninga

2002 Heidi Marie Kriznik, Applaus

2003 Sigmund Løvåsen, Nyryddinga

2004 Ole Asbjørn Ness, Det er natt

2005 Mette Karlsvik, Vindauga i matsalen vender mot fjorden

2006 Thomas Marco Blatt, Slik vil jeg måle opp verden

2007 Nils Henrik Smith, Manhattan skyline

2008 Lars Petter Sveen, Køyre frå Fræna

2009 Eivind Hofstad Evjemo, Vekk meg hvis jeg sovner og Kjersti A. Skomsvold, Jo fortere jeg går, jo mindre er jeg

2010 Helga Flatland Bli hvis du kan. Reis hvis du må.

2011 Lina Undrum Mariussen, Finne deg der inne og hente deg ut

2012 Peter Franziscus Strassegger, Stasia

2013 Gine Cornelia Pedersen, Null

2014 Amalie Kasin Lerstang, Europa

2015 Kenneth Moe, Rastløs

2016 Jan Kristoffer Dale, Arbeidsnever

2017 Zeshan Shakar, Tante Ulrikkes vei

2018 Lars Svisdal, Seg til inkjes

2019 Hanna Stoltenberg, Nada

2020 Karoline Brændjord, Jeg vil våkne til verden

2021 Kristin Vego, Se en siste gang på alt vakkert

2022 M. Seppola Simonsen, Hjerteskog // Syđänmettä

2023 Monica Goksøyr, Slemme jenter

2024 Anna With, Eplet, nesten