«Rasismen vil aldri verte nedkjempa utan kvite på vår side»

Debatt
Publisert
Oppdatert 08.06.2020 10:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Innlegget stod først publisert på Facebook, og er sett om og gjengjeve med velvilje frå forfattaren.

Eg vil dedikere denne til alle dykk.

Alle dykk som står på utsida av dette og er stille, som ikkje veit kva dykkar rolle er og som er redde for å snakke, fordi de er redde for å seie noko feil.

Alle dykk som halvhjarta har teke del av dette for syns skuld.

Det vil seie de som reiser til Afrika og tek nokre bilete med 15 sveltande barn for å legge på Tinder når de er heime att.

De som ikkje har lese eller prøvd å forstå, men som postar fordi de ikkje vil vere einaste som ikkje postar.

De som er med på demonstrasjon med ansiktet ned i telefonen og filmar fordi det er viktig at Snapchat veit at de var på demonstrasjonen.

Alle dykk som har teke ein stor del og vil ta ein ENDÅ større del. Til alle dykk og alle midt i mellom:

Slaveriet startar i USA i 1619. 

Kort fortalt: millionar vart stolne frå sine heimar, land, familiar og vart selde som slavar på eit språk dei ikkje ein gong forstod.

Torturerte, tvinga i umenneskeleg arbeid, valdtekne og sette i lenkjer (mellom anna).

Slaveriet vart (tilsynelatande/i teorien) oppløyst i 1865. Men same år kom segregeringa.

Segregeringa vart oppløyst (…) i 1954.

Frå 1954 har USA sine svarte innbyggjarar vore offer for gentrifisering, dødeleg politivald og eit rettssystem som er designa for å bure inne svarte – etter at dei har vorte nekta jobbar, skuleplass og ein sjanse til å tene ærlege pengar på same måten som kvite.

Ikkje for å gløyme! Kven bygde USA? Slavane. Ufrivillig vel og merke, men none the less faktisk.

Tenk å skulle verte på så mange måtar systematisert ut av eit land du aldri ba om å kome til, og som du SJØLV bygde? 

I dag vert svarte også tvinga inn i område med forureining (ein annan måte å verte drepen på), og dårlege nabolag kor politiet ikkje responderer til 911-calls.

Fredag 5. juni deltok tusenvis av nordmenn i demonstrasjonen «We can’t breathe – rettferd for George Floyd» utanfor Stortinget i Oslo. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

Sidenote: all denne informasjonen måtte eg lære sjølv (og seinare då eg studerer dette ved universitetet i Texas), fordi det ikkje har vore ein del av skulepensumet mitt i Noreg.

Kanskje fordi det vert rekna som viktigare å pugge kongerekka i Noreg på 1400-talet enn at vi skal lære om hendingar i verda for grufulle til å snakke om, som vi ikkje var ein del av å stoppe? Eg veit ikkje.

Eg synest likevel at Noreg i dag kan og bør spele ei stor og viktig rolle i det som skjer. Ikkje berre fordi eg har opplevd DAGLEG rasisme i Noreg, og fordi vi kanskje kunne vore i same båt om systemet vårt hadde vore like korrupt og ope for null konsekvensar slik det er i USA om vi hadde desse rasistiske menneska i autoritetsposisjonar/høgare makt.

Men, også fordi Noreg er eit veldig høgt respektert land i verda.

Trump hevdar Noreg er hans ideelle land. Då må Noreg VISE vår støtte for rørsla, vi må vise vår anti-rasisme, vi må skrike høgt så våre brør og systrer i USA høyrer oss.

Vi må vise Trump at berre fordi eit land har kvite innbyggjarar i fleirtal betyr ikkje det at landet godtek forskjellsbehandling og menneskeslakting.

Bilete frå demonstrasjonen fredag 5. juni «We can’t breathe – rettferd for George Floyd» utanfor Stortinget, i samband med George Floyds dødsfall. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

Personleg er eg, som de veit, både kvit og svart. Det har vore ekstremt vanskeleg for meg å finne mi rolle i verda. Eg forstår at andre slit med det same.

Eg forstår at mange ikkje veit kva dei skal seie, manglar kunnskap og lurer på korleis dei kan hjelpe. Eg har endeleg funne mi rolle (mykje takka vere mi tid i USA) som ein open stad for alle å kome til med spørsmål, tankar og fortviling. Eg meiner rasismen aldri vil verte nedkjempa utan kvite på vår side. Det hjelper ikkje å berre ikkje vere rasist, ein må vere aktivt IMOT rasisme.

«Det er ikkje kvite mot svarte, men oss mot rasisme».

Eg meiner det er viktig å lære kvarandre, ta kvarandre på ting og snakke med kvarandre om det som skjer.

JA, det er ukomfortabelt.

JA, mange vil kjenne på skuldkjensle for tidlegare tabbar.

JA, ein vil grine.

JA, det kunne vore meg.

JA, det kan ein dag vere meg.

