Jobben deira vil bli å ta jobben frå andre

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Steinar Holmberg Vikane (18) og Karl Jesper Becker (18) prøver å jusera ein robotarm når Framtida.no treff på dei på Utdanningsmessa på Stord. Dei går tredjeåret på automatisering på Stord vidaregåande.

– Det er veldig gøy, veldig fritt og mykje prosjektarbeid der me styrer oss sjølve. Me gjer alt frå robotarmar til koding, fortel Steinar Holmberg Vikane.

Karl Jesper Becker driv mykje med 3D-printing.

Lærarane hjelper dei med det grunnleggande, men utviklinga går så fort at mykje må dei læra seg sjølve.

Les også: – Robotane må tilpasse seg oss menneske

Karl Jesper Becker (18) (t.v.) og Steinar Holmberg Vikane (18) byrja på elektrolinja før dei gjekk vidare på automasjon. Foto: Svein Olav B. Langåker

Ikkje redde for jobbframtida

Om eit halvt år håpar dei å få seg læreplass som automatikarlærlingar, og ta fagbrev etter læretida er over.

– Men høgst sannsynleg vil eg vil bli ingeniør seinare. Eg vil ikkje ha ein vanleg kontorjobb, men noko spennande å jobba med, seier Steinar Holmberg Vikane. Studiespesialisering var heller ikkje eit alternativ. Han ville gjera noko meir spennande enn vanleg skule.

– Her får du fagbrev, og har noko å gjera etter skulen. Det er enormt med mulegheitar etterpå.

Seinare kan han kanskje tenkja seg å bli prosjektleiar eller søkja ei anna leiande stilling.

– Korleis trur dykk at det vil bli å få seg jobb etter dykk har tatt fagbrev?

– Me veit det er fleire som er redde for om det er jobb å få. Men me føler at me er ganske sikre. Jobben vår vil jo eigentleg bli å styra det som skal ta jobbane frå andre, smiler 18-åringane.

Smarthus og robotar treng automatikarar til å laga styringssystema.

Les også om skulen der elevane spelar e-sport i timen: – Eg ser at det i framtida blir etterspørsel etter god auge-hand koordinasjon, seier rektor.

Robotar kan skapa nye jobbar

Ifølgje ein rapport frå World Economic Forum i haust kan robotar erstatta 75 millionar jobbar i verda innan 2022, men samstundes reknar dei med at 133 millionar jobbar vil bli skapt av robotane.

Ein fersk rapport frå NAV viser at robotar og maskiner kan erstatta 163.000 norske jobbar. Det er færre enn før rekna med. Men fleire vil truleg oppleva endringar i jobbkvardagen på grunn av robotar, kunstig intelligens og automatisering. Ein rapport frå OECD frå i fjor vår reknar med at éin av tre jobbar vil oppleva store endringar på grunn av robotar og kunstig intelligens.

Interessert i Biohacking? Sjå video av når kyborgen Torjus får operert inn ein chip i handa

Kan bruka erfaring frå olja i grøne jobbar

På Stord er det førebels ikkje så mange bedrifter som har tatt i bruk robotar, men store bedrifter som Kværner, Wärtsilä og Advantec har fleire automatikarar i arbeid.

Elles er Equinor og Mongstad, Kårstø og å reisa offshore aktuelle alternativ.

– Ein må vera innstilt på å flytta, seier Karl Jesper Becker.

Automatiseringselevane byrjar å søkja på fleire lærlingjobbar allereie no i januar. Equinor (tidlegare Statoil) har i mange år vore landets mest populære lærebedrift. Søknadsfristen deira er 7. februar.

– Erfaringa frå olja kan ein bruka i andre næringar, seier Steinar Holmberg Vikane.

Oppdrettsnæringa bruker meir og meir automatisering, og fleire bedrifter har tatt i mot automatikarlærlingar.

Les også: Hadde ikkje i sin villaste fantasi planlagt å jobbe på CERN