– Unge i dei store byane veit ikkje kor viktig industrien er
– No ser det skummelt ut for industrien, seier Betine Reigstad (21). Ho håpar fleirtalet på Stortinget kan hjelpa leverandørindustrien å få nye oppdrag.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Betine Reigstad (21) er sveisar på Noregs største verft, og såg veldig lyst på framtida hjå Kværner Stord heilt til koronaen kom.
No har koronapandemien og fallande oljepris gjort at oljeselskapa ventar med å investera. Det går ut over leverandørindustrien som ho jobbar i.
– Det pregar heile verda, og er meir enn ein dump i vegen som industrien har opplevd tidlegare, seier Reigstad til Framtida.no. Ho er no leiar i ungdomsutvalet til verkstadklubben på verftet med 1600 tilsette.
– Treng industrien på laget
Betine Reigstad helsar det grøne skiftet velkomen, men påpeikar at det er behov for ei større grøn satsing enn den regjeringa la fram fredag sist veke.
– For at det skal bli grønare, så treng samfunnet industrien med på laget. Kunnskapen vår utviklar seg heile tida, og me utviklar stadig meir grøn teknologi, understrekar Reigstad.
Kværner er allereie i gang med å planlegga utbygginga av verdas største flytande havvindparken, Hywind Tampen, til nær fem milliardar kroner.
Utbygginga er likevel for lita til å erstatta dei store oljeprosjekta på norsk sokkel, og Betine Reigstad håpar staten hjelper til slik at verftet kan få fleire oppdrag.
Håpar på nye skattereglar for oljebransjen
Denne veka skal Stortinget bli samde om nye skattereglar for oljeselskapa. Ei samla miljørørsla har åtvara mot å redusera skatten. Og i eit intervju med Framtida.no på fredag sa klimaminister Sveinung Rotevatn at ein må passa på at ein ikkje endar opp med å skapa så gunstige skattereglar at ulønsame prosjekt blir bygde ut.
Betine Reigstad og verkstadklubben håpar at det blir eit fleirtal på Stortinget for nye reglar som får fart i investeringane igjen.
Alvor
21-åringen flytta frå Bergen for å bli lærling på Kværner Stord for tre år sidan. Ho trur det er vanskeleg for unge i dei store byane å skjøna alvoret.
– Dei står ikkje midt oppe i det som eg gjer. Det er ikkje før ein flyttar ut av storbyane at ein skjønar kor viktig industrien er, og kor mykje den gjev til samfunnet, meiner Betine Reigstad.
På Kværner Stord har ho vore med på å byggja den store Sverdrup-plattforma som samla kan gi fleire hundre milliardar kroner i statskassa i løpet av levetida.