Desse kleda kan dramatisk betre batteritida på telefonen din

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Visste du at trådlause dingsar brukar opp mykje av batteritida si til å sende ut radiobølgjer i alle retningar?

Medan telefonen din leitar etter Bluetooth-samankopling eller etter trådlause nettverk i nærleiken, så brukar den opp mykje energi.

No har singaporske forskarar utvikla «smarte» klede som skal bøte på dette energitapet.

Det skriv Business Insider.

Dramatisk auke i batteriliv

Det er ikkje dei stilige kleda i seg sjølv som er nyvinninga. Det er dei taggete stripene som går på langs og tvers.

Desse er laga av fiber av rustfritt stål, leiar straum, og kan enkelt festast på utsida av klede.

Smartstripene fører heller ikkje til ekstra hovudbry når det kjem til klesvasken, for kleda kan framleis verte vaska, tørka og stroke som vanleg tøy.

Dei taggete stripene fangar radiobølgjene som elektroniske dingsar sender ut til omgjevnadane i eit eige lite trådlaust nettverk, slik at dei ikkje konstant vert spreidde for alle vindar.

Då vert det både enklare å kople dei ulike dingsane dine saman, samstundes som dei treng mykje mindre straum enn vanleg for å gjere det.

Informasjonsvideoen frå Nasjonaluniversitetet i Singapore (NUS) seier dette kan «dramatisk auke batterilivet» til trådlause dingsar.

– Denne innovasjonen gjer det mogeleg å overføre data mellom einingar på eit energinivå som er 1000 gongar redusert, seier universitetslektor Ho frå NUS til Business Insider.

Han har vore leiar for forskingsprosjektet.

Mindre helseskadeleg enn smarttelefon

Medan Bluetooth og Wi-Fi-teknologi kan ha ei signalrekkevidde på fleire titals meter, så vil ikkje smart-kleda kunne overføra data til einingar som er meir enn 10 centimeter frå kroppen. Det er difor sikrare, sidan det er vanskelegare for uvedkomande å skulle «overhøyre» dataoverføringar, ifølgje forskarane.

Vert du skeptisk av å skulle ha radiobølgjer så nært kroppen? Universitetslektor Ho seier til Business Insider at risikoen for at det er helseskadeleg er minimal, og mindre betydeleg enn å halde ein smarttelefon nært kroppen over lenger tid.

Nikolai Helth Gaukås syner fram ei prøve på 1×1 cm. Foto: Julie Gloppe Solem/NTNU.