Fleire kvinner fører til meir fred
Når det sit berre menn rundt forhandlingsbordet etter ein krig, vert fredsavtalen skjørare. Likevel er det ikkje alltid vilje til å la kvinnene delta, verken i fredsforhandlingar eller fredsoperasjonar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Saka er henta frå NUPI Skole, og sett om og gjengjeven med løyve.
2020 er eit merkeår for internasjonalt likestillingsarbeid: Det er 25 år sidan 30.000 kvinner og menn var samla i Beijing for å utforme ein internasjonal standard for globalt likestillingsarbeid.
Det er òg 20 år sidan FNs sikkerheitsråd vedtok resolusjon 1325 om kvinner, fred og sikkerheit (norsk omsetjing her). Vedtaket var bindande for alle dei 193 medlemslanda i FN og har difor hatt stor innverknad på korleis statar og organisasjonar har arbeidd for kvinner sine rettar.
Kva er SR 1325?
FNs sikkerheitsrådsresolusjon (SR) 1325 slår fast at kvinner og menn vert ramma av konflikt på ulikt vis, og at kvinner må ha ei større rolle i fredsbevarande arbeid.
Resolusjonen var banebrytande fordi det var første gong FN erklærte at kvinner sine erfaringar frå krig er avgjerande for å forstå internasjonal fred og sikkerheit. Dessutan var det første gong FN stadfesta at medverknaden til kvinner i fredsprosessar er utslagsgjevande for varig fred.
Sidan 2000 har FN vedteke ytterlegare ni resolusjonar om kvinner, fred og sikkerheit.
Med resolusjon 1325 og dei etterfølgjande resolusjonane, bestemte FN at deira fredsarbeid alltid skal innehalde eit kjønnsperspektiv – anten det gjeld førebygging av konflikt, deltaking i fredsarbeid eller vern av offera i krig.
Å fremje kvinner sine rettar i krig og konflikt er også viktig ifølgje FN sine berekraftsmål nummer 5, om likestilling, og nummer 16, om fred og rettferd.
Kvifor er «kvinner, fred og sikkerheit» viktig?
FN legg vekt på to hovudgrunnar: vern og deltaking.
Trass i at heile samfunn vert ramma av konflikt, har kvinner eit anna behov for vern i krig enn menn og vert oftare utsett for seksualisert vald. Seksualiserte overgrep og valdtekt vert brukt som ein bevisst krigsstrategi for å øydelegge familiar, utrydde folkegrupper og drive menneske på flukt.
Seksualiserte overgrep og valdtekt vert brukt som ein bevisst krigsstrategi
Eit døme finn vi under borgarkrigen i Syria og Irak, der terrorgruppa IS brukte seksualisert vald som eit våpen og haldt kvinner frå folkegruppa jesidiane som slavar. Andre døme finn vi under konfliktane i Rwanda, Bosnia og Sør-Sudan, for å nemne nokre.
Trass i at seksualisert vald i all tid har vorte nytta som eit våpen i krig, vart overgriparane sjeldan straffa. På 1990-talet endra haldningane seg gradvis. Sivilsamfunnet dokumenterte i aukande grad korleis seksualisert vald vart brukt for å utøve folkemord og etnisk reinsing i konfliktane på Balkan og i Rwanda. Dette la press på FN og det internasjonale samfunnet til å ta grep.
I dag er det langt fleire som jobbar med å nedkjempe seksualisert vald, både sentralt i FN-systemet og på bakken i konfliktramma land.
Overgriparane vart sjeldan straffa
Men kvinner er ikkje berre offer i krig. Dei er viktige aktørar i fredsmeklinga og i gjenoppbygginga av samfunnet etter ein krig. Likevel er kvinner kraftig underrepresenterte i fredsarbeidet.
Målet om å styrke kvinner si deltaking og innverknad handlar først og fremst om likestilling.
Kvinner har på lik linje med menn rett til å verte høyrde og til å verte med i prosessar som påverkar deira liv. Fagfolk og dei som tek avgjerdene har også vist at det er ei rekkje andre fordelar ved å inkludere fleire kvinner i fredsforhandlingar og internasjonale fredsoperasjonar. Dette kjem vi tilbake til nedanfor.
Kvinner si rolle i fredsforhandlingar og fredsavtaler
Fredsforhandlingar, som gjerne leiar til ei fredsavtale, har som mål å stanse konflikter og samstundes danne eit grunnlag for landets framtid. For å byggje opp ein stat etter konflikt må ein blant anna endre grunnlova eller lage ei ny, planlegge og administrere val og endre rettsvesenet og sikkerheitssektoren.
Det er med andre ord mange viktige avgjerder som skal verte avgjorde når freden vert forhandla fram.
