Universitetet i Oslo planlegg for digital undervisning til hausten

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det skriv studentavisa Universitas.

Svein Stølen, rektor på UiO, ber dei tilsette planlegge for digital undervising også i haust. Foto: Morten Kanne-Hansen/Universitetet i Oslo

–⁠ Med utgangspunkt i signala frå helsestyresmaktene, og for å gjere det føreseieleg for studentar og tilsette, ber vi fakulteta planleggje for digital undervisning òg i haustsemesteret, seier UiO-rektor Svein Stølen.

Kan verte kombinasjon

Alt etter korleis smittesituasjonen er, og dersom det blir opna for noko undervisning på campus, kan det gradvis bli aktuelt med ein kombinasjon av digital og ordinær undervisning, ifølgje Stølen.

Fakulteta har òg vorte bedne om å leggje til rette for eit heildigitalt tilbod til engelskspråklege masterstudiar. Informasjon blir no send ut til potensielle utvekslingsstudentar for å orientere om tilgjengelege tilbod.

Skjermdump frå Youtube/Psyjinx