Høgare utdanning startar som normalt til hausten

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Til hausten må vi rett og slett sjå an smittesituasjonen. Men studiane startar opp, sa forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H) på spørsmål frå NTB under den daglege pressekonferansen om koronasituasjonen onsdag.

Høgskulane og universiteta planlegg no for ulike scenario – både for at undervisninga stort sett må gå føre seg heime, og for at ein kan samlast på skulane, ifølgje statsråden.

– Men det startar opp som normalt, sa Asheim.

– Takk ja til studieplassen

Han ber studentar om å planlegge for ein normalt haust.

– Takk ja til den studieplassen du blir tilboden, søk studentbustad eller finn eit bukollektiv. Rett og slett planlegg for at livet skal gå som normalt til hausten, er oppfordringa frå Asheim.

Han ber òg høgskular og universitet om å passe ekstra godt på dei nye studentane.

– Mange studentar skal starte å studere for aller første gong, og i den rare tida vi lever i no, så kan det vere ekstra skummelt å flytte heimanfrå og til ein heilt ny by. Derfor har eg i dag uttrykt til rektorane i landet ei klar forventning om at dei skal ta spesielt godt imot nye studentar, sa han.

Må ha ein plan

Norsk Studentorganisasjon (NSO) er samd i at studentane må planleggje for ein normal haust.

– Samtidig er det viktig at utdanningsinstitusjonane har ein plan for korleis dei skal ta vare på studentane, og spesielt dei som skal starte på høgare utdanning for første gong, uavhengig av om situasjonen vi er i held fram eller ikkje, seier leiar Marte Øien i NSO.

Leiar i Studentmållaget, Jonas Økland, (t.v) reagerer på at Universitetet i Oslo opnar for å gje studentar som Vegard Enerstvedt (t.h) eksamen på berre éi målform. Foto: Privat