Eg står sterkt i det, og eg står for å ikkje dømme kvarandre for fortida vår. Eg har i dag vennar som ein gong pleidde kalle meg for N-ordet med vonde intensjonar. I dag står dei ved mi side på Black Lives Matter-demonstrasjon. Det går an. Alle må med. Det er ikkje for seint å lære, forstå og delta.

Frå demonstrasjonen utanfor Stortinget i Oslo, fredag 5. juni. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Det er vondt å innsjå at ein har vore ein del av problemet, at ein har vore stille, redd eller at ein ikkje har brydd seg. Men det er BRA.

Om du kjenner det, så kan du gjere noko med det.

Eg er ikkje her for å peike fingrar, eg er her for å rekruttere. Eg ber dykk alle om å i det minste ofre dette ein tanke.

Kjenner du nokon som kunne brydd seg meir, kan du sjølv bry deg meir. ROP UT.

De kjenner alle meg. De har alle ein svart venn. De har alle ein svart favoritt-artist. De kjenner alle ein det KUNNE vore. De er alle menneske, og vi er alle eitt folk. Det er på høg tid vi beviser det.

Martin Luther King Jr. var i si tid i Oslo og mottok Nobels fredspris i 1964. Korleis kan vi som deler ut verdas fredspris ikkje vere ein stor arena for fredskjemparar? De er faktisk vår plikt, om vi liker det eller ikkje.

Martin Luther King kom saman med kona si Coretta Scott King til Oslo. Foto: Herman Hiller / New York World-Telegram/ Sun / Offentleg eigedom

Det er sjølvsagt vanskeleg for meg, og mine svarte vennar, å sitje med «jobben» av å lære andre å bry seg. Eg forstår korleis mine svarte vennar kan seie «det burde ikkje vore mi plikt å lære det norske folk å stå med oss», fordi det burde det ikkje vere.

Men på same måten vi ber dei om å forstå oss, må vi forstå dei.

Det er, som eg seier, vanskeleg å kjenne sin plass. No har vi gjort det tydeleg at deira, vår, ALLE sin plass er ute på feltet i striden.

«If not now then when? If not me then who?»

Ofte høyrer eg: «Nei, eg er ikkje eigentleg politisk interessert». Det handlar då verkeleg ikkje om politikk. Det handlar om rett og gale. Det handlar om SLAKTING. Det er vel ikkje eit politisk standpunkt å seie at 22. juli var feil? Det er fakta. Å «ikkje vere politisk aktiv» er ei lat, sliten, utdatert og egoistisk forteljarstemme.

Dette handlar om å stille saman som EITT folk.

2020 vil stå i historiebøkene, anten ein likar det eller ikkje. Når våre barn stiller oss spørsmål om det – kva vil vi seie?

Vil vi vere på riktig eller feil side av historia?

Skal vi ta stoltheit i å vere verdas beste land ved å vere stille, eller skal vi steppe up og BEVISE KVIFOR Noreg har fått den tittelen?

Skal vi fortene tittelen? HAR vi fortent tittelen?

Skal du og eg la kvardagsrasismen i Noreg gå oss hus forbi eller skal vi seie frå sjølv om det er ukomfortabelt?

Hjå meg kan de alltid kome. Her kan de alltid spørje og lære. Hjå meg kan de alltid lære meg det eg ikkje veit. Og eg håpar at hjå dykk kan eg også alltid spørje.

«In the end, we do not remember the words of our enemies. We remember the silence of our friends.»

Du kan banne på at det har såra meg meir å sjå mine kvite vennar stå stille ved sidan av meg når nokon ber meg «dra tilbake til Afrika», eller trugar meg med vald, eller spør om mor mi vart valdteken fordi dei kan umogeleg skjøne kvifor nokon har valt å «blande rasar», enn det det har å verte nekta inngang i ein butikk på grunn av hudfargen min.

Når alt det er sagt, så var det vondaste av alt å sjå min svarte kjærast i USA verte sett i handjern av politiet for ingenting og frykte for livet hans, høyre min gambiske far fortelje om folk i familien vår som vart henta som slavar, og å høyre vennen min i USA fortelje om den gongen politiet sette fire kuler i han fordi han hadde på seg hettegenser og såg farleg ut.

DET var vondt.

Og det burde vere vondt for ALLE.

Frå demonstrasjonen utanfor Stortinget i Oslo, fredag 5. juni. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Og de som faktisk har ein fordel ved at stemmene dykkar ber ei høgare røyst: BRUK den.

Til min norske familie og mine norske vennar: Eg lovar å vere meir open og ærleg om mine opplevingar, og eg håpar de kan love meg dykkar støtte. Eg er lei av å grine åleine.

Vi må aldri gå i fella og tenkje at vi ikkje får gjort noko. Er de ein Trump og seier vi må la dette gå, eller er de ein Obama og seier YES WE CAN?


Har du noko på hjarta? Send til tips(a)framtida.no!