Grenselaus kamp mot korona – slik handterer verda den største krisa sidan andre verdskrig
Det nye koronaviruset har for mange land utløyst den største krisa sidan andre verdskrig. Kvifor er det slik og kva betyr internasjonalt samarbeid for vegen ut av krisa?
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Saka er henta med velvilje frå NUPI Skole og sett om til nynorsk av Framtida.no.
Mange land og heile verdssamfunnet er vane til å handtere smittsame sjukdomar og ulike former for kriser. Men det nye koronaviruset er spesielt fordi både utviklingsland som Kina og rike land som Noreg vert hardt ramma. Og sjølv om viruset i seg sjølv gjer at mange vert sjuke og fører til stor belastning i helsesystemet i mange land, vert også andre delar av samfunnet sterkt prega.
Ikkje minst vert dei økonomiske konsekvensane veldig store når bedrifter og heile næringar må stenge for å stoppe spreiinga.
Eit anna forhold som gjer koronakrisa spesiell, er at vi ikkje veit korleis andre land vil takle virussmitten eller kor vanskeleg det vert å fremje internasjonalt samarbeid. Det er difor vi snakkar om ei krise som mange meinar er den største sidan andre verdskrig.
Pandemi og internasjonal krise
Grunnen til at det nye koronaviruset har utvikla seg til ei internasjonal krise, er at det spreier seg effektivt mellom menneske som har nær kontakt. Dei fleste som vert smitta, opplever berre lettare sjukdom og vert raskt friske igjen, men nokre vert alvorleg sjuke. Spesielt har gamle menneske høgare risiko for å døy. Sidan viruset er nytt, finst det framleis ingen vaksine.
Når virus spreier seg til mange menneske, snakkar vi om epidemiar, og dersom det spreier seg over større område og til fleire stadar i verda, er det vanleg å snakke om pandemiar.
Det nye koronaviruset utgjer no ein pandemi som ikkje let seg stoppe utan at heile verdssamfunnet tek i bruk sterke grep, som har store konsekvensar. Det er difor vi snakkar om koronaviruset som del av ei stor og internasjonal krise.
Kva er Verdas helseorganisasjon?
Sjølv om mange land no har stengt grensene sine og er opptekne av nasjonale smitteverntiltak, er det heilt nødvendig med internasjonalt samarbeid. Når nye virus og sjukdomar, som Covid-19, oppstår, er det avgjerande at flest mogeleg land rapporterer om korleis smitten spreier seg og kor sjuke folk vert.
Utan eit internasjonalt system for informasjon vil ingen få oversikt og ingen kan førebu seg. Det er Verdas helseorganisasjon (World Health Organization, WHO) som leier det internasjonale arbeidet med å samle inn denne viktige informasjonen frå alle land.
WHO vart oppretta i 1948 i samanheng med etableringa av FN-systemet etter andre verdskrig. I dag er WHO ein av dei største og viktigaste organisasjonane i FN-systemet og har heile 194 medlemsland, som faktisk er eitt meir enn talet land i FN si generalforsamling.
WHO har meir enn 7.000 tilsette fordelt på over 150 kontor, er aktive i stort sett alle verdas utviklingsland og har hovudsete i Genève, der mange internasjonale helseorganisasjonar er samla.
WHO vert styrt av medlemslanda ved at dei sender representantar til det høgaste avgjerdsorganet i organisasjonen, World Health Assembly, som vanlegvis møtast for å avgjere viktige saker ein gong i året. Det daglege arbeidet vert styrt av ein generaldirektør og ei leiargruppe.
Norske Gro Harlem Brundtland var generaldirektør frå 1998 til 2003. Kinesiske Margaret Chan (frå Hongkong) sat i sjefsstolen frå 2006 til 2017 og vart etterfølgt av etiopiske Tedros Adhanom Ghebreyesus.
Han har no kanskje verdas viktigaste jobb når han skal leie det internasjonale samarbeidet for å nedkjempe koronaviruset.
Sjå videoen frå då Ghebreyesus erklærte at koronaviruset er ein pandemi:
Samarbeid og mobilisering mot korona
WHO har mange oppgåver, men litt forenkla kan vi seie at hovudjobben er å sikre helsefagleg samarbeid mellom alle land i verda, og å bistå fattige land med å utvikle sine system for helse og smittevern og verne dei mot kriser.
WHO samlar mykje informasjon om helseforhold, virus og sjukdomar i heile verda og brukar dette til å gje råd, slik at medlemslanda vert oppdaterte om den globale helsesituasjonen. WHO driv også viktig forsking og koordinerer store forskingsprosjekt på tvers av land og mange organisasjonar.
