«Oljealderen er forbi – no må eit nytt industrieventyr starte»

Jacob Schrader Kvanvig
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

I innlegget «Næringsliv og klimatiltak går hand i hand», måler Baarholm frå Fpu eit falskt bilete av samklangen mellom næringsliv og klimapolitikk.

Det gleder meg verkeleg at medlemmane til Fpu satsar og trur på at norsk næringsliv vert bygd på ny, norsk, grøn teknologi. Likevel så skuffer det meg at mange trur at ein marknad kan løyse eit problem det på mange måtar har skapt. For at Noreg og resten av verda skal verte omstilt krevst det samarbeid, ein sterk stat og engasjement.

Eg er einig med Fpu i at kapitalismen ikkje direkte har skulda for global oppvarming, ettersom det er vår avhengigheit av fossile brensel som har mesteparten av skulda. Men eg meiner at den frie marknaden i dag har skulda for å motivere eit høgt forbruk og at store endringar av marknaden må til for å løyse klimakrisa.

Noregs oljealder er forbi

At investorar trekker seg ut av Noreg er ikkje eit teikn på at dei er redde for å investere i Noreg, men heller at Noregs oljealder er forbi. Det er altså ikkje like attraktivt å investere i ein industri som nesten ikkje vil eksistere i 2050, når ein heller kan legge pengar i spennande, nye industriar.

Internasjonale konsern, som til dømes Glencore, Bluestar og Alcoa, har ikkje investert i norske selskap nødvendigvis fordi vi produserer billig og har rimeleg kraft, men også fordi vi har unik verdsleiande kompetanse.

Erfaring og kunnskap som tidlegare vist til gjer Noreg leiande innanfor industriar som silisium, aluminium og offshore petroleum. Det handlar om å bruke kunnskapen og erfaringane frå desse industriane til å skape nye industriar som havvind og hydrogenproduksjon.

Erfaring frå petroleum vil gå godt med karbonfangst og lagring. Allereie i 1996 vart det første karbonfangst-anlegget på Sleipnerfeltet teke i bruk. Vi har hatt ein stor del av løysinga til avkarbonisering av industrien i godt over 20 år, men vi har ikkje hatt engasjementet eller politikken til å ta den i bruk i industrien utanfor petroleum.

Vi har hatt ein stor del av løysinga til avkarbonisering av industrien i godt over 20 år

Det er difor viktig med ein sterk stat som er villig til å gje insentiv til fornybare teknologiar og leggje avgifter til dei mindre fornybare. Greier vi å gjere Noreg attraktivt og leiande innanfor fornybar teknologi, vil eit nytt industrieventyr starte. Vårt mest effektive våpen på klimakrisa er ein globale CO2-skatt. Ein CO2-skatt fører til at industri må betale for å forureine med CO2. Å skulle føre ein slik politikk krev eit sterkt internasjonalt samarbeid, solidaritet på tvers av grenser og ikkje minst ein sterk stat.

Å skulle tru – som Fpu – at oljeeventyret så vidt har begynt og at det beste for verda er å fortsetje å produsere den, er feil.

AUF meiner det er avgjerande for heile verda at vi omstiller norsk petroleumsindustri og tek i bruk kunnskapen vi har sanka frå oljeeventyret. Evnen er der, men er viljen der?


Har du noko på hjarta? Send til tips(a)framtida.no!

– Eg er veldig spent. Det er godt å få skrive boka ferdig, og at den no skal ut, men eg er ikkje van til å vere på den andre sidan av journalistblokka, fortel Line Nagell Ylvisårker som no debuterer som forfattar med boka «Verda mi smeltar». Portrettfoto: Samlaget / Bakgrunnsbilete av Adventfjorden på Svalbard: Bente Kjøllesdal