Fly, ville svaner: – Høgst aktuell, utan ein lykkeleg slutt

Det er noko eige med bøker som er sensurert i Kina. I Fly, ville svaner får vi eit «gledeleg» gjensyn med Jung Chang si historie og ei påminning om å ikkje ta det frie ord for gitt. 

Hanna Marie Haug
Publisert

Min favorittmåte å lære om verdshistoria er gjennom forteljingar.

I bokhylla heime hos foreldra mine står Ville Svaner: Tre døtre av Kina av Jung Chang frå 1991. Ho handlar om tre generasjonar kvinner i Kina og livet deira i tida før, under og etter kulturrevolusjonen og Mao Zedong sitt styre.

Eg las ho for fyrste gong for eit par år sidan, og boka følgde meg i lang tid etterpå. Difor vart eg full av forventning då eg fekk høyre at Chang skreiv på ein oppfølgjar.

Fly, ville svaner

Forfattar: Jung Chang

Forlag: Gyldendal

Utgjeve: September 2025

Sjanger: Familiebiografi

Omsett til norsk av: Gunnar Nyquist

Historia er verd meir

Fly, ville svaner er ei bok på nesten 300 sider, fylt til randa av brutale historier, eit grundig innblikk i ein framand kultur og rå kjærleik mellom mor og dotter.

Boka handlar om Chang, forfattaren sjølv, og skildrar åra frå 1978 og til i dag.

Chang flytter frå Kina til England som 17-åring og opplever eit kultursjokk utanom det vanlege. Det frie landet står i sterk kontrast til hennar strenge oppvekst under det totalitære regime i Kina.

Kulturrevolusjonen i Kina:

  • Åra 1966–1976 i Kina
  • Ein politisk bevegelse der målet var eit kommunistisk samfunn
  • Ein anslår at mellom 500 000 til 2 millionar kinesarar døydde

– Leiar for kommunistpartiet var Mao Zedong

Kjelder: Store norske leksikon og The National Archives

 

Med åra blir Chang forfattar, og skriv blant anna boka Ville Svaner og ein biografi om Mao, med god hjelp frå hennar mor i Kina og den irske ektemannen Jon Holliday.

Oppfølgaren skildrar konsekvensane Changs forfattarskap får. Ein raud tråd er forholdet mellom mor og dotter, og boka byr på mange tilbakeblikk frå bestemora, mora og Chang sine liv i heimlandet.

Historia er stor nok i seg sjølv, men eg kan ikkje unngå å tenkje at den er verd meir.

Mistar noko på vegen

Boka si form forstyrrar meg. Ting skjer ikkje i kronologisk rekkefølgje og det er eit hav av ukjende stadnamn og namn å halde styr på. Det er også fleire gjentakingar eg undrar meg over.

Det er fascinerande å sjå korleis Chang si forteljing er knytt til historiske personar som Margaret Thatcher eller Dalai Lama. Samstundes får eg ei kjensle av at det er viktigare at alt ramsast opp og er heilt korrekt, enn at det skal bli ei god bok. Kanskje er det ein grunn til at historiebøker gjerne vert skrivne i ettertid? Då blir det klårare kva som verkeleg er viktig, og kva som kan utelatast til fordel for å gjere teksten tilgjengeleg.

Chang har gjort fleire hundretals intervju med menneske i Kina og for deira sikkerheit spurde ho aldri om kva dei meinte eller følte om ting. Ho held seg til fakta, og dei fleste av intervjuobjekta gjorde det same. Det bidrar til at boka får eit preg av underdriving. Ho skriv detaljert om mange grufulle hendingar, men har ikkje så mange andre kjensler å spele på enn sine eigne. Det er kanskje denne sjangerblandinga – ei faktafylt historiebok, bygd rundt ei personleg forteljing, som likevel er delvis strippa for kjensler, som gjer den krevjande å få grep om.

Lærerikt og skremmande

Chang gjer eit godt grep når ho vel seg ut nokre scener og blir i dei. Ho har ei evne til å sjå det finurlege ved situasjonar, og eg må smile når eg les om hennar fyrste møte med Vesten og om korleis ektemannen blir teken imot i Kina.

Dei fleste av desse nære augneblikka skildrar relasjonen mellom Chang og mora. Dei klemmer kvarandre når dei kan, og snakkar saman så ofte det lar seg gjere. Respekten og kjærleiken Chang har til mor si og familie gjennomsyrer heile boka.

Det er lærerikt og skremmande å lese om Kinas utvikling. I åra etter at Ville Svaner vart gitt ut blei Kina meir og meir liberalt under leiar Deng. Chang hadde ikkje store problem med å besøke landet, sjølv om boka hennar var bannlyst. Men etter noverande leiar Xi Jinping kom til makta snudde det. Då Chang landa på flyplassen i Beijing i 2012 blei ho utsett for ei audmjukande skikk kalla «framvising for folkemengda», noko som var urovekkande likt kva hennar foreldre vart utsett for under kulturrevolusjonen.

Historia er høgst aktuell og vi får ikkje servert ein lykkeleg slutt. Siste gong Chang fekk visum til Kina var i 2018.

Deilig er jorda?

Eg sit igjen med ei djup uro over utviklinga i Kina, og ei påminning om at vi alle kjem frå ein plass. Frå ein stad og ei slekt. Vi har alle ei slekt og ei historie, sjølv om dei færraste av oss har ei historie som liknar Chang si. Difor er det også ei ære å ha fått eit innblikk i den. Dessutan er det noko eige med å lese bøker som er bannlyst.