logo-framtida Nyhende- og debattavisa for unge
MENYLUKK
  • Samfunn
  • Kultur
  • Skule og jobb
  • Natur og miljø
  • Magasinett
  • Quiz
  • Meining
  • Om oss
  • Skribentar
  • Nettstadskart
  • Nyhendebrev
  • Tema
TIPS OSS
  • Samfunn
  • Kultur
  • Skule og jobb
  • Natur og miljø
  • Magasinett
  • Quiz
  • Meining
TIPS OSS
For å bli buddhistmunk må ein ha fylt 20 år, men allereie som sjuåringar kan unge gutar bli noviser. Her studerer aspirerande munkar ved Molilokayaram Educational Institute i Bangkok, Thailand, etter at alle skulane i landet måtte stenge før skuleferien på grunn av koronapandemien. Foto: AP Photo/Gemunu Amarasinghe

Slik ser den nye skulekvardagen og -avslutninga ut verda over

Verda over er elevar og studentar på veg tilbake på skulebenken og skal feira avslutta skulegang. Sjå bileta av korleis det ser ut.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert 29.05.2020 08:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fredag 13. mars stengde norske skular og barnehagar, noko som førte til mange lange dagar med heimekontor og heimeskule.

Ikkje før 27. april var dei minste elevane og nokre yrkesfagelevar tilbake på skulen. Først frå 11. mai opna skulane for alle norske elevar, men det er ein annleis kvardag. Eksamen er for lengst avlyst, elevane må halde avstand og russen jobbar framleis med å ta att den tapte feiringa.

Russefeiring i Noreg

Årets russekull har fått sjeldan mykje omtanke, mellom anna av helseminister Bent Høie, som takka dei spesielt i sin tale til ungdommen.

Russetida er vanlegvis ferdig 17. mai, men politiet fortel at russen er seige denne våren og no samlast i større grupper for å feire.

Lisa, Hedda og Anjali står med éin meters avstand i ei rundkøyring i Lillestrøm, dei skålar kvar gong nokon tutar i bilhornet.
Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Privatisteksamen i idrettshall

Då regjeringa avlyste alle eksamenar på grunn av koronakrisa frykta mange for dei 8000 privatistane, som har brukt året til å førebu seg til sine 19.000 eksamenar.

– Regjeringa må lage ei forsvarlig ordning for privatistar, lynraskt. Dei kan ikkje forvente at ungdom skal sette eit heilt år på vent, sa påtroppande leiar i Elevorganisasjonen, Kristin Schultz, til VG.

Det vart det og slik ser ein norsk privatisteksamen ut under koronakrisa 2020:

Vallhall Arena i Oslo er ein av fleire stader som blir nytta som eksamenslokale for mange av dei om lag 19.000 eksamenane som skal takast av 8000 privatister våren 2020. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Graduation i USA

USA har framleis flest koronasmitta i verda, noko som påverkar årets avgangskull.

Avgangsseremoniane er ein stor overgangsrite i amerikanarane sitt liv og mange er frustrerte over virtuelle avgangsseremoniar.

På Change.org er det tusenvis av underskriftskampanjar knytt til graduation-seremoniane, der mange tek til orde for å utsetje heile feiringa. Nokre gjennomfører likevel nesten som planlagd.

Avgangselevar frå Spain Park High School står på ein baseballbane i ein avgangsseremoni i Hoover, Alabama, onsdag 20. mai. Helsemyndigheiter fryktar seremoniane kan medføre smitterisiko, men skulane freistar å gjennomføre dei med smittevernsreglar. Foto: AP Photo/Jay Reeves

Avgangselev ved Dakota Garrett er ferdig med skulegangen ved Port Aransas High School i Texas og vert fotografert omkrinsa av konfetti av ei venninne laurdag 23. mai 2020. Foto: AP Photo/Eric Gay

Høgare status for sjukepleiarstudentar

I Noreg har rekordmange søkt høgare utdanning og heile éin av fire har helsefag som førsteval. Éin av ti søkarar til høgare utdanning i Noreg har sjukepleie som førsteval, melder NRK.

Verda over får helsefagarbeidarar applaus, noko som òg påverkar helsefagstudentane.

Tilsette ved Kramer School of Nursing ved Oklahoma City University heiar på avgangsstudentane i ein drive-thru-seremoni torsdag 7. mai 2020. Foto: AP Photo/Sue Ogrocki

Stengte skular og gratis skulelunsj i USA

I USA varierer koronatiltaka frå stat til stat, men dei fleste statane anbefalte tidleg i mai å ikkje opne skulane før sommaren.

Det betyr at millionar av amerikanske barn framleis må ha undervisning heime og mange fryktar konsekvensane for dei fattigaste. I Texas deler dei difor ut skulemat til elevar, som ikkje kjem på skulen før sommarferien.

Kantinesjef Geneva Garcia deler ut matpakke til ein familie utfor Burleson Elementary School i Odessa, Texas, sundag 17. mai 2020. Skuledistriktet deler ut gratis frukost frå klokka 7 til 9 og lunsj nokre timar seinare. Foto: Ben Powell/Odessa American via AP

Skulane opna i Wuhan, Kina

I den kinesiske storbyen Wuhan i Hubei-provinsen, der det nye koronaviruset først vart påvist, kom dei eldste elevane tilbake på skulen 6. mai 2020.

