Rogaland bekymra for at sårbare vidaregåandeelevar droppar ut

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Bekymringa vår er at sårbare elevar droppar ut og ikkje melder frå om det. Då er det umogleg for oss å fange det opp medan det er heimeundervisning, seier fylkesdirektøren for opplæring i Rogaland fylkeskommune, Joar Loland, til Stavanger Aftenblad.

Han deler bekymringa med rektorar ved vidaregåande skular i fylket, som fryktar mest for elevane som allereie sleit før ein unormal skulekvardag.

Drop-in-timar

I ein normal skulekvardag vil skulen kontakte elevar som sluttar å møte til time. Sosialrådgivarar og oppfølgingsteneste blir kopla inn i neste ledd. Også skulehelsetenesta med moglegheit for drop-in-timar er eit verkemiddel.

Då skulane stengde, forsvann apparatet med skulehelseteneste, rådgivarar og psykologar som følgjer opp. Svarer ikkje eleven eller føresette på telefonen, er det ikkje så mykje skulen kan å gjere no.

Ikkje reell nedgang

Det er ikkje mange som har sendt inn melding om at dei droppar ut av skulen – enno.

– Nedgangen i år er nok ikkje reell, han er heller eit teikn på at mange prosessar har stoppa opp på skulane i dagens situasjon, seier Loland.

Fleire skular rapporterer at elevar som tidlegare har slite, no er vanskelegare både å motivere og å kontakte.