Verda etter korona: Globaliseringa blir neppe den same igjen

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Teksta er først publisert hjå NUPI Skole, som ein del av serien «Hvor hender det?» og er omsett og gjengjeve med velvilje. 

  • Kva er globalisering?
  • Korleis gjer globalisering oss sårbare for pandemiar?
  • Kva betyding har pandemiar hatt i verdshistoria?
  • Kva samfunnsmessige konsekvensar kan pandemien få?

Koronapandemien er ei global krise: Den råkar menneske over heile verda.

Vi er snart åtte milliardar, og dei aller fleste av oss har høyrt om sjukdommen og har fått liva våre forandra av den. Det er ei verdshistorisk hending som vil få konsekvensar for økonomi, politikk, identitet, kultur og mellommenneskelege relasjonar i lang tid.

Truleg er denne krisa den viktigaste globale hendinga sidan annan verdskrig, og ingen kan vete sikkert kva dei langsiktige verknadane blir.

2: Covid-19 frå Kina til Chile

Det var seint i 2019 at det som viste seg å vere eit nytt koronavirus hadde byrja å spreie seg i storbyen Wuhan i det sentrale Kina. Dei neste månadane spreidde sjukdommen, kjent som covid-19, seg eksplosivt og eksponentielt, altså ved fordobling.

Tala var små i byrjinga, men snart var fleire millionar menneske smitta, og mange tusen var daude. Dei fleste smitta blei riktignok friske, men mange trong behandling, og kapasiteten på sjukehusa i fleire land blei sprengd.

Over heile verda blei strenge sikkerheitstiltak sette i verk for å avgrense spreiinga. Skular, barnehagar og universitet blei mellombels stengde, restaurantar og kafear òg. Offentlege arrangement, frå debattmøte til konsertar og fotballkampar, blei avlyste, og alle som hadde moglegheit, blei oppmoda eller pålagde å jobbe heimafrå.

Sjølv om det var ei viss variasjon frå land til land, var det mange likskapar mellom råda og pålegga som blei gitt frå myndigheitene i ulike deler av verda, frå Chile til Mongolia, frå Irland til Indonesia.

3: Globaliseringas tette band

For å forstå korleis og kvifor me er blitt så påverka av det nye koronaviruset, er det viktig å forstå kva globalisering er. Globalisering kan definerast som heilskapen av prosessane som gjer verda stadig meir integrert på tvers av landegrenser. Den har økonomiske, politiske, kulturelle og miljømessige dimensjonar.

Økonomisk er alle verdas land avhengige av internasjonal handel og produksjon. Ei vare vert sett saman på ein fabrikk i Tyskland kan ha komponentar produsert i Kina, råvarer importert frå Marokko og ein stor del av marknaden i USA.

Politisk eksisterer eit stort tal avtalar mellom land, men endå viktigare er internasjonalt samarbeid gjennom overnasjonale organisasjonar som FN-systemet. Talet på internasjonale organisasjonar har auka raskt sidan 1950-åra.

Kulturelt blir stadig større delar av verdas befolkning prega av dei same strøymingane, frå reklame og film til engelskkurs og forbruksvanar.

Når det gjeld miljøet, er heile planeten som eit gigantisk økosystem, der forureining og utslepp i eitt land påverkar klima og miljø i andre land.

https://www.youtube.com/watch?time_continue=332&v=daHumMnXCFY&feature=emb_logo

4: Sommarfugleffekten

Mellom 1980 og 2020 firedobla verdshandelen seg. Flytrafikken har også auka veldig dette hundreåret.

I 2004 var det registrert rundt to milliardar flyreiser ― i 2019 hadde talet meir enn dobla seg. Dessutan bur stadig fleire av oss i byar. I 2007 levde for første gang i verdshistoria over halvparten av verdas befolkning i byar. Vi er meir og oftare i kontakt med andre enn nokon gong før, også over landegrensene.

Den konstante utvekslinga av varer og tenester, den auka kommunikasjonen og kontakten over landegrensene har ført til betydeleg økonomisk vekst globalt, men den skapar også sårbarheit.

