6 teikn på at ein praktiserer sosial distansering

Inger Helgestad (23), student
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

2020 har språkleg sett vore eit innhaldsrikt år så langt. Eg nyttar no fleire ord som eg ved svært få tidlegare høve har teke i min munn. Døme er korona, epidemi, pandemi, karantene – og social distancing.

Dette siste handlar enkelt og greitt om å unngå folk for å bidra til å bremse smittespreiinga – ein aktivitet (eller snarare mangel på aktivitet?) som eg aldri hadde trudd at skulle prege 2020 i ein slik grad. Men det gjer det altså. Livet er snudd på hovudet, og eg, som den introverten eg er/har trudd at eg er, innser at eg trass alt blir påverka av mangelen på menneskeleg kontakt.

Her kjem difor 6 område frå mitt liv der den sosiale distanseringa har kome til uttrykk:

1. Fysisk kontakt på tv

Eit prov på kor inngripande og altoppslukande denne sosiale distanseringa er, kjem til uttrykk når eg ser på TV-seriar.

Eg og sambuaren har i løpet av våre seks år saman, kontinuerleg sett på Friends (med små pausar). Det gjer me naturlegvis no også – men det seier seg sjølv at det nett no er det mest elendige valet av TV-serie. For her sit me på korona-sjølvpåført-karantene-dag nr. tolv tusen, og har ikkje sett venner og familie på noko som kjennest som minst femten år, og så vel me å sjå ein serie som utelukkande handlar om å henge med venner.

Det er som å be nokon om å gni salt i eit veldig ope sår. Og i denne situasjonen kjem mi nye mentale sosiale innstilling godt til uttrykk når desse vennene på skjermen gir kvarandre ein klem eller tek kvarandre i handa, og eg tek meg sjølv i å tenkje «STOPP! TO METER AVSTAND!»

2. Den gjennomisolerte eittåringen

Her ein dag fall sonen min på eitt år og fekk ein kul i hovudet sitt, noko som resulterte i eit legebesøk – for å vere på den sikre sida.

Dette er første gong eg innser kor lenge det er sidan eittåringen såg folk sist, for då legen stig inn i det vesle undersøkingsrommet, så skrik guten for full hals. Eg kjenner hendene hans stramme rundt armane mine. Legen innser at ei undersøking er vanskeleg å få til, og går ut av rommet for å gi oss litt tid. Veslegut roar seg, smiler, ler, syng og peikar på lyset – slik han pleier. Så kjem legen inn att, og guten skrik like godt. Og det er då eg skjønar det – han har ikkje hatt menneskeleg kontakt på fleire veker.

Det er når eittåringen din har gløymt at det finst andre folk i denne verda enn mamma og pappa, at ein forstår at isolasjonen er reell.

3. Endeleg menneskeleg kontakt

Me skal selje leilegheita vår til sommaren (løp og kjøp!!). Når ein skal gjere slikt, må ein ha meklarar på besøk. Og det var når eg fann meg sjølv i ein situasjon der eg ikkje ønskte å sleppe denne meklaren, denne vesle smakebiten på etterlengta menneskeleg kontakt, ut døra att, at eg tenkte at det kanskje har gått litt vel langt.

Ein av Inger Helgestad sine life hacks i denne koronatida å ha video av peis på TV – det blir overraskande koseleg. Foto: Privat

4. Skjermbilete frå videosamtalar dominerer mobilgalleriet

Galleriet på mobilen min fortel også ei interessant historie om livet i 2020. Det har nemleg kome inn ein ny biletform i samlinga mi. Den heiter «skjermbilete frå videosamtalar med menneske eg ikkje lenger kan treffe».

Her er det særleg to undergrupper: Den første er bilete av mine kjære foreldre som gjer merkelege handrørsler. For utanforståande er dette sannsynlegvis fullstendig meiningslaust, men eg, som kjenner heile barnesongrepertoaret på rams, veit at dette er kjende rørsler til alle songane som eittåringen helst vil synge kontinuerleg.

Den andre undergruppa er bilete der eittåringen har knabba telefonen og stirrar med spørjande augo rett inn i skjermen. Naturlegvis ser min samtalepartnar berre eittåringen frå nasen og opp, då han endå ikkje forstår korleis ein skal posisjonere mobilkameraet for eit optimalt biletutsnitt.

5. Telefonen blir faktisk brukt til å ringe med

Eg har byrja å ringe folk. Eller, «folk» – det var kanskje å ta i. Som om eg slenger rundt meg med telefonsamtalar. Så sjenerøs er eg ikkje blitt nett enno, men eg har i det minste byrja å ringe nokon – altså aktivt oppsøke telefonsamtalar. Det har eg nærast aldri gjort. Telefonloggen min har i seks år bestått av samtalar til sambuar, avbrote av nokre samtalar med mamma. Oftast har ho ringt meg.

Då eg forlova meg for tre år sidan, tenkte eg at eg skulle slå meg laus og ringe veninnene mine. Sidan det trass alt var store nyhende. Dette resulterte i ein del skeptiske «Hallo..?», ei som nekta å ta telefonen fordi ho trudde det var ein spøk og ei som, då ho etterpå oppdaga mitt usvara anrop, sende følgjande melding: «Inger?? Går det bra??». Dette med å ringe er altså eit stort steg for meg.

6. Sminke og jeans er luksusprodukt

Eg avsluttar med den minst originale og den mest keisame av alle: Eg har gått i joggebukse i mange veker og sminka ligg urørt. Eg tok på meg sminke og jeans då me skulle få besøk av den tidlegare nemnde meklaren, og eg tykte at eg kunne gått rett på ball. Eg var nydeleg. Fordelen med dette er jo at eg kjem til å føle meg som ein million i heile 2021, dersom me skal halde dette gåande ut året.

Det finst alltid ein «silver lining», for å seie det på godt norsk.

Les utvekslingsstudent Emilie Hansen sitt innlegg om livet i karantene: «Kor lenge vil portforbodet vare? Når får eg sjå vennane mine igjen?»

Emilie Hansen sit i karantene i Barcelona. Foto: Privat