Kommunen sa nei til demonstrasjon mot rasisme: – Ikkje eit problem i Noreg

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 25.06.2020 10:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fredag 5. juni var fleire tusen samla framfor Stortinget i Oslo for å markere motstand mot rasisme og politivold i USA. Også i andre store norske byar samla folk seg til støtte for Black Lives Matter-rørsla.

Leiar i Ålesund Press, Guro Gudbrandsen, reagerer på at ein kommunetilsett ytra at rasisme ikkje er eit problem i Noreg. Foto: Privat

Nekta å demonstrera

Leiar i Ålesund Press, Guro Gudbrandsen, var blant dei som tok initiativ til ei tilsvarande markering i Ålesund.

– Me såg at det var fleire byar i Noreg som hadde planar om å halda ein Black Lives Matter-demonstrasjon og følte at dette var noko me, som ein storby, òg burde markera, forklarar ho på telefon til Framtida.no.

Arrangørane tok raskt kontakt med Ålesund kommune, som avslo fordi det før 15. juni ikkje var lov å samla meir enn 50 personar på eit arrangement.

Etter å ha fått nei på grunn av smittevern laga Ålesund Press ein plan for ein demonstrasjon 15. juni med påmelding, som sikra eit tak på 200 demonstrantar.

– Då byrja dei å argumentera med at rasisme ikkje er eit problem i Noreg og at me heller burde bry oss om å ta vare på dei eldre og sikra at ikkje smitta spreier seg, forklarar Gudbrandsen.

– Ekkelt å bli møtte på denne måten

Ho meiner dei hadde tatt god høgd for smittevern i planane sine og har hatt jamleg kontakt med kommunen, som ho meiner har vore vage og vanskelege tolka.

Men då dei fekk denne beskjeden frå ein mellomleiar i kommunen, reagerte dei.

– Det er jo ein veldig rar ting å seia at rasisme ikkje er ein ting i Noreg, seier Gudbrandsen.

Arrangørane vart oppringde av politiet som gav det som vert skildra som ein streng beskjed om å ringja kommunen. Der fekk dei ein ny beskjed, som dei òg oppfatta som streng.

– Som to veldig unge folk så er det ekkelt å bli møtte på denne måten, seier 18-åringen.

Ho reagerer på at ei sak, som dei meiner er så viktig, vart avfeidd og meiner dei som arrangørar vart framstilt som ansvarslause og utan forståing for emnet, som dei trass alt har jobba mykje med.

Leiar i Press – Redd Barna Ungdom, Lea Mariero, er kritisk til korleis lokallaget i Ålesund vart møtt. Foto: Press

Press-leiar: – Skremmande mangel på kunnskap

Også leiar i Press nasjonalt, Lea Mariero, reagerer sterkt på kommentaren frå den kommunetilsette.

– Det viser ein skremmande mangel på kunnskap og nødvendig kompetanse. Sjølv om tilsette i Ålesund kommune kanskje ikke har opplevd det på kroppen sjølv, så er det liten tvil om at det skjer kvarrdagsrasisme og diskriminering både i Ålesund kommune og elles i Noreg, understrekar ho.

Press-leiaren meiner det er kritikkverdig av kommunen å gå inn i politiske saker og seia kven som får demonstrere og ikkje, så lenge det er innanfor norske lover og då kjem inn under ytringsfridomen.

Ho viser til at arrangørane hadde teke førehandsreglar med både påmelding og vakter, for å sikra at berre dei 200 påmelde slapp inn.

– Lokallaget ønskte òg å gjennomføre dette i tett dialog med kommunen, men det einaste svaret me fekk var altså at demonstrasjonen ikke kunne skje fordi rasisme ikkje er eit problem.

– Ein ny type rasisme

Då dei ikkje fekk løyve måtte Ålesund Press avlyse den fysiske demonstrasjonen og heller gå for ei digital løysing. Etter at det digitale arrangementet var i gang fekk demonstrantane kontrabeskjed frå kommunen om at dei fekk lov å demonstrera, noko Gudbrandsen meiner var for seint.

Guro Gudbrandsen reagerer særleg på at ein kommunetilsett kjem med det ho tolkar som eit politisk utsegn, som ho meiner kan tolkast som rasistisk.

– Eg føler at ein ny type rasisme som har kome, er det å nekta for at det er rasisme og ignorere det faktumet at det finst.

– Trur du det er bevisst eller ubevisst?

– Eg trur det er ei blanding: Bevisst fordi ein ikkje vil deale med noko som ikkje påverkar seg sjølv, og delvis fordi ein ikkje er opplyst nok til å vete at det er eit såpass alvorleg tema at ein burde deale med det.

Framtida.no har snakka med den kommunetilsette, som ikkje vil kommentera saka.

Ålesund-ordførar Eva Mariann Vinje Aurdal fortel at saka har fått etterspel. Foto: Ap

Ordføraren tek sterk avstand

Ålesund-ordførar Eva Vinje Aurdal (Ap) er forferda over skildringa frå Press.

– Herregud. Dette kjem eg til å følgje opp om det verkeleg er sagt og vil ikkje sleppe saka før alt er sagt, lovar ho.

Ordføraren er tydeleg på at ein person som jobbar i administrasjonen ikkje skal koma med sine personlege vurderingar i ei slik sak.

– I så fall får det stå heilt og halde for hans eiga rekning. Eg tek sterk avstand frå det. Over heile verda ser me slike demonstrasjonar og det er på tide at me nordmenn òg får augo opp for strukturell rasisme, seier ordføraren.

Ho understrekar at dette på ingen måte er eit uttrykk for kva Ålesund kommune står for.

Snudde i tolvte time

Ordføraren vart først klar over at demonstrantane hadde fått nei til arrangementet sitt då Sunnmørsposten ringde den 15. juni.

– Me fann ut i tolvte time at nokon i administrasjonen, som hadde handsama krava, hadde stått veldig på Folkehelseinstituttet sine krav. Dei hadde sett på Facebook-arrangementet at det var over 500 påmelde og sa difor nei, forklarar ho.

Då leiinga vart klar over avgjerda snudde dei kjapt, men sidan demonstrasjonen allereie var i gang, var skaden allereie skjedd.

– Eg er frykteleg lei meg, for eg ville gjerne stilt i ein slik demonstrasjon sjølv. Det har fått etterspel i kommunen og me har strama inn på kven som får lov å gje tillatingar til demonstrasjonar og ikkje, forsikrar ordføraren.

Kommunedirektør i Ålesund kommune, Astrid Eidsvik, beklagar at Press Ålesund ikkje vart møtt på ein ryddigare måte av kommunen. Foto: Ålesund kommune

Kommunedirektøren beklagar

Også kommunedirektør Astrid Eidsvik beklagar at arrangøren av demonstrasjonen mot rasisme ikkje blei møtt på ein meir ryddig måte.

– Førespurnaden om å gjennomføre demonstrasjonen skulle ikkje ha blitt avslått. Diverre nådde ikkje søknaden fram til rette instans før det var for seint. Dersom arrangøren har oppfatta at kommunen meiner at rasisme ikkje er eit samfunnsproblem beklagar vi dette. Dette representerer ikkje Ålesund kommune sitt syn, seier kommunedirektør Astrid Eidsvik i ein e-post til Framtida.no.

Les historiane om norsk kvardagsrasisme: «Hald kjeft, jævla negerungar!»Bilde av rasistiske utsegner