Yrket mitt: Mari (25) er advokat

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg har alltid vore svært glad i kombinasjonen språk, problemløysing og å kunne arbeide med menneske, forklarar advokatfullmektig Mari Karoline Mellingen.

Norsk var favorittfaget til 25-åringen frå Radøy gjennom ungdomsskulen og starten på vidaregåande, før ho på VG2 oppdaga eit heilt nytt fag.

– Då eg gjennom valfaget rettslære på VG2 oppdaga at rettsvitskapen kombinerte skrivinga med å løyse praktiske problemstillingar og konfliktar, blei valet av vidare studieretning enkelt.

Populær prestisjeutdanning

Rettsvitskap har i mange år vore blant dei mest populære utdanningane. I 2020 var det 1968 søkjarar som hadde rettsvitskap ved Universitetet i Bergen som sitt førsteval. Studiet er litt meir populært enn same studieretning ved Universitetet i Oslo og litt mindre enn siviløkonomutdanninga ved NHH.

Det var ved UiB at Mari Karoline Mellingen tok sin master i rettsvitskap før ho gjekk ut i arbeidslivet.

– Førebudde utdanninga di deg på yrket?

– Er det lov å seie nei? Reint fagleg førebudde utdanninga meg sjølvsagt ein god del, men når det kjem til kva advokatyrket inneber i praksis, er avstanden ganske stor frå lesesalen til kontoret, skriv Mellingen, som utdjupar:

– Til dømes var konfliktmekling og den praktiske gjennomføringa av ei rettssak forsvinnande lite i fokus under studiet.

Det juridiske fakultetet ved Universitetet i Bergen husar ei av Noregs mest populære utdanningsretningar. Foto: André Kvalvågnes, UiB

Ein forsmak på advokatyrket

Heldigvis var ho ein av dei studentane som fekk arbeide eitt år som sakshandsamar i Jussformidlingen som ein del av studieløpet.

– Saman med dei andre studentane som arbeidde der, fekk eg då yte gratis rettshjelp til privatpersonar på ei rekkje ulike rettsområde. Me fekk våre eigne klientar, og eg var med på alt frå arbeidsforhandlingar i oppseiingssaker til meklingar i Husleietvistutvalget, fortel Mellingen.

– Året gav meg slik ein forsmak på advokatyrket, som har vist seg svært nyttig i etterkant. Overgangen frå studie til jobb har også i stor grad blitt letta av dei gode kollegaene mine på den noverande arbeidsplassen min, som er flinke til å følgje meg opp og leggje til rette for læring.

Ein ny funksjon på kopimaskina

– Kort oppsummert: Korleis ser ein vanleg arbeidsdag ut?

– Det høyrest kanskje ut som eit standardsvar, men som advokatfullmektig er ingen dag lik. Arbeidsdagen kan innebere alt frå å møte i retten, skrive brev i saker og gå på synfaring til å ha møte med klientar og lese seg opp på eit nytt rettsområde, skriv 25-åringen, som presiserer:

– Mesteparten av tida er ein sjølvsagt på kontoret og arbeider med dei ulike sakene ein er ansvarleg for, men variasjonen i kvardagen kan absolutt vere stor. Variasjon vil det jo også vere i dei ulike sakene, og det går nesten ikkje ein dag utan at eg lærer noko nytt – det vere seg anten om det nye er fagleg kunnskap om juss, forhandlingsteknikk eller berre at eg oppdagar ein ny funksjon på kopimaskina.

Praktisk arbeidskvardag

– Svarte det til forventningane?

– Både ja og nei.

– Det som ikkje svarte til forventningane var i så tilfelle positivt. På studiet blei eg nemleg fort letta over at det ikkje berre var nokre få fag eg fant spennande, men at dei aller fleste rettsområda hadde noko ved seg som fanga interessa mi. Eg overraska meg sjølv fleire gonger ved å ende opp med å like fag som eg i forkant hadde tenkt ville keie meg.

Mellingen vart også overraska over kor praktisk rettsvitskap eigentleg er.

