Årets heitaste ferietips: Ytre-Paddeby har mykje å by på


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Som nokre sikkert har fått med seg, blir det dårleg med utanlandsferiering i år. Men det er ingen grunn til å fortvile! Her er sju spenstige heilnorske ferieopplevingar du garantert ikkje finn omtalt nokon annan stad.

Nyt livet i Indre Enfold

La alle uro for verdas elende fly; denne kommunen midtvegs mellom Spydeberg, Hobøl og Trøgstad er utvilsamt ein av Noregs deiligaste stader. Kjem du hit, treng du ikkje lenger å tenkje ein sjølvstendig tanke. Men dei fåe tankane du har, vil til vederlag bli glorifiserte gjennom det aller ypparste av moderne ekkokammerteknologi. Menneska her er så elskverdige at same kva du seier, vil ingen seia imot deg.

Det er dessutan svært vakkert i Indre Enfold. Alle fasadar er blankpolerte, og alt som kan finst attom dei, slepp du å sjå. Du er jo trass alt på ferie!

Skjulte perler i Trøndelag

Verran er kjent for dårleg vêr, gjennom songen «Verre enn været kan værra i Verran» av Otto Nielsen. Kommunesenteret Framverran slit framleis med ringverknadene av dette, men i Bakverran har dei gjort drastiske grep for å betre tilstanden, ved å grava grøfter som tek unna regnvatn, samt plante granskog som skjermar for vinden. Elles er bygda forfriskande fri for distraherande attraksjonar, så her er det berre å lene seg tilbake og nyte dei to minutta det tek å passere.

Fylgjer du bakvegen vidare, kjem du ganske snart til Underhalla. Dette er òg ein nokså ukjent smaragd, rett sør for Overhalla. La deg fortrylle av natur, veg og himmel! Men obs, obs: Sidan ingen kjendisar førebels kjem frå Underhalla, liker dei innfødde dårleg å bli mint om at Venstre-mogul Trine Skei Grande er oppvaksen i Overhalla.

Familieferie med skyhøg «Å du store min»-faktor

Slit du med å få ungane til å vise entusiasme for bilferien? Vel, i år er det grunn til optimisme! Er det noko born og unge liker, så er det ting som forbløffar og fascinerer, samstundes som dei er så lette å hugse at dei godt kan brukast på ei o-fagsprøve. Kva er utrulegare, eller meir minneverdig, enn det faktum at mange stader i Noreg berre heiter Å?

På denne skreddarsydde temaferien hoppar ein frå Å til Å. Fyrst et ein vassgraut med bust på Å i Meldal, så eit salta torskehovud på Å i Lofoten, før ein byksar ned att til ferske sursild på Å i Åfjord, og jumpar opp att til sylta kvann på Å på Andørja – å så bortetter å så bortetter! Ungane blir rett og slett ville, og kan til slutt ikkje seia anna enn: «Å herregud. Å, fy f### i h######.»

Monoftongfjordhopping

Om ein synst det blir for lite variasjon i vokalane på «Å du store min»-ferien, har Noreg faktisk eit anna, endå sprekare vokaltilbod å by på: Det finst nemleg minst fire monoftongfjordar her i landet, altså fjordar med namn som berre er ein vokal. Åfjord gjev seg sjølv, men kvifor ikkje fylgje opp med Efjord i Nordland, og Ofjord og Ifjord i Finnmark? Ja, kven veit, kanskje det jamvel finst fleire, enno ukjende monoftongfjordar rundt forbi? Afjord? Ufjord? Æfjord? Gamle Noreg sluttar aldri å overraske!

Gamle Noreg sluttar aldri å overraske!

Har ein utvida ferie, såkalla lærarferie, er det saktens òg mogleg å oppgradere til luksusvarianten av monoftongfjordhopping, såkalla tobokstavsfjordhopping. Berre i Finnmark finst to Kåfjord, samt ein Mefjord, ein Kifjord, ein Dyfjord og ein Tyfjord, for å nemne nokre tilfeldige døme. Moglegheitene er nærast uendelege, i eit land så velsigna fjordrikt som vårt.

