1200 registrerte streikar i Noreg under #digitalskolestreik: – Ikkje la unntaktstilstand bli vår normaltilstand

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

På grunn av koronakrisa kan ein ikkje samlast som tidlegare, og streiken vart difor gjort digital og heimebasert.

Arrangørane ynskja difor at dei som ville delta, sjølv melde inn og registrerte sine eigne, private streikar. Fredag klokka 15 var det 1200 registrerte streikar rundt om i landet.

Kart med alle registrerte streikar i Noreg 24. april. Kjelde her.

Samanlikna med koronakrisa

Frå hovudkontoret til Natur og ungdom i Oslo, var nokre få samla for å halda den digitale livesendinga. Under den omlag halvanna time lange sendinga var det fleire som samanlikna koronakrisa og klimakrisa.

Gina Gylver (19) i Natur og ungdom, under Digital skulestreik 24. april 2020.

– Me er mange som har fått kvardagen snudd opp ned, og som samfunn har vi kasta oss rundt, bretta opp ermene og akseptert at endring er nødvendig. Denne innstillinga håpar eg me kan behalda. Fellesskapstanken som seier at du må endre din kvardag, for fellesskapet, Gina Gylver (19) i Natur og ungdom.

På sin 19-årsdag var hennar bursdagsønske til vaksne og dei folkevalde dette:

– Ikkje la unntaktstilstand bli vår normaltilstand. Med klimaendringane kjem min generasjon til å måtte handtere mange kriser som dette. Gjer din del for at det skal bli så få som mogleg.

Ei ny undersøking Ipsos har utført i 14 land syner at 71 prosent av vaksne verda over er samde i at klimakrisa på lang sikt er like alvorleg som koronakrisa.

Sløtface spiller live for skolestreikerne! Verden er i en klimakrise, det er på tide at politikerne handler for vår framtid.✊??

Posted by Natur og Ungdom on Fredag 24. april 2020 

Vil ikkje tilbake til normalen

Appellant Tina Våje (16) var ei av initiativtakarane til den første skulestreiken, og deltok på sin niande klimastreik. Ho meiner koronakrisa har vist at politikarane kan vere handlekraftige når det trengst.

– Vi krev handlekraft i klimakrisa også. Sjølv om liva våre er sett på vent, er ikkje klimakrisa det.

Tina Våje under Digital skulestreik 24. april 2020.

Ho meiner det er viktig at situasjonen vert brukt til å kome ut betre på andre sida, enn det var før. At ein ikkje går tilbake til normalen etter koronakrisa.

– For den normalen me hadde holdt ikkje mål. Me må ha ei endring.

For dei som møtte opp på den digitale markeringa var det også musikk å få med bandet Sløtface og ein Kahoot-quiz der litt over 50 personar deltok.

Sløtfsace under Digital skulestreik 24. april 2020.

Same krav som før

Streiken ble arrangert av ungdomsorganisasjonene Natur og Ungdom, Changemaker, KFUK-KFUM Global, Spire og World Saving Hustle, i samarbeid med sjølvstendige initiativtakarar.

Krava er framleis dei same:

  • Kutte 55 prosent av norske utslepp innan 2030
  • Ingen nye leitelisensar til olje og gass
  • Vis internasjonal solidaritet for klimastreikarar: Noreg må gi 65 milliardar kroner i klimafinansiering årleg – og ingen klimastreikarar må bli forfølgde av styresmaktene sine
  • Stans tapet av naturmangfaldet

Les også: Russisk klimaaktivist inspirert av Thunberg: Dømt til arrest

Global digital-streik

Den norske klimastreiken vart arrangert same dag som Fridays for future sin globale skulestreik for klima. Denne var sjølvsagt også ramma av koronakrisa, og gjekk heildigitalt.

Fridays for future starta klokka 22.00 torsdag (norsk tid) og held på i 24 timar med livesending på Youtube. Forskarar, diktarar, musikarar og ikkje minst klimaaktivistar frå heile verda deltek.

Også her vart det mykje fokus på korleis koronakrisa påverkar måten me møter klimakrisa på.

Koronakrisa: – Høve til å bygge om økonomien

Professor Will Steffen, klimarådgjevar hjå Climate Change Institute på Australian National University, var første talar ut og snakka mellom anna om korleis koronakrisa kan staka ut vegen vidare.

Professor Will Steffen. Foto: Climate Change institute

– Mange styresmakter jobbar no med korleis dei skal restarta og bygge opp økonomien etter koronakrisa, og det ser diverre ut som mange fokuserer på fossile industriar som olje og gass. Samstundes trur eg dette er eit høve der befolkinga kan seie nei til dette og ytra at dei vil ta økonomien i ein annan retning.

Han trur at lockdown og karanteneliv gjer at mange ser at me ikkje treng å leva liv med høgt forbruk og høgt tempo.

– Dette er høvet til å bygge vidare på utsleppskutta me kjem til å sjå frå 2020, og halda det gåande i ei søkkande kurve, samstundes som me byggjer om økonomien i ein sunnare og betre retning enn me hadde før.

Til venstre: Italia. Foto: Tommi Boom. Til høgre: Margarita Naumenko (15) i Moskva. Der er lovene så strenge at ein må stå minst 50 meter frå kvarandre i “enkeltpersons-demonstrasjonar”. Foto: Privat