«Politi-rasisme finst også i heile Europa»


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Video: André Percy Katombe/The Oslo Desk

 

Eg, Ida Evita de Leon, har fått i oppdrag om å levere denne talen på vegner av min far Akhenaton de Leon – dagleg leiar og grunnleggjar av OMOD – Organisasjonen mot offentlig diskriminering –  han sit koronafast på Trinidad, men helsar og seier: I am with you in the spirit.

Dette er hans ord:

Vi er forferdeleg lei oss over det som har skjedd i USA  – drapet på George Floyd har rørt heile verda og minnar oss igjen om rasisme som eit problem. Dettte har skapt medvit og mobilisering over heile verda, Noreg inkludert. Vi ser alle bileta frå USA, vi høyrer alle som held talar på amerikansk TV og ser millionar som krev rettferd for George floyd.

Politi-rasisme finst også i heile Europa.

Vi må ikkje tru at det er eit amerikansk fenomen.

OMOD vil gjerne minne om at racial profiling, det vil sei at folk vert kontrollert av politiet på bakgrunn av utsjånad og hudfarge, er eit utbredt problem i Noreg. Noko politiet og heller ikkje dei norske styresmaktene vil innrømme.

Vi må ikkje tru at det er eit amerikansk fenomen.

Svarte nordmenn, etniske minoritetar eller kall det kva du vil, blir ofte stoppa og kontrollert og mange av desse kontrollane blir ikkje gjennomført på ein hyggeleg eller respektfull måte.

Ferdast du i Oslo by, sentrum, eller på Oslo S så risikerer du kontroll. Er de fleire svarte ungdomar saman, så risikerer de kontroll.

Fargerike barn heilt ned i 12-års alderen vert kontrollert, men når vi klagar til politiet og styresmakter som stortingsrepresentantar, byrådsleiaren, Erna Solberg, eller politimesteren, så bagatelliserer dei problemstillinga.

Dei avviser problemstillinga, og så svarar dei at det ikkje finst bevis for påstanden om overkontroll. Dei påstår at dei ikkje har noko dokumentasjon, så eg ynskjer å dokumentere det her og no ved å stille publikum nokre spørsmål:

 – Kor mange av dykk, med melaninrik hud, har blitt kontrollert av politiet? Rekk opp handa!

– Kor mange av de fargerike har eit familiemedlem som har blitt kontrollert av politiet? Rekk opp handa!

– Kor mange av de fargerike har ein ven som har blitt kontrollert av politiet? Rekk opp handa!

– Kor mange av de fargerike kjenner ein ven som har ein ven som har blitt kontrollert av politiet? Rekk opp handa?

– Kor mange av de kvite – minus blitzarane, for de har garantert blitt stoppa – har blitt kontrollert av politiet? Rekk opp handa!

– Kor mange av de kvite har eit barn heilt ned i 12 års-alderen, som har blitt kontrollert av politiet?

Dette burde vere bevis på at overkontroll er eit problem i Norge.

Det som vi ofte får høyre uformelt, og det ein seier til kvarandre er at det er mykje kriminalitet blant desse ungdomane.

Solbergs forsnakking om USA og at dei har ei «lang historie for at politiet slår hardere ned på minoritetsbefolkningen enn andre i USA, rett og slett fordi de også har vært involvert i mer kriminalitet» representerer haldningar som finst om svart ungdom i Noreg. Forteljinga om at vi er meir kriminelle enn andre har konsekvensar for våre ungdoms daglege liv.

Forteljinga om at vi er meir kriminelle enn andre har konsekvensar for våre ungdoms daglege liv.

Media bidreg med sitt i å skape eit negativt bilete av fargerik ungdom og til forteljinga om dei kriminelle innvandrarungdomane.

Mange ungdom opplever møter med politiet som ubehageleg og trakasserande og føler seg som eit mål for politikontroll.

Kvifor seier eg desse tinga til dykk i dag?

Fordi ungdomane som har sunge Ja, vi elsker dette landet og som gjerne vil føle seg som ein del av dette samfunnet, ikkje kan forstå kvifor dei vert kontrollert så ofte – og for mange er deira konklusjon at politiet er rasistar.

Dei føler at politiet er ute etter dei og dei føler seg makteslause når det gjeld korleis dei kan løyse problemet. Politiet si haldning og overkontroll har hos mange sett i gong ei framandgjeringsprosess og det skapar mistillit til politiet som institusjon. Det er desse ungdomane politiet treng som vener i framtida.

Sagt med andre ord: det er desse ungdomane politiet treng for å førebygge kriminalitet i framtida. Det er desse ungdomane politiet treng som framtidige dyktige tilsette i politiet. Dette vil ikkje skje om politiet som institusjon ikkje tek desse problemstillingane på alvor.

Det er ingen som trur at alle i politiet er rasistar, men politimeisteren må ikkje tru at det ikkje finst rasistar i politiet. Det er ikkje alle i politiet som oppfører seg uprofesjonelt, men det finst uprofesjonelle i politiet.

For å avslutte vår bodskap her i dag: politiet må fjerne dei råtne epla og ikkje la dei få øydelegge for heile institusjonen.

Eg vil gjerne avslutte med å vende blikket tilbake til George Floyd i USA og no vil eg at alle visualiserer ei slik hending på gata i Noreg, rett framfor augo dine.

Du ser at ein politimann held på å kvele ein annan person under ei pågriping. Og ver så snill, hugs at dette ikkje er ei fjern førestilling. Vi hadde Obiora i Trondheim.

Du er vitne til at politiet tek kvelartak på nokon, og du trur at vedkomande kan dø. Du ber politiet innstendig om å sleppe taket.

Du er veldig redd for at denne personen er i ferd med å dø.

Mitt spørsmål til dykk er: Bør du gripe inn? Kan du gripe inn? Bør du berre snu ryggen til å gå? Om du grip inn fysisk, kva er dei juridiske konsekvensane av å gjere det?

Kva ville du ha gjort?


Har du noko på hjartet? Send inn til tips(a)framtida.no!

Teikneserieforfattar Josef Yohannes (39) har sjølv vorte stoppa av amerikansk politi. Foto: Jørgen Storhaug