Skodespelar John Krasinski ynskjer å spreie gode nyheiter i koronakrisa verda no står i, og lagar sin eigen nyheitskanal på Youtube.
mm

Sundag kom teaseren og måndag 30. mars vart den første episoden lasta opp på kanalen Some Good News.

Ikledd svart dress og med eit heimelaga skilt som døtrene har laga på veggen bak, sette skodespelar, manusforfattar og regissør John Krasinski i gong som nyheitsanker.

Fekk Twitter-hjelp

– I mange år har eg lurt på kvifor det ikkje finst eit nyheitshow som berre viser gode nyheiter. Denne veka spurde, nei bønnfall, eg dykk om å dela litt gode nyheiter med meg. Og, herre som de leverte.

Han fortel at svara han fekk på Twitter-meldinga, gjorde at at han tenkte: Kvifor ikkje oss? Kvifor ikkje no?

– Så damer og herrer, dette er dykkar feil og dette er SGN. Eg er John Krasinski og viss det ikkje er heilt tydeleg enno, så har eg absolutt inga aning om kva eg gjer.

15 år gamle Coco

Noko av innhaldet frå Twitter hamna i første episode av nyheitssendinga. Applausar og hyllestar til helsepersonell, naboar som hjelper kvarandre, besteforeldre som møtte barnebarnet sitt for første gong gjennom eit vindauga, ei forloving og meir.

Ein av filmane som vart mest likt og kommentert blant svara han fekk på Twitter, var filmen av 15 år gamle Coco som vart møtt av eit litt annleis paradetog som feira at ho var ferdig med cellegiftbehandling:

I showet intervjuar han mellom anna Coco, som takka alle som er med på dugnaden om å halda seg i god avstand til andre, for å hjelpa henne sjølv og andre med lågt immunforsvar.

Steve Carell snakka om 15-årsjubileet

Ikkje nok med det, Krasinski markerte også at det førre veke var 15 år sidan den første episoden av den amerikanske The Office-serien gjekk på TV. Der vart han for første gong kjend for verda, saman med mellom anna Steve Carell. Sjåarane fekk dimed også eit lite intervju med Steve Carell som spelte hovudrolla som Michael Scott i serien.

Krasinski avslutta episoden med oppfløtande ord, og ein teaser i slutteksten om at: «Me kjem kanskje til å gjere dette igjen».

– Eg er John Krasinski, og dette er SGN, som ber deg om å hugsa at uansett kor tøft livet kan vera, er det alltid gode nyheiter i verda. Me snakkast neste gong. God kveld.

Oppdatert: tysdag 17. november 2020 10.06

LES OGSÅ

ANNONSE