New Zealands statsminister tek lønnskutt under korona
Saman med resten av ministrane og sjefar for offentleg sektor går statsminister Jacinda Ardern frivillig ned 20% i løn i seks månadar.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Dei siste tre vekene har New Zealand vore i lock-down. Landet held stengt skular, kontor og ikkje-nødvendige tenester i fire veker.
Onsdag vart det registrert 20 nye smittetilfelle på New Zealand, som per i dag 1386 registrerte smitta med covid-19 og 9 dødsfall.
Risikerer 26% arbeidsløyse
Neste veke vert det klart om regjeringa i landet trappar ned på stenginga av samfunnet.
Ifølgje The Guardian kan arbeidsløysa i landet stiga til 13%, sjølv om stenginga vert oppheva snart.
Om landet held stengt i seks månader reknar ein med at arbeidsløysa kan stiga til 26% og bruttonasjonalprodukt søkka med 23%.
Kuttar løna med 300.000 kroner
No tek statsminister Jacinda Ardern, 25 ministrar og 34 sjefar i offentleg sektor eit frivillig lønnskutt på 20%.
– Me anerkjenner newzealanderar som er avhengige av lønnssubsidiar, tek lønnskutt og mistar jobbane sine som eit resultat av den globale pandemien, sa Arden på ein pressekonferanse ifølgje Reuters.
Ifølgje New Zealand Herald har statsministeren i dag ei årsløn på 459.739 newzealandske dollar, noko som tilsvarer 2,9 millioner norske kroner med dagens kurs.
Eit kutt på 20% i seks månadar betyr altså nesten 300.000 kroner mindre for Ardern.
Kvinneleg leiing
Ardern har fått mykje skryt for tidleg innsats og strenge tiltak mot koronaviruset.
Forbes er blant mange internasjonale medier som har peika på korleis landa med dei beste tiltaka mot koronapandemien har til felles at dei er leia av kvinner.
I tillegg til New Zealand si effektive stenging nemner dei Erna Solberg sin pressekonferanse for barn, som byggjer på ein idé først utført av Danmarks Mette Frederiksen.
I dag klokka 12.00 inviterer den norske regjeringa på nytt til pressekonferanse for barn.
- Korleis påverkar koronakrisa din kvardag? Dine korona-opplevingar kan hamna på museet