Emilie Hansen
Publisert
Oppdatert 11.04.2020 12:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg er for eit sjølvstendig Catalonia fordi Catalonia og Spania er veldig forskjellige frå kvarandre, både kulturelt og historisk.

Skataren Lucas Nervis (29) er ikkje særleg politisk aktiv, og har ikkje demonstrert for å lausriva regionen Catalonia frå Spania. Likevel meiner han at det er eit viktig spørsmål og prøvar så godt han kan å halde seg oppdatert på den politiske debatten. 

– Om du reiser til Madrid for eksempel vil du merke at «viben» er heilt annleis i frå her, korleis folk oppfører seg og slikt. I alle fall etter mi meining, seier 29-åringen.

I Catalonia sin hovudstad, Barcelona, har det ikkje vore demonstrasjonar på over ein månad. Likevel vert ein minna på om den politiske situasjonen overalt i byen.

Det katalanske flagget heng ut frå altanar og vindauger, eller er måla på veggar. Gule sløyfer, som viser solidaritet med dei katalanske politikarane som vart fengsla eller som er i eksil, pryder gangfelta, høge bygningar og jakker og vesker i form av «buttons».

Bybiletet i Barcelona vitnar om at engasjementet for frigjering framleis lever. Foto: Emilie Hansen

Langvaring konflikt

Styresmaktene i Catalonia ønskjer å lausrive regionen frå Spania og bli ein sjølvstendig republikk. 

I 2017 heldt den katalanske regjeringa ei folkeavstemming der under halvparten av befolkninga (42,6 %) deltok, av desse stemte 92 prosent for ei lausriving.

Dette valet blir sett på som grunnlovsstridig av spanske myndigheiter. 

I tida rundt folkeavstemminga var det store demonstrasjonar i regionhovudstaden Barcelona og på valdagen fekk verda sjå sjokkerande bilete av skadde menneske. Ifølgje The Sun vart fleire hundre privatpersonar og 33 politifolk skadde i samanstøytane.

I oktober 2019 dømte Høgsterett i Spania ni catalanske leiarar til fengselsstraffer frå ni til 13 år for oppvigleri, noko som førte til nye demonstrasjonar i Barcelonas gater.

Ifølgje den spanske avisa El País resulterte demonsrasjonane i materielle skader for 2,7 milliardar euro, i tillegg til at det gjekk hardt ut over omsettinga til turistnæringa.

Umogleg å ikkje ta stilling

Studenten Janet Monreal (28) står utanfor Universitetet i Barcelona saman med ei venninne etter studiane. Ho er for katalansk frigjering.

 Ikkje fordi eg er nasjonalistisk, ikkje i det heile! Katalansk lausriving er heller ein reaksjon på spansk nasjonalisme, der frigjering og lausriving er ein av dei betre måtane å kome seg bort frå den spanske nasjonalismen.

Janet Monreal (28) har engasjert seg i «indignados»-bevegelsen. Foto: Emilie Hansen

Monreal understrekar at spørsmålet om katalansk frigjering ikkje er eit eksistensielt spørsmål, sjølv om media av og til framstiller det slik. Studenten er ikkje sikker på om hennar liv individuelt sett vil bli betre ved ei eventuell lausriving, men det er likevel eit tema som opptek henne.

– Når ein bur her er det umogleg å ikkje ta stilling til den politiske situasjonen.

28-åringen var til stades under demonstrasjonane, men det som hende der var ikkje noko nytt for henne, eller sosiale rørsler i Spania generelt. Monreal tok også del i «indignados»-rørsla, og vert derfor ikkje overraska over politi som utøver vald.

Ho forklarar vidare at det som vanlegvis skjer er at demonstrasjonane startar som ikkje-valdelege, men deretter utviklar seg til å bli meir valdelege etter politiet kjem.

Politiet grunn til auka valdsbruk

Filosofistudenten Max Codinach (20) var også til stades under demonstrasjonane, og har dei same oppfatningane rundt utviklinga frå fredelege til meir valdelege demonstrasjonar.

– Når politiet kjem og tek i bruk vald, vil sjølvsagt demonstrantane prøve å forsvare seg sjølve.

Filosofistudenten Max Codinach (20) opplever at frigjerinsspørsmålet er ein stor del av kvardagen, og noko som ligg nært hjartet hans. Foto: Emilie Hansen

Codinach forklarar at situasjonen er komplisert, men at han meiner politiet sitt nærvær i fleire av demonstrasjonane er grunnen til auka valdsbruk.

20-åringen er for katalansk frigjering, ettersom han synast det høyrast fint ut å kome frå kva som helst anna land enn Spania, men understrekar at han er klar over at det ikkje er berre berre å danne ein ny stat.

Han forklarar vidare at det å vere politisk interessert er synonymt med å vere oppteken av frigjeringsspørmålet.

– Temaet dukkar opp kvar som helst i kvardagen. Og for meg ligg temaet nær hjartet.

Slike beskjedar kan ein finne rundt om i Barcelona. Foto: Emilie Hansen

– Dei driv jo ikkje med politikk!

Alle tre beskriv den politiske situasjonen som dårleg. Dei er skuffa over politikarane, både dei spanske og dei katalanske.

– Dei spanske er dei dårlege, medan dei katalanske er dei dumme. Dei prøvar, men dei veit ikkje kva dei driv på med, seier Max Codinach.

Janet Monreal forklarar at det er mangel på god kommunikasjon mellom spanske og katalanske politikarar, men også mellom dei katalanske politikarane og folket i Catalonia.

– Slik det er no stolar eg ikkje på politikarane. Dei driv jo ikkje med politikk! Dei manglar leiareigenskapar og mot, noko vi, folket, tapar på, seier Monreal.

Codinach legg vekt på at det er ikkje nødvendigvis dei spanske politikarane og regjeringa som er dei dårlege, men meir den spanske staten, politiet og lovene i landet.

Han meiner det skuldast Franco-regimet, som vart oppløyst i 1975.

– Ved overgangen frå diktatur til demokrati vart rettssystemet og politiet verande på same måte som under diktaturet. Så systemet er det same i dag som det var då, og dette er noko som er veldig vanskeleg å endre.

Barcelona er roleg om dagen, men frigjeringskampen ulmar framleis. Foto: Emilie Hansen

Trur på lausriving nedanfrå

Sjølv om ungdommane beskriv situasjonen i dag som dårleg, er dei optimistiske til vegen vidare mot eit sjølvstendig Catalonia gjennom kompromiss og dialog mellom Spania og Catalonia.

Monreal meiner det viktigaste er at folket framleis held seg organiserte, og at ein dermed nedanfrå og opp kan lausrive seg frå Spania. Ho trur ikkje nødvendigvis at det vil vere mogleg å lausrive heile Catalonia samstundes på alle plan, og at ein derfor burde frigjere seg der det er mogleg, litt etter litt.

Nervis meiner det er viktig at ein kjem til ei semje:

– Det beste som kan skje er at Catalonia blir sjølvstendig, sjølvsagt. At dei to partane godtek forskjellane og usemjene sine, men likevel kjem fram til ei semje for vegen vidare, seier Nervis.

Klimastreik i Hamburg. Blant tyskarar under 30 var Dei grøne klart største parti under EU-valet sist veke. Foto: Karin Desmarowitz/campac/Flickr/CC BY-NC 2.0