Åtvarar mot å opne skular utan ein god plan mot koronasmitte

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er no eit spørsmål om skular og barnehagar framleis skal halde stengt eller om dei heilt eller delvis blir opna etter påske.

Kunnskapsminister Guri Melby (V) har sagt målet er å opne skular og barnehagar så raskt som mogleg, så lenge omsynet til smittevern tilseier det. Ho ventar på eit ekspertutval som kjem med råda sine fredag.

Folkehelseinstituttet (FHI) stadfesta tysdag overfor VG at dei skal undersøkje smittespreiing blant barn spesielt. Resultatet skal presenterast fredag før påske.

Kan vere risikabelt

Martin Rypdal er professor hjå
Institutt for matemtatikk og statistikk ved UiT: Foto: UiT

Professor Martin Rypdal ved Institutt for matematikk og statistikk ved Universitetet i Tromsø (UiT) har fått på plass ein modell som reknar på verknadene av å opne barnehagar og skular i Tromsø.

I ein artikkel på uit.no åtvarar han om at det kan vere risikabelt å opne skular og barnehagar i Tromsø utan først å ha på plass ein god plan.

Han fortel at nokre eksperiment viser at det å halde skular og barnehagar opne i fjorten dagar, kan gi meir smittespreiing. Dette kan ikkje reverserast sjølv om dei stengjer att etter to veker.

Modellen føreset at UiT blir verande stengt for studentar og at alle andre tiltak blir haldne oppe inntil vidare.

Kan brukast til å leggje strategiar

Han opplyser at modellen dei bruker, liknar den som blir brukt ved Imperial College, som Noreg og styresmaktene i andre land lener seg på. Men modellen er tilpassa Tromsø.

Informasjon om skulane og barnehagane i byen er mata inn.

Rypdal håpar at denne modellen kan brukast til å studere strategiar for gradvis eller puljevis gjenopning av skular og barnehagar.

– Eg vil førebels ikkje foreslå nokon strategi, men dette er noko som kan studerast i dagane framover, seier Rypdal.

– No vil eg berre oppmode til varsemd. Ein må ta seg tid til å planleggje og greie ut korleis ein skal opne opp att, understrekar han i intervjuet.

Fryktar smittevekst

Steffen Handal er leiar i Utdanningsforbundet. Foto: Rikke Bjurstrøm / Utdanningsforbundet [CC BY-SA 3.0], via Wikimedia Commons

Leiaren i Utdanningsforbundet, Steffen Handal, er oppteken at det må liggje føre gode planar mot smittevekst. Han meiner omsynet til smittevern må vege tyngst.

– Det er viktig at folket har tillit til at ei gjenopning ikkje bidreg til ny smittevekst, seier han i ein kommentar til NTB.

– Det trengst god informasjon, og det krev gode førebuingar. Korleis det kan gjerast, må tilpassast forholda på den enkelte skulen og i den enkelte barnehagen, understrekar han.

Han seier det er viktig å hugse at det er ulike situasjonar rundt om i landet.

– Det må òg takast omsyn til at nokre elevar og lærarar vil vere i risikogruppa for å kunne bli smitta, legg han til.

Smittevern må vege tyngst

Forbundsleiar Stig Johannessen i Skolelederforbundet seier til NTB at han har full forståing for at mange, både foreldre og skular, ønskjer å kome tilbake til normalen no.

– Men samtidig må smittevern og risikovurderingane til helsestyresmaktene vege aller tyngst i denne situasjonen. Vi meiner at oppgåva til skuleleiarane no først og fremst er å gi eit best mogleg opplæringstilbod til barn og unge i tråd med dei føringane som til kvar tid gjeld, framfor sjølv å vurdere det smittevernfaglege, seier han.

Spørsmålet er no om skular og barnehagar blir verande stengde eller om dei blir heilt eller delvis opna etter påske.

Andreas Sjalg Unneland, Bjøn-Kristian Svendsrud og Edel-Marie Haukland lyt som så mange andre arbeide frå heimekontor. Foto: Privat