Ungdomspartia vil evakuere borna frå Morialeiren: – Nestekjærleiken stoppar ikkje ved svenskegrensa

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 18.04.2020 21:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Press-leiar Mina Vinje krev at regjeringa tek ansvar.

– Det er på tide at Erna Solberg og regjeringa tek ansvar, og tek eit internasjonalt initiativ for å få evakuert borna frå Moria. Moria er eit levande mareritt der born sit fast, Noreg kan ikkje sitte stilt og sjå på lenger. 

Det seier Mina Vinje, leiaren i Press – Redd Barna Ungdom, i ei pressemelding til Framtida.

Ho fryktar konsekvensane vert fatale, dersom koronaviruset kjem til den overfylte Morialeiren på Lesvos i Hellas.

Ungdomspartia støttar Press

Vinje viser til at kring 20.000 menneske er stabla oppå kvarandre i ein leir berekna for 3000.

– Av dei er nesten halvparten born, flesteparten under 12 år. Underernæring regjerer, og sjukdomar vert allereie spreidde raskt, sjølv utan koronaviruset, understrekar ho.

KrFU-leiar Edel-Marie Haukland. Pressefoto

Press står no i front for eit opprop for å evakuere barnefamiliane i Morialeiren, og får brei politisk støtte frå ungdomspartia.

– Når verda vert ramma av kriser er det dei mest utsette som berer den tyngste byrden. No er det behov for ein internasjonal dugnad kor Noreg bør gå i spissen. Nestekjærleiken stoppar ikkje ved svenskegrensa, seier Edel-Marie Haukland, leiaren i KrFU, i ei pressemelding. 

Splittar partia

Den siste tida har det vore oppildna diskusjonar om kor vidt Noreg bør evakuere barnefamiliane frå Morialeiren.

Debatten splittar det politiske Noreg. Det er usemje både mellom og innad i parti.

Søndag skreiv Aftenposten at 19 tidlegare statsrådar frå Ap, SV, Sp, KrF, Venstre og Høgre hadde skrive under eit opprop, der dei ber regjeringa ta imot einslege mindreårige og barnefamiliar frå flyktningleiren.

Til no har regjeringa med Høgre, KrF og Venstre, halde fast ved at dei vil vente på ei felleseuropeisk løysing, men sentrale politikarar frå KrF og Venstre har ytra ynskje om omkamp.

– Kriser forvinn ikkje

Leiarane i både KrFU og Unge Venstre meiner moderpartia bør utfordre regjeringslinja og oppmode å ta ansvar også utanfor Noregs eigne grense.

Sondre Hansmark er leiar i Unge Venstre. Foto: Unge Venstre

– Kriser forsvinn ikkje berre vi lukkar augo for dei, og sjølv om det er vanskelege tider i Noreg akkurat no er det framleis mange ute i den store verda som treng vår hjelp, seier Unge Venstre-leiar Sondre Hansmark.

Han poengterer at Noreg kan vere ei trygg hamn som verner menneske på flukt frå krig, naud, svolt og naturkatastrofer.

Brei støtte blant ungdomspartia

Også dei andre ungdomspartia støttar oppropet til Press, med unntak av Unge Høgre og FpU.

Grøn Ungdom har ikkje svart på førespurnaden frå Press, men har vore tydelege på at også dei støttar norsk hjelp til evakuering av barna i Moria.

– Må vise at solidaritet ikkje kjenner landegrenser

Andreas Sjalg Unneland meiner Noreg lyt ta hand om borna frå Morialeiren. Foto: Beate Haugtrø

I Sosialistisk Ungdom støttar leiar Andreas Sjalg Unneland opp om forslaget frå ei rekkje stortingsrepresentantar frå moderpartiet SV, om å evakuere barn og sårbare flyktningar frå Hellas.

– Borna i Morialeiren manglar noko så grunnleggjande som tryggheit. Det kan vi i Noreg gje dei, og vi kan ta ei leiarrolle til ein internasjonal dugnad som hindrar at einslege mindreårige mister barndomen sin i overfylte flyktningleirar, seier han i pressemeldinga.

Eit liknande forslag har også Raudt-leiar Bjørn Moxnes fremja, og også han møter støtte sjå ungdomspartiet:

– Det pågår ei humanitær katastrofe i Moria. Denne uretten finn stad rett framfor augo våre. Det kan vi ikkje tillate. Noreg må ta ansvar – evakuer borna no! seier Alberte Bekkhus, leiar i Raud Ungdom.

Alberte Bekkhus (t.v.) meiner Noreg må ta ansvar. Det same gjer leiaren i Senterungdommen, Torleik Svelle, som meiner tida er komen for å handle: – Borna i flyktningleirane i Moria har dei same draumane, framtidshåp og planar som born i Noreg. Koronakrisa viser at tida for å handle lokalt og tenkje globalt er no. Foto: Instagram.

AUF går mot moderpartiet

Arbeidarpartiet er særleg splitta i saka. Trass i press frå lokallag og ungdomspartiet held Ap fast ved at dei ikkje vil støtte SV-forslaget om å ta imot einslege born frå Morialeiren.

AUF-nestleiar Astrid Eide Hoem ynskjer at moderpartiet skal opne for å evakuere barna frå Morialeiren. Foto: Instagram

AUF går mot moderpartiet, og landsstyre har vedteke at Noreg bør ta imot 3500 kvoteflyktningar frå Morialeiren.

– For å lette situasjonen må verdssamfunnet ta eit større ansvar, det inkluderer også Noreg. Solidaritet er eit ord som vert brukt mykje for tida, no må Stortinget og regjeringa vise at solidaritet ikkje kjenner landegrenser, seier AUF-nestleiar Astrid Willa Eide Hoem i pressemeldinga. 

SV-leiar Audun Lysbakken utfordra denne veka Arbeidarpartiet til å støtte SV sitt forslag.

Saman med Venstre og KrF sine stemmer ville det vorte fleirtal for forslaget og det ville tvinga regjeringa til å snu.

#PostkorttilErna

Også utanfor politikken er det stort engasjement, og i mars oppmoda ei rekkje norske kulturkjendisar regjeringa til å evakuere borna frå Moria no.

No har Press også drege i gang ei ny kampanje, der dei oppmodar folk til å sende postkort til Erna Solberg med beskjed om å evakuere borna frå Moria.

Øvst frå venstre: Skodespelar Helene Bergsholm, Ole Christoffer Ertvaag, Inga Ibsdotter Lilleaas, Tobias Santelmann, filmregissør Iram Haq og redesignkjendis Jenny Skavlan er blant dei som ber regjeringa evakuere borna frå Moria-leiren. Foto: Instagram