Vi er alle gjensidig avhengige av kvarandre takka vere milliardar av usynlege, tynne, men viktige band som bind oss over heile planeten. I ei globalisert verd går det faktisk an å seie at alt heng saman med alt. Det er ikkje mogleg å stenge grensene og verna seg hundre prosent mot påverknad utanfrå, noko pandemien minner oss om.

 

Globalisering viser at endringar på eitt område, skaper store ringverknadar. Ein metafor som vert brukt i forskinga om komplekse system, vert kalla sommarfugleffekten. Den tek utgangspunkt i en sommarfugl som flakser med sine små venger i Rio de Janeiro og dimed skaper ein bitteliten luftstraum. Denne luftstraumen møter ein annan, større luftstraum og endrar retninga på den. Liknande effektar forplantar seg oppover i systemet, og resultatet blir ein orkan i Texas.

Lita tue kan velte stort lass, heiter det også. Koronakrisa er ein glimrande illustrasjon på at ordtaket har fått ny relevans i ei globalisert, samanvevd tid som skaper store moglegheiter, men også like stor sårbarheit.

Foto: Jacqueline Macou/Pixabay

Den byrja truleg ved at ein kunde på marknaden i Wuhan blei smitta av eit skjelldyr (pangolin), som i sin tur var blitt smitta av ei flaggermus.

Denne lokale, tilsynelatande ubetydelege hendinga medførte, berre tre månadar seinare, at tusenvis av fly stod på bakken over heile verda, millionar av menneske hadde mista levebrødet, fleire milliardar levde under streng statleg overvaking og med avgrensa rørslefridom, børskursane fall, og statsleiarar snakka som om landet deira var i krig.

Flytrafikken sokk med over 90 prosent i mars 2020, samanlikna med mars 2019. Dette seier noko om omfanget til krisa.

Det var generell semje blant ekspertar om at koronakrisa ville føre til eit veldig tilbakeslag for verdsøkonomien. Den fortel oss difor noko vesentleg om den økonomiske globaliseringa sitt vesen og om kor tett samanvevd verdas befolking er i det 21. hundreåret.

Ein grunn til at det er viktig forstå korleis den globale økonomien fungerer, er at den påverkar praktisk talt alle andre aspekt ved samfunnet, frå personleg livsstil til internasjonal politikk.

Eit Norwegian-fly fotografert over Gatwick i London. Flyselskap har blitt kraftig råka av koronapandemien. Foto: Kit Suman, Unsplash.com

5: Sjukdomsepidemiar i verdshistoria

Sjukdom har forandra historia sin gang tideligare. Historikarar meiner at den justinianske pesten i 541 førte til ei varig svekking av Det austromerske riket. Dette markerte starten på den ustabile og kaotiske folkevandringstida i europeisk historie.

Under den europeiske erobringa av Amerika frå 1492 og utover, døydde inntil 90 prosent av kontinentets befolkning av sjukdommar europearane hadde bringa med seg, og som den amerikanske befolkninga mangla motstandskraft mot. Dette gjorde erobringa lettare enn den elles ville ha vore.

Den mest berømte pandemien i verdshistoria er likevel Svartedauden, som herja i store delar av Europa og Asia frå 1330-tallet til 1340-tallet, med jamlege seinare utbrot. I Europa førte befolkningsnedgangen til ei svekking av adelen og overklassen. Sidan det var færre arbeidarar, kunne dei som var igjen krevje høgare løn. Det var mykje ledig jord, og fattigbønder kunne bli meir velståande.

Europa fornya seg etter pesten, men i arabiske land førte pesten først og fremst til nedgangstid. Arabisk kultur hadde lenge ligge framfor den europeiske blant anna innan vitskap og arkitektur, men no snudde det.

Den siste store pandemien, før koronapandemien, var Spanskesjuka frå 1918–19. Den førte ikkje i seg sjølv til store samfunnsendringar, men første verdskrig gjekk mot slutten då denne influensapandemien byrja å spreie seg. Kva effekt Spanskesjuka kunne hatt om den kom i fredstid, er det umogleg å vete.

På bakgrunn av kunnskap om pandemiar i verdshistoria, er det ikkje utenkeleg at den noverande pandemien også vil få varige sosiale, politiske og økonomiske konsekvensar.

