Tomine Berge
Publisert
Oppdatert 20.02.2020 10:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eg håpar desse tipsa kan hjelpe deg litt i gang, og sjølv om det kan virka vanskeleg i starten, går det lettare etter kvart.

Å læra eit nytt språk opnar ei ny verd for deg. Det gjer det mogleg å kommunisera med lokalbefolkninga på ein heilt ny måte, og difor vert du også tatt i mot på ein annan måte.

Folk er gjerne hyggjelegare og litt meir gjestfrie dersom dei skjønar at du faktisk gjer ein innsats for å læra språket deira.

Grunnen til at eg sjølv lærer meg andre språk er at eg lengtar etter å verte kvitt «turistkjensla». Eg vil koma inn under huda på landet eg reiser til, og då tykkjer eg ikkje engelsk alltid strekk til. Spesielt ikkje dersom nesten ingen snakkar det i landet du ynskjer å reisa til.

Her har eg samla nokre tips som kan hjelpa deg litt på veg:

1. Last ned Duolingo

Denne appen gjev deg ei heilt utruleg moglegheit til å læra eit nytt språk, gratis, når og kor du vil.

Duolingo-ugla kan verke litt truande dersom du ikkje gjer dagens oppdrag, men dette hjelper deg samstundes med å halde motivasjonen oppe.

I tillegg har dei, som Snapchat, ein «streak-funksjon». Denne er det trist å mista!

2. Utforsk Netflix

…eller den den straumetenesta som du likar best.

Sjølv om Hollywood stadig leverer nye, amerikanske seriar, er det mange gode filmar på andre språk enn engelsk. Søk deg litt rundt etter seriar på språket ditt, og sjå om du finn ein du synest er gøyal. Kanskje finn du til og med ein ny favorittserie?

Akkurat no følgjer eg med på serien «Plan cœur», eller «Operasjon: Forelskelse» som han heiter på norsk:

3. Høyr på podkast om språket ditt

Eg kan sjølv anbefala «coffee break •••» og Duolingo sin eigen podkast, men moglegheitene er uendelege.

Både på podkast-appen, Spotify m.fl. har dei ein heil haug, så det skal ikkje vera vanskeleg å finne ein som passar for deg! Det er også forskjellige nivå, slik at det finst eit alternativ for alle.

4. Les bøker

Okei, kanskje dette er litt vanskeleg akkurat på byrjarstadiet. Men det er i orden å byrja med mindre avanserte bøker, eller bøker meint for deg som vil lære eit språk frå byrjinga. Her er barnebøker heilt innanfor, ein treng ikkje byrja rett på Game of Thrones.

Det store internettet er også din ven, og ein lærer mykje av å til dømes lesa nyheiter på eit anna språk.

5. Tenk

Dette høyrest kanskje litt rart ut, men tru meg, det er rein magi.

Dersom du tenkjer (eller snakkar) på språket du ynskjer å læra med deg sjølv i eit kvarter kvar dag, kjem læringa di til å skyta til vêrs. Du kan til dømes gjera det medan du køyrer bil, dusjar eller smørjer deg ei brødskive. Kva tyder desse orda på språket du ynskjer å læra?

6. Snakk

Det er ingen løyndom at for å læra mest mogleg, må ein også prata mest mogleg. Då er «language exchange» supert, dersom du ikkje kjenner nokon som snakkar språket ditt allereie.

Ein finn fleire sider på internett som tilbyr dette, der ein kan snakka med menneske over heile verda, og utveksla språkkunnskapar.

Då kan du læra språk av andre, og du kan læra dei eit språk tilbake. Altså, ein vinn vinn situasjon!

LES OGSÅ: Oui, oui, monsieur, meir framandspråk, takk! Med dette innlegget vann Tomine Berge skrivekonkurransen til Framtida.no våren 2018.

Tomine Berge går på TAF elektro på Knarvik vidaregåande. Foto: Øyvind Engevik