Millionbyen vart sett i streng karantene i 76 dagar, som vart letta i byrjinga av april. Då 57.000 vidaregåandeelevar fekk kome tilbake på skulen i Wuhan 6. mai hadde ikkje Kina hatt nye dødsfall og få smittetilfelle dei tre siste vekene.

Før dei kunne kome tilbake på dei 121 skulane som opna måtte alle ta virustest, samt få målt temperaturen i døra.

Kinesiske avgangselevar i millionbyen Wuhan fekk kome tilbake på skulen sin i Wuhan onsdag 6. mai 2020. Foto: Chinatopix via AP

Eksamen i Tyskland

Medan norske elevar og studentar har fått avlyst alle skuleeksamenar denne våren, fekk tyske elevar kome på skulen for å ta eksamen medan skulen var stengt.

I byrjinga av mai opna landet skulane for undervisning igjen. Her sit eksamenskandidatane i trygg avstand til kvarandre iført munnbind, medan skulane framleis var stengde for undervisning.

Elevar ved Joseph Koenig Grammar School i Haltern am See, Tyskland, tek eksamen medan skulen framleis er stengd for undervisning torsdag 23. april. Foto: Rolf Vennenbernd/dpa via AP

Urtemedisin på Madagaskar

Det er 14 veker sidan det første Covid-19-tilfellet i Afrika vart dokumentert i Egypt og pandemien har no for alvor skote fart på afrikanske kontinenten med over 100.000 smitta.

Tala tyder likevel på lågare dødelegheit i Afrika, noko Verdas Helseorganisasjon (WHO) meiner skuldast både ein låg gjennomsnittsalder på befolkninga og rask respons frå myndigheitene.

I Madagaskar har president Andry Rajoelina lansert urtedrikken Covid Organics (CVO), som han meiner kurerer Covid-19. Naturlækjemiddelet er basert på søt malurt og utvikla av Malagasy Institute of Applied Research og distribuert vidare til fleire afrikanske land. Verdas helseorganisasjon (WHO) åtvarer på sine nettsider om bruk av søt malurt i behandling av malaria og Covid-19, sidan det ikkje har dokumentert effekt.

Studentar i hovudstaden Antananarivo på den austafrikanske øya Madagaskar må halde fysisk avstand og drikke urtemedisin mot koronaviruset. Foto: AP Photo/Alexander Joe

Sosial distansering i Nederland og Belgia

Nederland opna skulane sine samstundes med at dei fleste norske elevar kunne kome tilbake på skulen måndag 11. mai.

Men i Nederland har den sosiale distanseringa eit meir fysisk uttrykk. Fleire skular har montert opp glasveggar ved pultane og denne rektoren møtte elevan sine med eit tydeleg signal om sosial distansering.

Barneskulerektor Antoinette van Zalinge kledde seg opp då ho møtte elevane sine igjen etter lockdown 11. mai 2020. Foto: AP Photo/Peter Dejong

Også i nabolandet Belgia, der ei 12 år gammal jente i mars vart det yngste dødsofferet for Covid-19 i Europa, opna skulane igjen i mai.

Då elevane på ein barneskule i Brussel var tilbake på skulen 18. mai fekk dei utdelt reine munnbind, markerte avstandar med kjegler og antibac på hendene.

Ein elev ved Les Magnolias primary school i Brussel tek på munnbind før han får entre skulen etter lockdown. Foto: AP Photo/Francisco Seco

Les også om VGS-elevane som var fekk kome først tilbake på skulen: – Folk har blitt late her no. Folk har gitt opp håpet

Frå venstre: Hamza Hussain (18) og Hanouk Tewelde (17) er uroa for om dei får læreplassar til hausten. Suleiman Mohammad (17) har på si side bestemt seg for påbygg, slik at han kan studere vidare.

  • SKULE OG JOBB
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Framtida logo

Nyhende- og debattavisa for unge – Framtida.no er ei redaksjonelt uavhengig avis, som har som mål å styrkja nynorsken og bidra til å auka og få fram engasjementet til unge.

Ansvarleg redaktør: Andrea Rygg Nøttveit

Stortorvet 10, 0155 Oslo.

Ved å bruka Framtida.no aksepterer du bruk av informasjonskapslar. Les meir om personvernpolitikken vår.

  • Samfunn
  • Kultur
  • Skule og jobb
  • Natur og miljø
  • Magasinett
  • Quiz
  • Meining
  • Om oss
  • Skribentar
  • Nettstadskart
  • Nyhendebrev
  • Tema

Følg

Tips
Send epost til
tips@framtida.no
eller ring redaktør
Andrea Rygg Nøttveit:
481 40 342

Takk for støtta:

  • logo-fagforbundet
  • logo-abc-startsiden
  • logo-lnk
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir! Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy

Privacy Overview

This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary
Always Enabled
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Non-necessary
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.
SAVE & ACCEPT