Likevel er kvinner sjeldan inkluderte rundt forhandlingsbordet: Mellom 1992 og 2018 utgjorde kvinner berre 3 prosent av fredsmeklarane og 13 prosent av fredsforhandlarane (forhandlarane debatterer på vegner av ein part i konflikta, medan meklarar er uavhengige og legg til rette for forhandlingar).
Dei fleste av fredsavtalene som har vorte signerte sidan 1990 til i dag, har ikkje vorte underskrivne av ei einaste kvinne. Berre to kvinner – filippinske Miriam Coronel Ferrer og israelske Tzipi Livini – har leia fredsforhandlingar.
Mellom 1990 og 2017 hadde 81 prosent av fredsavtalene ingen referanse til kvinner, og 95 prosent av fredsavtalene nemnde ikkje kjønnsbasert og seksualisert vald. Dette veit vi hindrar mogelegheita til å skape varig fred.
Studiar har nemleg vist at fredsprosessane som inkluderer fleire kvinner, er betre rusta til å nå sine mål enn fredsprosessar som utelukkande består av menn. I tilfelle der kvinner eller kvinneorganisasjonar har hatt ei betydeleg rolle i forhandlingane, er det større sjanse for at partane vert einige om ei fredsavtale og held seg til denne.
Men å auke talet kvinner i fredsforhandlingar er ikkje nok: For å ha ein effekt må kvinner også ha innverknad i prosessen. Dei må ha mogelegheita til å bringe fram og få gjennomslag for synspunkt og preferansar – før, under og etter forhandlingane.
Dei fleste av fredsavtalene som har vorte signerte sidan 1990 til i dag, har ikkje vorte underskrivne av ei einaste kvinne
At kvinner deltek er også viktig for å styrke legitimiteten og truverdet til fredsavtala.
Idag er det store fleirtalet av konfliktar gjentekne borgarkrigar. Det betyr at borgarkrigar oftast bryt ut i statar som allereie har vore gjennom borgarkrig tidlegare. Inkluderande fredsløysingar som tek omsyn til heile befolkninga, er mest effektive for å hindre tilbakefall til konflikt. Å styrke rettane til kvinner og jenter, og ta høgde for deira erfaringar og behov under fredsforhandlingar, er difor avgjerande for å skape varig fred.
Trass i at kvinner framleis er kraftig underrepresentert i fredsprosessar og fredsavtalar, er det fleire dømer på framgang.
Eitt døme er fredsavtala mellom den colombianske regjeringa og FARC-geriljaen i 2016. Då vart det oppretta ei eiga gruppe som skulle sørgje for kjønnsperspektivet i avtala. Som følgje av arbeidet i denne gruppa, og betydeleg press frå kvinneorganisasjonar i Colombia, ivaretok fredsavtala rettane til både kvinner og menn.
Kvinner si rolle i fredsoperasjonar
FN har òg som mål å auke delen kvinner og styrke deira innverknad i internasjonale fredsoperasjonar.
Fredsoperasjonar er eit av FN sine viktigaste verkemiddel for å oppretthalde internasjonal fred og sikkerheit. FN sine fredsbevarande operasjonar hjelper konfliktramma land med blant anna stabilitetsbyggjande tiltak, vern av sivile og tilrettelegging av politiske prosessar i overgangsfasen mellom konflikt og fred.
FN har i dag 13 aktive fredsoperasjonar rundt omkring i verda som inkluderer over 110.000 soldatar, politi og sivile.
FN har allereie gjort mykje for å auke delen kvinner i sine fredsoperasjonar, mellom anna oppretta likestillingseiningar i alle aktive fredsoperasjonar, innstilt kvinner til leiarstillingar og bede medlemslanda nominere fleire kvinnelege soldatar og politibetjentar til operasjonane til FN.
Kvinner si deltaking i fredsoperasjonar har auka jamt dei siste tiåra. Frå 1959 til 1989 var det berre 20 kvinner som deltok i fredsoperasjonane til FN, i dag har talet auka til over 7.000. Likevel er dette ein låg prosentdel totalt sett, og det er mykje som gjenstår for å oppnå FN sitt mål om kjønnsbalanse.
Fleire studiar har difor sett på samanhengen mellom kvinner si deltaking i fredsoperasjonar og om operasjonar når måla sine. Dei finn fleire grunnar til at større kjønnsbalanse i FN sine fredsoperasjonar er viktig.
Eit av argumenta som ofte vert trekte fram, er at fredsoperasjonar med både kvinneleg og mannleg politi- og militærpersonell i større grad speglar befolkninga, og dermed er betre rusta til å forstå behova til befolkninga og byggje tillit i lokalsamfunnet.
Kvinnelege politibetjentar og soldatar kan også ha lettare for å få innpass hjå kvinner i lokalsamfunnet, spesielt i kulturar kor kvinner ikkje er tillatne å snakke med andre menn til stades.