Alle desse oppgåvene er vesentlege for det internasjonale arbeidet mot det nye koronaviruset og sjukdomen Covid-19.
Men innsatsen til WHO vert styrt og avgrensa av ressursane som medlemslanda er villige til å bruke på det internasjonale helsesamarbeidet. Rundt halvparten av inntektene til WHO kjem dessutan frå det som vert kalla frivillige bidrag. Det er pengar land eller organisasjonar gjev til tiltak og prosjekt som dei, og ikkje nødvendigvis WHO sjølv, ynskjer å prioritere.
Sjølv om helse på mange måtar er eit spesielt aktivt område innan internasjonalt samarbeid, fører helsespørsmål også til usemje mellom land og aktørar som har ulike interesser.
Historisk har til dømes arbeidet mot både tobakk og sukker vore hemma av sterke næringslivsaktørar i nokre land. Og kampen mot hiv og aids har i periodar vore prega av at både styresmakter og religiøse organisasjonar nokre stadar har motarbeida nokre former for bistand, som utdeling av kondom.
WHO har gjort mykje for å mobilisere ressursar og gje råd i kampen mot det nye koronaviruset, men det vil verte behov for veldig mykje større bidrag dersom viruset spreier seg breitt i mange fattige utviklingsland, som er heilt avhengige av internasjonal støtte.
WHO har også gjeve klare tilrådingar om at alle land bør setje i verk strenge smitteverntiltak raskt, og at så mange som mogeleg bør verte testa for koronasmitte. Men det har vist seg vanskeleg å få land til å følgje alle råda.
No gjenstår det å sjå kor mykje verda greier samle seg om felles løysingar for å nedkjempe det nye koronaviruset.
Samarbeid og konkurranse om vaksine
Sjølv om WHO speler ei klart leiande rolle i internasjonale helsesamarbeid, er dei absolutt ikkje den einaste viktige organisasjonen.
For det første er helse eit så grunnleggjande samfunnsspørsmål at mange av dei største organisasjonane med tilknyting til FN, som Verdsbanken, Utviklingsprogrammet (UNDP) og Barnefondet (UNICEF), også leier omfattande arbeid innan helse. Mange store ikkje-statlege organisasjonar, som Bill & Melinda Gates Foundation, speler også viktige roller.
Ofte samarbeider fleire organisasjonar tett om store tiltak, men dei konkurrerer også om ansvar og ressursar.
Utbreiinga av nye sjukdomar gjer at medlemslanda i FN nokre gongar vert samde om å etablere nye og spesialiserte organisasjonar.
Til dømes vart FN sitt koordinerande aids-program (UNAIDS) etablert i 1996, og Det globale fondet for nedkjemping av aids, tuberkulose og malaria (GFATM) vart oppretta i 2002.
Når slike organisasjonar vert etablerte, kan det bidra til meir effektive tiltak mot spesielle sjukdomar, men det flyttar òg ansvar vekk frå andre organisasjonar. Når fleire kjemper om pengar og merksemd kan det styrke den samla innsatsen, men det kan også føre til at dei større organisasjonane tapar slagkraft i viktige spørsmål og at det vert meir konkurranse enn samarbeid.
I møte med kriser som er utløyste av virus, er vaksiner spesielt viktige, fordi virus ikkje kan behandlast med antibiotika og andre medisinar på same måte som bakteriar.
Det er oppretta fleire internasjonale samarbeid for utvikling av vaksiner. To allianser, den eine kjend som Gavi (etablert i 2000) og den andre omtalt som CEPI (etablert i 2017) er døme på initiativ der fleire land og organisasjonar går saman for å tilby ferdige vaksiner til utviklingsland og utvikle nye vaksinar i møte med nye virus og sjukdomar.
Begge desse alliansane har trappa opp innsatsen, med støtte frå blant andre Noreg, for å utvikle vaksiner mot det nye koronaviruset.
Kina sitt arbeid mot korona og reaksjonane frå andre land
Viruset byrja, så langt vi veit, å spreie seg i storbyen Wuhan i Kina på slutten av 2019. Kinesarane opplevde ei anna koronakrise i 2003. Den gongen ramma eit mindre smittsamt, men meir dødeleg virus område langt sør i Kina spesielt hardt. Også dette viruset spreidde seg til andre land, men dødstala og konsekvensane vart mykje mindre enn no.
Det er likevel viktig å vete at koronavirus også oppstår andre stadar i verda. Til dømes opplevde fleire land i Midtausten spreiing av eit svært smittsamt og dødeleg koronavirus i 2012, kjent for namnet på sjukdomen det fører til, MERS.
