Elevar kan bli krisehjelp i våronna

Både fagfolk og bønder har tru på at skuleelevar kan bli ein viktig ressurs for landbruket i våronna og under innhaustinga i år.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Mange av dei rundt 200.000 elevane på vidaregåande skular landet rundt har allereie allsidig erfaring med arbeid i fritid og feriar – både i landbruk, helsevesen og ulike serviceyrke. Desse bør kunne vere ein ekstraressurs under koronakrisa.

Det seier styreleiar i Naturbruksskolenes Forening, Trond Håvard Bjørnstad, til Nationen. Han er også avdelingsleiar ved Voss vidaregåande skule.

Viktig ressurs

Rundt 60 vidaregåande skular har naturbruk på timeplanen.

– Mange av elevane på naturbruk har jo allereie ein god del praksisopplæring med både våronn og innhausting på skulane dei går på – ofte i tett samarbeid med gardbrukarar i regionen der skulestadene ligg, seier Bjørnstad.

Han trur skuleelevar kan vere ein viktig ressurs for bønder, skogeigarar og gartnarar som under koronakrisa treng ekstrahjelp.

Les også: Slik skal kua sin rap bli mindre klimafiendtleg

Ei grøn bølgje

Det meiner også seniorrådgivar Rita Backer Natvig ved Mære landbruksskole i Sparbu i Trøndelag.

– Interessa for naturbruk er i kraftig vekst blant ungdom. Auka søkjelys på både miljø, klima og berekraft har skapt ei «grøn bølgje» hos nye generasjonar. Interessa for å lære meir om kortreist matproduksjon og bruk av naturressursane er derfor sterkt veksande blant skuleelevar i heile Noreg, seier Backer Natvig som også er sekretær i Naturbruksskolenes Forening.

Malene Breingsnes Aalen (t.v.), Steffen Fjellestad og Ann-Kistin Bjørneset Sætre er elevar på naturforvaltingslinja på Mo og Øyrane vidaregåande skule, som ligg i Førde kommune i Sogn og Fjordane. Foto: Bente Kjøllesdal