Lånekasse-støtte for utanlandsstudiar også til hausten

Regjeringa legg opp til at studentar og utvekslingselevar kan få lån og stipend neste semester sjølv om dei kanskje ikkje får starte opp att med utanlandsstudiane reint fysisk på lærestaden.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Strenge innreiseforbod kan hindre studentar og elevar frå å reise til studielandet også til hausten. Det betyr at mange kanskje må starte studieåret med å bu heime hos foreldra sine.

– Vi håpar at kvardagen snart er tilbake, men inntil vidare må vi planleggje for at det kan bli vanskeleg å reise ut igjen til hausten, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim.

Får støtte sjølv om ein startar studieåret heime

Mange av utanlandsstudentane er midt i ei utdanning dei skal tilbake til, samtidig som nye studentar ønskjer å reise ut for å starte opp eit studium i utlandet.

– No vidarefører vi unntaket frå regelverket for å få utdanningsstøtte for desse studentane, slik at dei kan planleggje for å fortsetje studiane sine sjølv om vi ikkje veit korleis koronasituasjonen vil utvikle seg til hausten, seier Asheim.

Reglane inneber at utanlandsstudentar og utvekslingselevar på vidaregåande som må starte studieåret med å bu heime hos foreldra på grunn av koronapandemien, vil ha rett til stipend og lån.

Digital utanlandsundervisning

For hausten 2020 vil retten til lån og stipend vere uavhengig av om ein reiser til studiestad eller skule allereie ved semesterstart.

Truleg vil mange studiestader i utlandet gjere tilpassingar slik at dei norske studentane kan følgje undervisninga digitalt.

Forslaga til endringar i studiestøtta til utanlandsstudentar skal ut på høyring før sommaren. Det er for å sikre at endringane trer i kraft før semesterstart.

Lindah Chido Matsapa, Sait Matty Jaw og Mostafa Elsayed Hussin har alle fått ein av dei ettertrakta plassane i Students at risk-ordninga. Foto: Privat/UiB