Flyplassen på Svalbard får 75 prosent av energien frå solceller

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Flyplassjefen ved Svalbard lufthamn, Carl Einar Ianssen, er oppteken av å finne berekraftige løysingar og pådrivar for utbygginga av det nordlegaste solcelleanlegget i verda, skriv Teknisk Ukeblad.

– Vinklane solcellepanela har i forhold til lyset er viktig. Det er ikkje naudsynt med direkte sol. Lys er nok til at det vert skapt energi, og snøen reflekterer lyset og aukar kraftproduksjonen. Sol og kaldt vêr er ideelle forhold for solceller, seier Ianssen.

Han kan også fortelje at flyplassen klarer å produsere om lag 75 prosent av forbruket frå solcellene.

– Sett vekk frå dei tre månadane vi lever i totalt mørke her, produserer vi fornybar straum frå solcelleanlegget på flyplassen. På eit såkalla off-grid navigasjonsanlegg, som ligg på Torfjell, er det òg montert solceller. Der klarer vi å produsere opptil 75 prosent av forbruket i dei timane det er sol frå klar himmel.

Adventfjorden på Svalbard frys ikkje lenger til om vinteren. Foto: Bente Kjøllesdal