UiO kalla nynorsk for «øvrig skandinavisk språk»: – Veldig klønete formulering

Twitter rasa etter at Universitetet i Oslo opna for at studentar kunne levera eksamen på bokmål, engelsk eller «øvrig skandinavisk språk (nynorsk/svensk/dansk».

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Måndag 4. mai delte Twitter-brukaren Sigrid Sofia følgjande melding på Twitter:

Meldinga var ein skjermdump frå faget IN1000 – Introduksjon til objektorientert programmering ved Universitetet i Oslo.

Reaksjonane har ikkje latt venta på seg. Fleire lurer på om det er ein spøk, ein brukar er «mållaus» og ein annan kallar UiO for «Ugreitt i Oslo».

Språkdirektøren:– Klønete formulering

Språkdirektør Åse Wetås har fått med seg Twitter-debatten og tykkjer det er ei veldig uheldig og klønete formulering.

– Nynorsk og bokmål er to likestilte norske skriftspråk som har ein anna status enn dei øvrige skandinaviske språka, så dette var ei veldig klønete formulering, seier Wetås på telefon til Framtida.no.

Ho meiner dei sjølv må ta stilling til om det var eit enkelttilfelle eller symptom på språklege holdningar hjå universitetet.

Twitter-brukaren Sigrid Sofia kan seinare opplyse om at formuleringa er korrigert:

– No har dei fått kritikk og retta det opp, men ein vitskapeleg institusjon som har eit lovpålagt ansvar for å styrka norsk språk bør kvalitetssikra slike utsegn, understrekar språkdirektøren.

Opprørt studentmållag

På grunn av den ekstraordinære koronakrisa har Universitetet i Oslo vedteke at eksamen kan verte gitt på berre éi målform, noko som har vakt reaksjonar i målrørsla.

– UiO følgjer ikkje Mållova til vanleg. At dei synest det er greitt å unnvika ei lov dei ikkje følgjer er ganske hinsides. Det at dei tek seg tida til å følgje opp dette unntaket viser at dei ikkje gidd, har tid eller lyst til å oppfylle lova, sa leiar i Studentmållaget i Oslo, Jonas Økland til Framtida.no i april.

Leiar i Studentmållaget, Jonas Økland, (t.v) reagerer på at Universitetet i Oslo opnar for å gje studentar som Vegard Enerstvedt (t.h) eksamen på berre éi målform. Foto: Privat

UiO fekk på si side støtte av kunnskaps- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim, som var oppteken av at institusjonane sjølv skal ha fridom til å gjere unntak for enkelte krav i visse tilfelle.

Språkrådet er uroa

Direktør i Språkrådet, Åse Wetås, meiner Universitetet i Oslo tek feil når dei tolkar lova slik at dei kan gjere unntak for retten til eksamen på begge målformer under koronakrisa.

Ho peikar på at mange universitet også tilbyr oppgåver på engelsk, trass i at det berre er nynorsk og bokmål som er kravet.

– Om dei har ressursar til å gje eksamensoppgåver på engelsk, til stor nytte for engelskspråklege studentar, så bør dei òg kunne greie å lage eksamen i tråd med lovverk og retningslinjer på norsk, seier Wetås.

Dierktør i Språkrådet, Åse Wetås, tykkjer det er vanskeleg å sjå at UiO har tolka forskrifta rett. Foto: Språkrådet

Ho meiner at universiteta bør ha på plass gode rutinar for eksamensavviklinga at det ikkje bør kome brot på Mållova, men er merksam på at det kan skje.

– Det er ikkje til å stikke under stol at i situasjonar der ein gjer språkval raskt så kjem ofte nynorsken dårlegast ut og det tålar ikkje den språklege jamstellinga. Om dei skal tilby eksamen på berre éi målform, så kunne dei i det minste sikra at annakvar målform vert nytta annakvar gong, seier Wetås.

Ho meiner ei slik ordning i større grad ville sikra at intensjonen i Mållova vart ivareteke.

Språkrådet fryktar i likheit med målrørsla at nynorsken ville lide, sjølv om avdelingsdirektør ved studieadministrasjonen ved Universitetet i Oslo, Hanna Ekeli understreka at det ikkje er gitt at det vert nynorsken som må vike.

UiO: – Ei uheldig formulering

Avdelingsdirektør for studieadministrasjonen ved Universitetet i Oslo, Hanne Ekeli. Foto: UiO

I ein e-post til Framtida.no skriv Ekeli at teksta på nettsidene deira var feil og ikkje i samsvar med retningslinjene deira.

– Dette gjeld èin tekst på eit kurs i informatikk. Det var ei uheldig formulering som vi er glade for at vart retta opp.

– Kjem eksamen på IN1000 til å vere tilgjengeleg på nynorsk?

– Det er ikkje gitt eit generelt fritak frå forskrifta om målform i eksamensoppgåver. Det er opp til fakulteta å ta stilling til eventuelle unntak frå kravet om eksamensoppgåver på begge målformer. I tilfelle der utarbeidinga av eksamensoppgåver på begge målformer blir særleg krevjande, kan eksamen bli gitt på enten nynorsk eller bokmål. Det skal framleis vere eit unntak å lage eksamensoppgåver på berre ei målform, forsikrar Ekeli.