Tusen nye fagskuleplassar over heile landet

Fagskular over heile landet får midlar frå regjeringa til å opprette nye studieplassar allereie til hausten. Pengane skal gå til tusen nye studieplassar i høgare yrkesfagleg utdanning.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim. Foto: Kunnskapsdepartementet

– Arbeidslivet har stort behov for fleire fagutdanna. For regjeringa har det vore viktig å auke både kvaliteten og kapasiteten i fagskulane på ein god måte. Eg håper både unge fulltidsstudentar og eldre arbeidstakarar nyttar seg av det gode fagskuletilbodet vi har frå hausten av, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim.

I forslag til revidert nasjonalbudsjett for 2020 har regjeringa foreslått å løyve midlar til 1.000 nye studieplassar i høgare yrkesfagleg utdanning.

I mai blei fylkeskommunane bedt om å melde inn kvar det var behov for nye fagskuleplassar og kor mange dei hadde kapasitet til å oppskalere. Totalen på dei innmelde plassane var 1.738.

– Imponerande

Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning (Diku) har no fordelt studieplassane til fylkeskommunane.

– På rekordtid har fylkeskommunane saman med fagskulane og partane i arbeidslivet lokalt, funne fram til tilbod som arbeidslivet har behov for, og som fagskulane har kapasitet til å oppskalere. Det er ekstra imponerande at fagskulane er i stand til å styrkje tilbodet sitt så mykje på så kort tid, seier Diku-direktør, Harald Nybølet.

Direktør Harald Nybølet er imponert over fagskulane. Foto: Tove Breistein

Ettersom ein stor del av studieplassane er til deltidsutdanningar, vil plassane kunne komme 1.800 studentar til gode frå hausten 2020. Dei fleste studieplassane går til tekniske fag, helsefag og økonomisk-administrative fag.

Slik blir den fylkesfordelinga på studieplassar:

Agder 35, Innlandet 82, Nordland 22, Oslo 115, Rogaland 75, Troms og Finnmark 63, Trøndelag 186, Vestfold og Telemark 139, Vestland 107 og Viken 176.

Les til dømes om kvardagen som automatikar: – Eg hadde høyrd at automasjon var både spennande og variert, noko som viste seg å stemme på ein prikk, seier Odd-Helge (20)

Odd-Helge Juva skal konkurrere i automasjon i yrkes-EM i Graz i januar saman med makkeren Sigurd Hatlen. Dei to vann NM i 2018 og konkurrerte i VM i Kazan, Russland i 2019. Foto: Privat