Sterkt press for å opne skulane igjen

Utdanningsdirektøren i Trondheim vil opne skulane igjen etter påske, medan skulebyråden i Oslo vil gi sårbare barn eit tilbod allereie i påsken.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ei ekspertgruppe er i gang med å vurdere om det er mogleg å ha elevar og barn i skulane og barnehagane i landet, eller om andre tiltak kan vurderast.

Rapporten frå utvalet blir overlevert Helsedirektoratet fredag 3. april innan klokka 12 og blir presentert i eit møte hos direktoratet same dag klokka 14.

– Alle typar innsikter, rapportar, forsking, vil bli vurdert i ekspertgruppa, seier avdelingsdirektør i Helsedirektoratet Ellen Margrethe Carlsen, som er observatør i gruppa, til VG.

Tilbod til sårbare

Skulebyråd i Oslo, Inga Marte Thorkildsen, vil ha på plass eit tilbod for sårbare barn i påsken. Foto: Stortinget

I Oslo vil skulebyråd Inga Marte Thorkildsen (SV) gi sårbare barn med behov for eit dagtilbod moglegheit til å vere på skulen allereie på heilagdagane i påsken, ifølgje Dagsavisen.

– Eg håper inderleg at risikovurderingane som no blir gjorde tilseier at det blir mogleg å opne skular og barnehagar etter påske, i alle fall for dei yngste barna, seier ho.

Oppvekst- og utdanningsdirektør i Trondheim, Camilla Trud Nereid, er klar på at dei negative konsekvensane av stengde barnehagar og skular no er for store og for negative vegne opp mot å opne barnehagar og skular igjen.

– Frå dei store sjukehusa i landet blir det fortalt om at barn ikkje lenger kjem med blåmerke og andre «uforklarlege» skadar til undersøking. Vald og overgrep i heimen blir ikkje avdekt, og det er nesten ingen barn til barneavhøyr, seier ho til Adresseavisen.

Kan bli delvis

Folkehelseinstituttet (FHI) stadfestar overfor VG at dei skal undersøkje smittespreiing blant barn spesielt og at dette arbeidet skal vere klart før påske. Det kan bli aktuelt med delvis opning av skular.

Kunnskapsminister Guri Melby (V) har sagt målet er å opne skular og barnehagar så raskt som mogleg, så lenge smittevernomsynet tilseier det, og for mange byrjar det å haste.

FpU-leiar Bjørn-Kristian Svendsrud er ikkje nøgd med regjeringa si krisepakke for studentane. Pressefoto