Berre éin prosent av amerikanske politibetjentar som drep i tenesta vert sikta

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 04.06.2020 10:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Måndag denne veka vart 46 år gamle George Floyd arrestert fordi han skal ha freista å betale med ein falsk 20-dollarsetel på butikken i heimbyen Minneapolis.

Fire politimenn pågreip Floyd, som vart lagt i bakken med handjern. Medan han låg på bakken sat ein polititenestemann med kneet på halsen til Floyd i åtte minutt. Videoen av opptrinnet viser Floyd som seier «I can’t breathe» før han til slutt mistar bevisstheita og vert henta av ambulanse. 46-åringen vart erklært død på sjukehuset.

Kort tid etter vart dei fire politimennene oppsagde, men er ikkje sikta for forholda.

Først fredag morgon vart politimannen Derek Chauvin arrestert og sikta for uaktsomt drap, medan dei tre andre ikkje har vorte sikta for forholdet.

FN: – Prosedyrane må endrast

Mangelen på konsekvensar for politimennene har opprørt innbyggjarane i Minneapolis der det har brote ut valdelege opptøyer dei siste dagane.

Fleire personar er vorte skotne og demonstrantane sette fyr på ein politistasjon.

FNs høgkommisær for menneskerettar,Michelle Bachelet. Foto: Gobierno de Chile

I går var FN ute og ba amerikanske myndigheiter ta grep for å stogga politivalden, samt sikra rettferd for offera.

– Prosedyrane må endrast, førebyggjande tiltak må iverksetjast og framfor alt må polititenestemenn som tyr til overdriven maktbruk siktast og dømmast for dei kriminelle handlingane, seier FNs høgkommissær for menneskerettar, Michelle Bachelet, i ei pressemelding.

Ho ba også demonstrantane om ikkje ty til vald for å uttrykke meiningane sine, samt politiet om å ikkje eskalere situasjonen med overdriven maktbruk.

Tre gongar så sannsynleg at svarte vert drepne av politiet

Hendinga er langt frå unik. I 2019 vart 1099 personar i USA drepne av polititenestemenn, ifølgje mappingpoliceviolence.org.

Svarte amerikanarar utgjorde 24% av dei drepne, trass i at dei berre utgjer 13% av den amerikanske befolkinga.

Svarte har kring tre gongar så stor risiko for å verte drepne av politiet i USA, som det kvite har, ifølgje nettstaden.

I perioden 2013-2019 vart berre èin prosent av polititenestemenn som drap i tenesta, sikta for forhaldet.

I tillegg til Floyd løfta FNs høgkommissær for menneskerettar saka om 26 år gamle Breonna Taylor, som vart skoten og drept i heimen sin i Louisville, Kentucky, 13. mars i år.

Bachelet namngjev også Eric Garner og Michael Brown, som begge var ubevæpna då dei vart drepne av polititenestemenn i 2014.

– Gjennomgripande rasediskriminering

Michelle Bachelet løftar òg sakene til Trayvon Martin (17), som i 2012 vart skoten og drept av ei bevæpna nabolagsvakt og Ahmaud Arbery (25) som i februar vart jakta på og drepen medan han var ute på joggetur i heimstaten Georgia.

Ho meiner at for mange av sakene har vorte rettferdiggjort på tvilsamt grunnlag og ikkje fått tilstrekkeleg konsekvensar.

– Rolla som grunnfesta og gjennomgripande rasediskriminering spelar i slike dødsfall må òg bli fullt ut undersøkt, anerkjent og handsama, understrekar høgkommisæren.