– Fordommane er gjerne at denne studieretninga berre er svært mykje lesing og pugging, og det er det jo, men eg kan telle på ei hand kor mange gonger me fekk reine teorioppgåver på eksamen. I staden fekk me mykje trening i å bruke kunnskapen me tileigna oss til å skrive og løyse oppgåver med fiktive partar og tvistar. Dei praktiske sidene av det å være jurist, har vist seg også å vere framtredande i yrkeslivet.

Vanskeleg å leggje frå seg arbeidet på jobb

Variasjonen og moglegheitene til å stadig lære seg noko nytt er noko av det 25-åringen likar best ved yrket sitt, men det er ikkje det einaste.

– Ikkje minst er det givande å ha eit yrke der ein arbeider så tett på mellommenneskelege relasjonar, understrekar ho.

Noko av det som er mest utfordrande med yrket er òg noko av det Mellingen meiner gjer det så givande.

– Som ganske fersk i yrket, er nok noko av det vanskelegaste å klare leggje frå seg sakene når eg går heim for dagen. Samstundes håpar eg ønsket om å arbeide så samvitsfullt og godt som mogleg, ikkje er noko eg veks av meg med tida. Som advokat har ein ofte eit stort ansvar for og påverknadskraft på liva til både klientar, motpartar og andre.

Mari Karoline Mellingen (25) trivst godt i jobben som advokatfullmektig i Mæland & Co AS. Foto: Privat

Treng mangfald

– Kven passar yrket for?

– Eg håpar og trur at det er ei myte at advokatyrket berre passar for ein spesifikk type menneske. Mitt inntrykk er at det er plass til mange ulike typar personlegdommar med ulike bakgrunnar, og at nettopp eit slikt mangfald kan vere med å utvikle advokatstanden i positiv retning, svarar Mellingen.

Det er likevel nokre trekk som kan kome godt med:

– Nokre eigenskapar eg likevel vil trekkje fram er evna til å være open og ærleg i møte med både klientar, motpartar og andre aktørar. Ei ibuande interesse og nysgjerrigheit for faget kan òg vere viktig.

25-åringen påpeikar at dette er vikig fordi jussen er i stadig utvikling, og ein kan ikkje seie seg ferdig med å lære nye ting etter studieløpet er over.

– Til slutt vil eg leggje til tolmod og ro til lista over eigenskapar som kan gjere det lettare å stå i dei tvistane som ein, nok i større grad enn elles, møter i dette yrket.

Les nyheiter!

Mellingen meiner at rettsvitskap ikkje er eit skippartakstudie og rår ungdom som vel studiet til å skaffa seg gode studievanar tidleg.

– Eit anna tips må vere å finne ein del av jussen som du engasjerer deg for og å halde seg oppdatert i nyhendebiletet.

Den 25 år gamle advokatfullmektigen fortel at det er lurt, fordi ein plutseleg kjem til å oppdage kor stor del av kvardags- og samfunnslivet som er gjennomsyra av eller har bakgrunn i juss.

– For min del var i alle høve dette svært nyttig og motiverande. Til dømes enda interessa mi for arbeidstakarar sine rettar som eg hadde fått gjennom å vere tillitsvald på deltidsjobben min, opp med å gje meg temaet for masteroppgåva mi.

– Kva er det mest utrulege som har hendt deg på jobb?

– Der er eg nok under teieplikt, hehe.

Nynorsk konfliktløysing

For Mellingen er det viktig å vere med på å synleggjere og fremje nynorsk som rettsspråk i eit elles svært bokmålsdominert yrke. Elles er draumen å halde fram med å utvikle seg fagleg og profesjonelt, slik at ho kan gjere ein så god og tillitsvekkjande jobb som mogleg for dei ho representerer.

– Eg vil i alle høve arbeide for mest mogleg konfliktløysing gjennom mekling, slik at partane i så stor grad slepp å gjennomføre fordyrande og mogleg emosjonelt utfordrande rettssaker.

Karen Anna Kleppe starta på Nynorsk Mediesenter hausten 2017. I vår fekk ho fast jobb i TV2. Foto: privat

Mari Karoline Mellingen

Alder: 25 år

Frå: Radøy, Alver kommune

Yrke: Advokatfullmektig i Mæland & Co AS

Utdanning: Integrert master i rettsvitskap ved UiB