Utval vil ha færre timar framandspråk på vidaregåande
Lied-utvalet foreslår å kutte i talet på timar med tysk, fransk og spansk i vidaregåande. Språklærarar er bekymra for nivået blant norske elevar.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det regjeringsoppnemnde Lied-utvalet skal foreslå endringar i den vidaregåande opplæringa. Dei foreslår at timetalet med framandspråk blir redusert, utan å gå nærare inn på kor stor reduksjonen skal vere.
I tillegg foreslår utvalet at elevar som ikkje har hatt framandspråk på ungdomsskulen berre treng å ta to år framandspråk på vidaregåande, ikkje tre, som i dag.
Tyskforum reagerer
Andrea Vaske, leiar i Tyskforum som er foreininga til norske tysklærarar, meiner det er heilt bakvendt å kutte ned på talet på timar i eit samfunn der internasjonale relasjonar er viktigare enn nokon gong.
– Forslaget strid med uttalte mål frå styresmaktene om at norske elevar skal lære seg å snakke minst eitt framandspråk godt nok, ved sida av engelsk. For å komme opp på eit visst nivå, blir det òg kravd nok timar med øving og undervisning, seier Vaske til Aftenposten.

Unio-leiar Ragnhild Lied har leiar arbeidet til Lied-utvalet.Foto: Bo Mathisen
Vil satsa på engelsk
Unio-leiar Ragnhild Lied, som har leia utvalet, seier forslaga om redusert timetal i framandspråka må sjåast i samanheng med mellom anna behovet for auka engelskkunnskapar.
– Norske elevar sluttar med engelsk allereie etter første klasse på vidaregåande. Når dei byrjar på høgare utdanning, er det mange som har svake formelle engelskkunnskapar, seier Lied.
________________________________________________
- Les også innlegget frå Tomine Berge: Seks tips til deg som vil læra eit nytt språk