Det er likevel viktig å vete at koronavirus også oppstår andre stadar i verda
Internt i Kina er det mykje diskusjon om korleis det nye koronaviruset kunne byrje å spreie seg utan at styresmaktene tok nødvendige grep. Det er også noko av grunnen til at tiltaka vart ekstra omfattande då dei innsåg alvoret i situasjonen.
Sidan Kina har eit autoritært politisk system, føregår mykje av debatten utanfor dei offisielle media, og nokre av meldingane i sosiale medium vert også overvaka og regulerte. Like fullt er det stort folkeleg engasjement for korleis landet handterer situasjonen og for om dei strenge tiltaka er effektive.
Kina har hausta mykje ros for si tøffe, men effektive, handtering. Mange minner likevel om at kinesarane gjer bruk av fridomsavgrensing og sporingsteknologi som ikkje er mogeleg i meir demokratiske samfunn.
Andre land har respondert svært forskjellig på det nye koronaviruset, som vart gjort kjent for heile verda allereie på tampen av 2019. Det er liten tvil om at verda har vore dårleg førebudd. Smitte- og dødstala i mange land kan verte høge, og i ettertid er det lett å sjå at meir burde vore gjort tidlegare.
Det er liten tvil om at verda har vore dårleg førebudd
Høginntektsland som USA, Italia og Spania er ramma spesielt hardt, og mange smittevernstiltak har kome seint og verkar lite koordinert.
Også like land som Noreg og Sverige har valt ulike tilnærmingar, som viser at viruset er nytt og ingen kan seie med sikkerheit kva tiltak som er best eller nødvendig.
Med tanke på den globale situasjonen er det no spesielt kritisk at vi veit lite om korleis koronaviruset vil spreie seg i fattige utviklingsland, som er heilt avhengige av internasjonal støtte. Svært mange kan verte sjuke og svært mange liv kan gå tapt.
- Les også meiningsinnlegget: 6 teikn på at ein praktiserer sosial distansering
Samla eller kvar for seg?
Det er no kampen mot det nye koronaviruset må kjempast.
Noreg har store ressursar og svært gode føresetnadar for å kome ut av denne krisa i god behald. Vi har ein open økonomi og er ein forkjempar for FN og internasjonalt samarbeid. Men dersom større land sluttar å handle med kvarandre og ikkje lenger støttar opp om internasjonale løysingar, vil det kunne ramme norske interesser på mange område.
Det er no kampen mot det nye koronaviruset må kjempast
Vi kan difor forvente at norske politikarar i tida framover gjer mykje for å redde norske bedrifter og arbeidsplassar, og at dei utstyrer norske sjukehus med betre utstyr og styrker dei nasjonale ressursane på nokre område.
Men vi vil òg sjå at Noreg jobbar for å støtte innsatsen til WHO og andre internasjonale aktørar som jobbar for felles løysingar. Det er fordi det som skjer utanfor våre grenser også er avgjerande for Noreg si framtid.
Erna Solberg om dei historiske tiltaka regjeringa innførte for å få bukt med viruset:
Internasjonalt har mange land så langt demonstrert avgrensa vilje til å samle seg om felles tiltak.
Supermakta USA har tidlegare trekt seg frå mange andre typar internasjonalt samarbeid, som klimaforliket og atomavtala med Iran. USA er sjølv sterkt prega av koronakrisa og det er uklart kor mykje dei vil bidra i andre land (red.anm: artikkelen er skriven før Donald Trump annonserte at USA stoppar pengestøtten til WHO). Kranglar om handel og andre konfliktar har ført til eit svært spent forhold mellom USA og Kina.
Også EU har dei siste åra utvikla ein tøffare politikk knytt til kinesiske aktivitetar. Dette skjer samstundes som Kina styrker sin posisjon i mange internasjonale organisasjonar og vert ein stadig viktigare samarbeidspartner for mange utviklingsland.
Når det er sagt er helse tradisjonelt sett eit område i internasjonal politikk som faktisk er prega av relativt mykje samarbeid, også mellom USA og Kina.
Koronakrisa vert difor ein test på om verda greier finne saman for å verte samde om felles løysingar. Utan samarbeid vert det vanskeleg å bremse smitten og heilt umogleg å stoppe viruset frå å spreie seg vidare.
Internasjonalt samarbeid er også avgjerande for hjelp til fattige land, og for å styre den internasjonale økonomien tilbake på skjener når krisestemninga omsider slepp taket.
OBS: Saka vart skriven før USA trakk støtta si til WHO.
- Er du lei av heimeskule og vil lette hjarte? Les Linn Isabel Eielsen sin klagemanual først, om kven ein skal klage til og ei!