Eventyrege dagar på Utrøst

Vakre Lofoten skal visstnok bli tjåkfullt av kapitalistar i sumar. Ja, sjølv dei ytste øyane Værøy og Røst er venta å fløyme over av desperate nordmenn. Så takk og lov for Utrøst!

Her er det fullt av kornåkrar og saftig gras, og i motsetnad til kva folk gjerne trur, er det faktisk ikkje vanskeleg å finne vegen. Berre køyr bilen (med familien i) over ein tilfeldig kaikant i Nordland. Du vil ganske snart bli kontakta av tre fiskarbønder med enorm fiskelykke, valdsame avlingar og svært feite kyr. Desse vil, på ein god dag, forvandle seg til tre toppskarvar, som så vil leie deg heilt fram til det legendariske øyriket.

Vi gjer merksame på at det ikkje går nokon veg attende frå Utrøst. Men er du fyrst komen dit, kvifor skal du eigentleg dra heim att?

Berre køyr bilen (med familien i) over ein tilfeldig kaikant i Nordland.

Storbyferie utan smittefare

Finnmark er kjent for mykje areal og natur. Men visste du at denne regionen òg har Noregs kanskje største tettleik av byar? Eiby, Kviby, Saraby og Nesseby er berre nokre av dei vidstrekte byane som finst her i området.

Ein spesielt interessant by som kan vera lett å oversjå, er Paddeby på vegen frå Varangerbotn til Vadsø. Namnet kan verke urovekkjande, men er i røynda, som så mange stadnamn i Finnmark, basert på ei misforståing. Det kvenske namnet er Pättäpyssi, med tydinga «rik, vakker grend ved lita, steinete elvs utlaup i brei fjord, med mengder av heite saunaer, elegante kvinner og vellagra brennevin». Men dei norske byråkratane skjøna sjølvsagt ikkje kvidderet av dette, og berre fordi ein full konsulent i Kartverket innbilte seg at han såg ei padde i ei grøft (det var eigentleg eit bjørkelauv), har staden for alltid vorte heitande Paddeby.

PS! Om ein vil vera på den heilt sikre sida kva gjeld koronaviruset, kan det vera lurt å unngå Paddeby sentrum. Men Ytre Paddeby har òg mykje å by på, som til dømes [fyll inn døme].

LES FLEIRE TEKSTAR FRÅ ERLEND SKJETNE HER!

Spaweekend på Kaaven-steinen

Ein annan løyndom i det høge nord er Finnmarks rike spatradisjonar. Skjem bort kona med nokre netter på Kaaven-steinen! Han er å finne i Indre Billefjord i Porsanger, og er oppkalla etter den legendariske noaidi Johan «Troll-Kaaven» Kaaven, kjent for å utføre mirakel så store at jamvel Jesus vart misunneleg.

Ved lågvatn spaserer ein roleg ut til den lett synlege dolomittsteinen, som ligg berre meter utom flodmålet. Ein klatrar opp og set seg på han. Seinare, ved høgvatn, vassar ein inn att til land. Dei vonde åndene som påførte ein plager – det vera seg feitleik, menisk, korona, kva som helst – skyr vatn, og blir såleis sitjande att på steinen! Deretter kan ein til dømes køyre inn til kommunesenteret Lakselv, og feire med ein paraplydrink på puben Same, same, but different (no nedlagt).

LES OGSÅ: I ein krik av uspråket: Bu dykk på å lesa ein hyrleg analyse, som tek føre seg rubbel av moderne norsk språkproblematikk. 

Er ikkje mulmet nok i seg sjølv, spør Erlend Skjetne i denne teksten om vanlege ord og uttrykk.

«Er ikkje mulmet nok i seg sjølv?», spør forfattar og lærar Erlend Skjetne i denne teksten om vanlege ord og uttrykk. Illustrasjon: Colourbox