Eit døme på dette er Rwanda sine kvinnelege politibetjentar som deltek i FN sin operasjon i Sør-Sudan. Denne politistyrken består av 50 prosent kvinner, noko som har hatt ein positiv effekt for tilliten til politistyrken i FN sin verneleir i Juba, hovudstaden i Sør-Sudan.
Eit anna argument er at auka likestilling i fredsoperasjonen kan bidra til auka fokus på likestilling i landet kor FN-styrken er stasjonert.
Ta til dømes FN sin operasjon i Mali, kor likestilling etter kvart vart eit viktig tema, med auka rekruttering av likestillingsrådgjevarar og større budsjett. Sidan oppstarten i 2013, har FN-operasjonen blant anna støtta ei nasjonal plattform for kvinneorganisasjonar i Mali og etablert ein komité for å auke kvinner si deltaking i fredsprosessane til landet. Desse tiltaka har også bidrege til at delen kvinner i regjeringa i Mali har auka.
I tillegg til å auke delen kvinner i fredsoperasjonar, er det viktig at kvinner får leiarroller. I FN sin fredsoperasjon på Kypros (UNFICYP) delte den norske generalmajoren Kristin Lund leiinga av operasjonen saman med amerikanske Lisa Buttenheim frå 2014 til 2016.
Dette var den første FN-operasjonen med delt kvinneleg leiing, noko som førte til at likestillingsarbeidet kom i fokus. Under deira leiing vart talet kvinner i operasjonen dobla, og i dag er over 44 prosent av politibetjentane kvinner.
Sjølv om vi ser enkelte positive trekk ved utviklinga av FN sine fredsoperasjonar, er det framleis fleire forhold som hindrar kvinner i å delta. Dette kan til dømes vere låg rekruttering av kvinner i medlemslanda, mangel på trening eller formelle krav som vert stilte til soldatane som deltek. Ei utfordring kan også vere at kvinner som deltek i fredsoperasjonar, opplever at dei ikkje får bidra til dei oppgåvene dei skal på grunn av haldningar innanfor operasjonen.
For å oppnå likestilling i FN sine fredsoperasjonar er det viktig at FN held fram med å krevje og legge til rette for kvinneleg deltaking, og at medlemslanda aukar delen kvinner dei sender til frredsoperasjonane dei deltek i.
- Har du fått med deg denne? Kvinner erstattar menn på trafikkskilt i Genève
Utfordringar som gjenstår og vegen vidare
I år samlast internasjonale toppleiarar, interesseorganisasjonar og aktivistar for å diskutere vegen vidare for det internasjonale likestillingsarbeideet og kvinner si rolle for fred og sikkerheit. Resolusjon 1325 har bidrege til å synleggjere betydninga av situasjonen og erfaringane til kvinner under krig og konflikt. Det er likevel mange utfordringar som gjenstår.
Éi utfordring er knytt til manglande ressursar og politisk vilje. Det er FN sine medlemsland som har hovudansvaret for at måla om å verne kvinner og jenter i krig og auke deira deltaking i fredsarbeid, vert oppnådde. Enkelte land, som Sverige, prioriterer dette arbeidet høgt. Sverige har vedteke ein feministisk utanrikspolitikk og jobba for at FN skulle prioritere globalt likestillingsarbeid då dei vart valde til medlem av FN sitt sikkerheitsråd i 2017 og 2018.
Det er likevel mange utfordringar som gjenstår
Men trass i at 80 av medlemslanda i FN har ein nasjonal handlingsplan eller strategi for korleis dei skal oppnå måla i agendaen, har berre 40 land eit eige budsjett for å gjennomføre måla. Samstundes er organisasjonar og organ som arbeider for å styrke kvinner sine rettar underfinansierte, noko som påverkar deira mogelegheit til å oppnå resultat.
Ei anna utfordring er knytt til lokal gjennomføring. Det er ein lang veg frå avgjerdene som vert tekne i FN sitt sikkerheitsråd i New York, til faktiske endringar på bakken.
I konfliktramma land er mange utfordringar som skal løysast. Arbeidet med å styrke kvinner sine rettar vert fort nedprioritert. Tradisjonelle kjønnsmønster og skepsis til kvinner si deltaking i politikken hindrar også framgang. Press frå internasjonale organisasjonar som FN og sivilsamfunnet kan føre til at arbeidet får meir merksemd, med FN manglar eit system for å halde land og organisasjonar ansvarlege for manglande oppfølging.
Det er utvilsamt gjort betydelege framsteg, men mykje gjenstår framleis.
20 år etter resolusjon 1325 vart vedteken av FN sitt sikkerheitsråd, er kvinner framleis kraftig underrepresenterte i internasjonale fredsarbeid. Det trengst politisk vilje, ressursar og sterkare fokus på rekruttering av kvinner i leiarstillingar for å kome i mål.
Det vil ikkje berre vere positivt for internasjonal likestilling, men òg sørgje for ei fredelegare verd.