Nær halvparten av befolkninga har lese falske nyheiter om koronaviruset
Nær halvparten av befolkninga har lese falske nyheiter om koronautbrotet, ifølgje ei undersøking. Medietilsynet ber folk vere skeptiske og sjekke kjelda.

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Mari Velsand er direktør i Medietilsynet. Foto: Medietilsynet/ Thomas Ekström
Undersøkinga er gjennomført av Kantar på vegner av Medietilsynet den første veka med dei nasjonale koronatiltaka.
– Det oppstår eit enormt informasjonsbehov under ei slik krise, men dessverre er ikkje all informasjon til å stole på. Derfor er det viktig å sjekke kjeldene, gå til offisielle nettsider og lese redaktørstyrte medium, seier direktør Mari Velsand i Medietilsynet.
45 prosent svarer at dei har sett falske nyheiter om koronautbrotet, medan 55 prosent svarer at dei ikkje har det eller at dei ikkje er sikre. Fire av ti seier at dei støytte på dei falske nyheitene gjennom sosiale medium.
– Ver skeptisk
Delen som har sett falske nyheiter er høgast blant gruppa under 45 år med høg utdanning, og det er ein noko høgare del i Oslo og omland enn i andre område.
Medietilsynet seier at det truleg er fleire som har sett falske nyheiter, dei har berre ikkje oppdaga at saka ikkje var sann.
– Rådet vårt er at folk bør vere skeptiske til fengjande overskrifter, og sjekke kjelda dersom saka verkar for utruleg. Det er òg lurt å undersøkje om saka er publisert fleire stader, rår Velsand.
- Visste du dette? Finland startar kampen mot falske nyhende i barneskulen





