Kva er forskjellen på Spitsbergen og Svalbard eigentleg?

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 07.02.2020 08:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den nordlegaste del av Kongeriket Noreg er Svalbard, som bokstaveleg talt tyder «kjøleg kant».

Men visste du dette om Svalbard?

Svalbard er namnet på heile øygruppa

Mange trur gjerne at Svalbard er éi enkelt øy. Det er det ikkje. Svalbard er fellesnamnet på alle ishavsøyane som er mellom 74° og 81° nordleg breiddegrad, og 10° og 35° austleg lengdegrad. Det høyrest kanskje spesielt ut, men slik vart det bestemt i Svalbardtraktaten. Denne traktaten slår også fast at borgarar av alle land som skriv under, kan busetje seg i området.

Så Svalbard består av ganske mange holmar og skjær, men dei åtte mest sentrale øyane er Spitsbergen, Nordaustlandet, Edgeøya, Barentsøya, Kvitøya, Kong Karls Land, Hopen og Bjørnøya.

Dei fleste bur på Spitsbergen, og særleg i Longyearbyen, men på Bjørnøya er det stasjonert ni personar frå Meteorologisk institutt, og på Hopen er det fire stykker.

Kart frå Wikipedia: Oona Räisänen (Mysid)

Svalbard er stort

På kartet så ser øygruppa gjerne lita ut, men det er langt frå sanninga. Samla så måler Svalbard heile 61 022 km2. Det er større enn Hedmark og Oppland fylke samanlagd, eller større enn heile Danmark med nesten 20 000 km2.

Det er heller ingen vegar som bind dei ulike busetnadane saman. Difor er det umogeleg å kome seg frå A til B med bil eller buss. Ny-Ålesund og Sveagruva har kvar sin kortbaneflyplass og Barentsburg ein helikopterbase, men om du skal frå Longyearbyen til Ny-Ålesund må du anten ta båt om sommaren eller køyre snøskuter om vinteren.

I Longyearbyen er det nokre korte vegstrekningar mellom lufthamn og gruver, men til saman er det under 5 mil. Likevel er det overraskande mange bilar på ishavsøya! Det er ikkje mangel på verken Toyota eller snøskuter i Longyearbyen.

Kanskje fleire isbjørnar enn folk

I 2018 bur det til saman 2310 menneske i Longyearbyen og på Ny-Ålesund. Det er også estimert at det i Barentshavsregionen er mellom 1900 og 3600 isbjørnar!

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Wow! ? @audundahl 

Et innlegg delt av Visit Svalbard (@visitsvalbard)

I 2015 løyvde regjeringa 10 millionar kroner til at Norsk Polarinstitutt saman med russiske aktørar skulle telje isbjørn, men russarane enda opp med å ikkje delta. Polarinstituttet gjennomførte likevel ei flyteljing, og isbjørnbestanden ser ut til å halde seg stabil.

…difor treng du også rifle

svalbard, svalbardbutikken, våpenskap

På Svalbardbutikken lyt du sette frå deg rifla før du handlar til middag.

På grunn av isbjørnfaren, så skal alle som beveger seg utanfor busetnadane på Svalbard ha med seg noko ein kan bruke til å skremme og jage isbjørn. Sysselmannen anbefaler også at ein er væpna.

Det er derimot forbode å bere ladde våpen rundt mellom hus, butikkar og offentlege bygg i Longyearbyen. Både Svalbardbutikken og banken har difor våpenskap der ein kan mellombels parkere våpenet sitt.

Der er berre éin skule

I Longyearbyen er det berre éin skule. Der kan ein gå frå første klasse og heilt til ein er ferdig på vidaregåande i same skulegård.

Det som gjer skulen ekstra spesiell er at det er ei ganske høg utskiftingsrate. Kvart år flyttar kring 20 prosent av folkesetnaden på Svalbard, og nye kjem til. Det er difor på langt nær sjølvsagt at nokon som startar på skulen eitt år vil vere der de neste ti åra.

Det samla elevtalet har likevel vore ganske stabilt. Skulen husar i overkant av 200 elevar frå 1–10. klasse, og i underkant av 30 på vidaregåande trinn.

Ein lyt ta av seg skoa innandørs

I Longyearbyen set ein frå seg skoa før ein går inn i lobbyen på hotellet.

På Svalbard er det ein tradisjon å ta av seg skoa i gangen, så snart ein kjem innanfor døra. Også på hotell, på universitetet, i næringsbygg, og hjå sjølvaste sysselmannen.

Mange bygg er difor rusta med skohotell der ein set frå seg skoa, og så er det ditt eige samvit som sørgar for at kjem du inn i sandalar, så reiser du ikkje i Ecco-sko. Skal du innom Svalbard Museum står det til og med crocs i alle storleikar som besøkande kan traske rundt i.

Når minusgradene fort vert tosifra, så er det difor lurt å ta med seg tøflar om ein skal nordover.

Svalbard er eigentleg ein ørken

Ein relativt vanleg, men forenkla, definisjon er at ein ørken er eit område der det fell under 250 millimeter nedbør kvart år. Normalt for Longyearbyen er kring 190 mm i året. Det er difor mogeleg å karakterisere Svalbard som ein arktisk ørken.

Det har likevel ikkje alltid vore slik! Longyearbyen var jo tradisjonelt ein gruveby, så under den snødekka overflata på Svalbard gøymer det seg store mengder kol. Der det har vore kol har det tidlegare vore tre. For millionar av år sidan låg Svalbard betrakteleg lengre sør, og var då ein mykje frodigare plass enn no.

I dag finst det nemleg ikkje eit tre å sjå!

Adventfjorden på Svalbard frys ikkje lenger til om vinteren. Foto: Bente Kjøllesdal