Den vesle store klageguiden for korona-Noreg


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

I det siste har det vore mykje klaging ute og gått. Folk har klaga over ting eg ikkje ein gong visste kunne vere eit problem, og klaginga har stadig funne nye kanalar.

Før var det hovudsakleg for damer på kafé og boomers i Facebook-kommentarfelt, men no klagar alle over alt, til alle døgnets tider.

Ting som berre var litt irriterande før, har no blitt heilt uuthaldelege. Glade folk på tur, familien min sin mangel på bord-etikette, avlyste arrangement, å vere singel/vennelaus og joggarane langs Akerselva er alle no blitt grunnar til å skrive debattinnlegg i aviser. Før pleidde vi å skrive om abortsaka og barneekteskap.

Som sjefen min, Bente, sa:

På grunn av all denne klaginga, har eg bestemt meg for å bidra til samfunnet med å lage ein liten klageguide. Denne klageguiden skal hjelpe deg med å behalde vennene dine, ikkje irritere folk, og med å ikkje vere ei dråtteku. 

Hovudregelen er enkel:

La oss seie at problemet ditt (mitt) er at broren din (min) i naborommet sit og skrik og ropar til ein dataskjerm 18 timar i døgnet utan pause. 

Då skal du ikkje klage til småbarnsforeldra som er fanga med fem småungar heime i toroms-leilegheita si. Klag heller til han som bur åleine i eit hus saman med kjærasten!

Ei anna problemstilling som ofte kjem opp er at folk saknar kjærastane sine. 

Ikkje klag til vennen din som blei dumpa førre veke. Klag til vennen i same situasjon! Eller til den same vennen som på det førre biletet. 

Dersom du vil klage over heimekontor, kan du for eksempel klage til Petter Stordalen og ikkje til freelanceren som har måtta slå livsverket sitt konkurs.

Og til slutt er det den kanskje mest populære: «Eg kjedar meg»

Då kan du klage til alle nordmenn, men ikkje klag til folk frå Etiopia, Jemen, USA eller andre u-land.

Det må vere lov til å klage. Verda har forandra seg, og det er mange som har blitt skuffa og fått ting øydelagde eller sette på vent.

Eg, for eksempel, kjenner ein klump i magen på storleik med noko stort kvar gong eg tenkjer på at Taylor Swift-konserten kjem til å bli avlyst. Det skal eg klage over, men eg skal ikkje klage over det til venninna mi som måtte sjå gravferda til bestemora si på Twitch. 

Klag med omhug denne påsken!