
– Eg las definitivt meir då eg var mindre enn eg gjer no, og eg skulle ønskja eg las oftare enn eg faktisk gjer, skriv Peder Hornseth Nygaard på e-post til Framtida.
– Men det skal seiast, når eg først kjem over ei bok eller ein teikneserie eg verkeleg liker, kan eg fort gløyma alt anna (inkludert å eta), og brenna gjennom henne i løpet av nokre veker. (Eg har eit mål om å kunna komma meg gjennom éi bok i månaden, så spør meg igjen om eit år, haha).
26-åringen har teikna heile livet, og allereie som 10-åring vann han ein teiknekonkurranse på skulen. For tre år sidan fekk han andreplass i Egmont sin store teikneseriekonkurranse, der over 200 teiknarar deltok.
Peder Hornseth Nygaard
- Alder: 26
- Frå: Nittedal
- Utdanning: Bachelor i Animasjon og Digital kunst, gjennomfører akkurat no ein ny bachelor i Programmering og Design.
- Yrke: Sjølvstendig næringsdrivande
No er han klar med sin første teikneserieroman. Supernova er første bok i ein serie lagd til ei fjern framtid der menneskeslekta står i fare.
Me har teke ein kikk i bokhylla til den talentfulle teikneserieskaparen.
● Les også: Odin trur mange har lyst å lage teikneseriar
Eksistensielle spørsmål
– Kva bok/teikneseriar ligg på nattbordet ditt?
– Akkurat no jobbar eg meg gjennom «East of West», ein serie som blandar science fiction og western, to sjangrar eg synest er spennande og som lèt seg kombinera ganske effektivt.
– Kva bøker/teikneseriar les du helst?
Eg er veldig glad i science fiction, då eg opplever at denne sjangeren ofte tillèt seg å utforska ganske eksistensielle spørsmål om mennesket og vår plass i universet (noko eg grublar litt for mykje over sjølv), på veldig kreative måtar. Det er ingenting som kan avgrensa deg når du har heile universet å leika med!
26-åringen les over alt – på bussen, heime eller bortreist.
– Det er noko eg alltid har likt med bøker, at dei kan nytast uavhengig av omstende.

Omslag: Cappelen Damm
Bøker vekka villmarksinteresse
Han minnest at foreldra var flinke til å lesa for han og broren i oppveksten.
– Det gjekk mykje i forteljingar sette ute i naturen, som Tove Jansson, Astrid Lindgren og Tore Hansen, og eg trur dette vekte ei tidleg interesse for villmarka. Historia eg hugsar best, og som eg framleis siterer i ny og ne, er ei av Tove Jansson: «Hvem skal trøste knøttet?». Det er ei veldig fin bok for når ein kjenner seg liten og åleine.
Teikneserieskaparen skildrar seg som ein «edgy» tenåring, som høyrde på Linkin Park og gjekk i rare klede.
– Sjølv om det gjekk mykje i standard ungdomslitteratur som «Percy Jackson» (Rick Riordan), «Hunger Games» (Suzanne Collins) og «Game of Thrones» (George R.R. Martin), var det som verkeleg gjorde inntrykk på meg ein manga kalla «Tokyo Ghoul» av Sui Ishida. Den har, for å seia det mildt, mange grafiske scener, men i kjernen er det ei historie om å finna seg sjølv, og akseptera seg sjølv for den ein er.
Visualisert livsrot
Om det var ein grafisk roman han skulle ynskja han hadde skrive, hadde det vore «The Electric State» av Simon Stålenhag.
– Ei fantastisk bok som kombinerer mystiske, dystopiske og ofte skremmande bilete med ei gripande historie, samtidig som ho åtvarar mot den aukande avhengnaden i samfunnet av det teknologiske.
– Kva meiner du gjer ein teikneserieroman god?
– Oi, det er vel hovudspørsmålet alle ønskjer å finna svar på, trur eg. For min del opplever eg at teikneserieromanar som veit kva det er dei vil formidla, og som bruker mediet til å mest effektivt gjennomføra dette, hamnar høgt på lista mi. Eksempelvis er dette meisterleg gjennomført i «It’s lonely at the centre of the Earth», der Zoe Thorogood bruker teikneserieformatet til å visualisera kor rotete og vanskeleg det kan vera å navigera seg gjennom livet.
Han har eigentleg lyst til å seia at han identifiserer seg mest med Spider-Man, men om han skal vera dønn ærleg ser han ein del av seg sjølv i Shoya Ishida frå «A Silent Voice» av Yoshitoki Ōima.
– Han endrar seg ein del gjennom serien, men det er først og fremst kor inneslutta og grublande han er, som eg kan kjenna meg igjen i. Hovudet hans har ein tendens til å overtenkja, og han kan fort bli sin eigen verste fiende. Likevel prøver han sitt beste på å bli eit betre menneske, og eg synest det er noko vakkert i det.
Møtte Don Rosa
Skulle han invitert ein forfattar eller teikneserieskapar på middag måtte det blitt den legendariske Donald Duck-teiknaren Don Rosa (74).
– Eg har sjølv møtt han éin gong, men å verkeleg kunna få sete ned med han og snakka om alle historiene han har skapt med Donald og Onkel Skrue, ville vore vedunderleg. Eg har ikkje tal på kor ofte eg las gjennom historiene hans som liten, og kunne sitja i timevis og studera alle detaljane han putta i kvar rute.

Den amerikanske Donald Duck-forfattaren Don Rosa fotografert i 2022. Foto: Doc Cardio/Wikimedia Commons (CC BY-SA 4.0)
Og skulle han lese ein forfattar eller teikneserieskapar resten av livet, måtte det blitt svenske Simon Stålenhag.
– Han har ein unik måte å fortelja historier på, anten dei er korte eller går føre seg over fleire sider. Bileta hans er alltid så vedunderleg komponerte og lever verkeleg opp til uttrykket «eit bilete seier meir enn tusen ord». Det er også noko med måten han kombinerer natur og teknologi på som vekkjer eit eller anna inne i meg, som får meg til å vilja skapa meir!
Jude Law og AnnaSophia Robb
– Boka di vert filmatisert – kven speler hovudrolla?
– Eg har jo to hovudkarakterar i boka mi, Finn og Nova. Finn er ein litt eldre herre, og eg kunne sett for meg Jude Law som ein passande skodespelar for ein hard, men karismatisk rolle, som har ein ibuande varme. Nova er ei yngre jente, og det er her eg slit litt med å komma på ein skodespelar. Men om det passar kunne eg sett for meg AnnaSophia Robb i same alder som då ho var med i «Bridge to Terabithia». Eg synest energien og utstrålinga hennar passar perfekt for Nova.