Denne månaden er den første «Black History Month» i norsk historie blitt arrangert. Men treng me ein slik månad i Noreg?

Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 20.10.2020 08:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Her i Vesten har me aldri teke eit bevisst oppgjer med rasisme på same linje som ein gjorde med andre verdskrig. Me vil snakka om kva utfordringar me har i Noreg og kva umedvitne og medvitne bias (norsk: slagsider) me har her i landet. 

Det seier Ida Evita de Leon, initiativtakar bak «Black History Month Norway».

Saman med OMOD Organisasjonen mot offentlig diskriminering, ein av Noregs fremste borgarrettsforkjemparar, arrangerer ho i år eit månadslangt arrangement for å løfta «den svarte historia» til Noreg.

– Mange trur me ikkje har noko norsk «black history», men det har me – meir enn eg trudde, slår de Leon fast. 

Femti år med svart historie

I februar var det «Black History Month» i USA som det har vore sidan 1970, og før det «Negro History Week» sidan 1926. I Europa er oktober månaden.

Carter G. Woodson starta rørsla fordi han ville utfordra storsamfunnet sin idé om at «svarte» ikkje hadde historie av verdi for storsamfunnet. Dimed byrja han samle inn og ta vare på svart historie og kultur i USA.

I USA har dei hatt slaveri, segregering og borgarettsrørsla med Martin Luther King i spissen. Ein månad for å minnast denne historia, har nok for mange framstått som heilt naturleg.

Tidlegare har African history week Norway blitt arrangert, men denne oktobermånaden er første gong Noreg har sin eigen «Black History Month».

– Me manglar ei forståing for at me skapar historie no. Då blir ho ikkje anerkjent og ein ser ikkje kva fleirkulturelle har bidrege med, seier Ida Evita de Leon. Her opnar ho den norske «Black History Month». Foto: Alier Ajak

Korleis er det å vera svart i Noreg i dag?

Med prosjektet vil Ida Evita de Leon setje fokus på kva «svart kultur» er i Noreg i dag.

– Me vil fremja våre idol, våre narrativ og synleggjera at me er positive førebilete i det norske samfunnet me også. Me bidreg masse.

Særleg viktig er det at melaninrike sjølv skal ta debattane og snakka om det. 

– Me vil ikkje at det skal vera ovanfrå og ned. Eg er så lei av å bli snakka om og at me ikkje får fram eigne stemmer på eigne premiss. Dette skal vera om og av oss. Ikkje eit heilkvitt panel som snakkar om ei gruppe som ikkje er tilstades. Me må få eiga og styre vårt eige narrativ. 

Bilete frå norske «Black History Month». Foto: Alier Ajak

Historier for ettertida

Ho fortel om stappfulle arrangement, samtalar som ingen vil avslutta og eit stort behov for ein arena til å diskutera dette dei siste vekene.

– Eg trur verkeleg me har truffe ei nerve.

I prosessen har det også kome fram kor mykje historie og erfaringar som eigentleg finst i Noreg. Og kor lite som er teke ordentleg vare på.

Eg føler eg er ein datamaskin som er overfull. Eg sit igjen med utruleg mange historier. Ganske mange positive historier og også mange vonde, såre opplevingar. Det er rett og slett veldig mykje inntrykk, seier Ida Evita de Leon.

Blant anna har ho fått vite at det norske nasjonalbiblioteket ikkje har dokumentert norsk svart historie skikkeleg.

– Det trudde eg ikkje. Me har ei norsk historie, men den er ikkje registrert.

Nasjonalbiblioteket vil styrka arbeidet

Nasjonalbiblioteket fortel at dei har samla kjelder som aviser, fotografi, meldingar, illustrasjonar og meir som kan gi grunnlag til å forstå meir av den svarte historia i Noreg.

No vil dei gjerne kome i kontakt med arkiveigarar som kan styrka dokumentasjonen av norsk svart historie i Noreg, og har bede om eit møte med «Black History Month Norway».

Og nettopp historiene er eit av dei store argumenta til deLeon til å halde fast ved arbeidet. 

Ida Evita de Leon fortel til dømes om borgarrettsarbeidet i Noreg, som svært få veit særleg om.

– Det trur eg er farleg fordi ein ikkje ser utviklinga og kampane som har blitt kjempa. Me har faktisk ei eiga norsk svart historie og norske svarte forbilder, men historiene kjem til å døy ut snart om ingen dokumenterer dei.

«Black History Month Norway» brukar sosiale medium både for å formidla og innhenta informasjon:

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Hva er det med samtiden vi bør ta tak i og endre for oss og neste generasjon? ?#BHMnorge #bhmnorway

Et innlegg delt av Black History Month Norway (@bhmnorway)

Vil dokumentera norsk, svart historie

Eitt av dei viktige prosjekta framover, vil difor vera å kartlegge og dokumentera historiene. Gjennom generasjonsintervju, videointervju og historiske dokument.

Ida Evita de Leon omtalar seg sjølv som ein historienerd, og trur det er noko av grunnen til at dette med historiene har blitt så viktig for henne.

– Eg meiner det er viktig å forstå historia, for å forstå oss sjølv. Mi interesse for historie har inspirert meg til å ta plass, fordi eg har sett at det har funka med kvinnekampen til dømes. Eg håpar ei historieopplysing kan motivera folk til å sjølv vera med på å vera endringane som trengst.

Framover håpar ho også at prosjektet kan bli ein arena for samhald og korleis ein saman kan utfordra strukturelle utfordringar i dag.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Norge anno 2012: Her ser du bla. tegninger fra Tøyen, men bildene er #blendahvite. Reklamer sender oss budskap og representerer på mange måter den rådende ideologien i samfunnet. Hva gjør det med oss å kun se hvite mennesker og hvite spaces? Hva gjør det med oss å ikke se forbilder som likner oss selv utseende messig? #foodforthought ____ Hvor mange flerkulturelle bor i land vi ser for oss i hodet er «all white». Flerkulturelle er over alt, hvite også. Er det slik at hotell-staffet der du reiser representerer befolkningssammensetningen tror du? _____ Har vi blitt bedre på representasjon i Norge? Kan vi bli bedre? _____ #representasjonerviktig #representationmatters #bhm #BHMnorge #BHMnorway

Et innlegg delt av Black History Month Norway (@bhmnorway)

Camara Lundestad Joof. Foto: Mone Celin Skrede