6: Antiglobalistar

Tidlegare epidemiar har også vist at det er vanleg å leite etter syndebukkar, gjerne utlendingar eller minoritetar. På same måte som USAs president i mars 2020 omtalte korona som «det kinesiske viruset», blei europeiske jødar ofte utpeikt som ansvarlege for pestepidemiar i tidlegare tider.

Med unntak av Kina, oppfattar alle land det som om sjukdommen kjem utanfrå. I enkelte afrikanske land har det vore rapportert om sjikane og truslar mot europearar, sidan viruset er blitt innført der av folk som har vore i Europa. Når dine medmenneske potensielt er berarar av ein sjukdom som kan vere skadeleg for deg og din familie, er det nærliggande å bli mistenksame overfor andre menneske generelt, og framande folk spesielt.

I et større perspektiv er det tydeleg at koronapandemien allereie blir brukt av politiske krefter som går inn for meir grensekontroll, mindre innvandring og nasjonalistisk tilbaketrekning, altså rørsler og parti som gjerne vert omtalt som antiglobalistar.

Samstundes viser pandemien at alle menneske er i same båt og avhengige av kvarandre. Det føregår eit intenst internasjonalt samarbeid for å utvikle medisinar, og globale helseorganisasjonar frå Leger Uten Grenser til WHO betraktar den som ei global krise som ikkje kan løysast av enkeltland. Pandemien kan med andre ord både føre til auka nasjonalistisk tilbaketrekking og ein styrkt global humanisme.

Sidan viruset er globalt, kan pandemien føre til ei erkjenning av at vi er éi menneskeslekt som må løyse problemet i fellesskap.

7: Verda etter pandemien

I løpet av mars 2020 forandra koronaviruset verda. Bremsene blei sette på, og det skjedde overalt nesten samstudes. Slik blei vi mint om kor avhengig verdas befolkning er av globaliseringa, men også kor sårbare enkeltsamfunn er.

Globaliseringa blir neppe den same igjen. Sjølv om pandemien vert dempa gjennom ulike typar tiltak, tyder mykje på at viruset vil leve vidare i lang tid.

Sosialt vil det vere avgrensingar på mobilitet og fysisk kontakt i form av handel og reising mellom land. Utstrekt transnasjonal kontakt, altså kontakt på tvers av grenser, vil vere forbunde med frykt og risiko.

Vi vil fortsatt ha mykje kontakt, men på andre måtar. Alle typar digitale tenester har fått, og vil fortsette å nyte godt av, ein veldig oppsving. Det vil vere lettare å vere Netflix enn SAS – ikkje berre i 2020, men antakeleg også i 2021. Nettmøter, digitale konsertar og videomøter vil erstatte mange fysiske møter, også i tida framover.

Økonomisk er det naudsynt å tenkje nytt på grunn av dei høge arbeidsløysetala og krisa i den økonomien. Verdshandelen vil ikkje kunne stoppe heilt opp – for korleis skal då Mauritius få olje og Noreg få kveite? Men den vil bli regulert på nye måtar, der helse og sikkerheit kanskje blir viktigare enn økonomisk vekst og forteneste.

Politisk kan resultatet bli både forsterka nasjonalisme og meir internasjonalt samarbeid.

Det er mogleg at verda vil endre kurs. I ein mannsalder har forskarar og miljøorganisasjonar peikt på at det globale økonomiske systemet er på kollisjonskurs med økologi, klima og komande generasjoner si velferd.

Kanskje nedkjølinga av verdsøkonomien og menneske sitt daglegliv vil føre til at eit meir berekraftig verdssamfunn no framstår som eit realistisk alternativ og ikkje berre ein utopi?

Éin lærdom det går an å vere einig om, er at globaliseringa fører til rask og ukontrollert spreiing av mange slags ting og fenomen, på godt og vondt; frå indiske mangoar og japanske bilar til filmar på Netflix – og virussjukdommar.

Den samanvevde verda i dette hundreåret har skapt stor rikdom og økonomisk vekst, men den har også ført til store klimaproblem og – altså – ein medisinsk katastrofe med ringverknadar for heile verdssamfunnet.