No kan du sjå Netflix med venene dine

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Karantenelivet byr på nye tekniske løysingar, mellom anna nyvinninga NetflixParty. Dette er ein Chrome extension, som gjer at ein kan ha filmkveld eller binge alle sesongane med Friends saman med venene sine – frå kvar sin heim.

Her kan ein synkronisera Netflix-kontoane sine, og sjå på det same i real-time.

Med tilleggsfunksjonen kjem det også eit chatte-rom, så ein kan framleis diskutera om Rachel og Ross faktisk hadde ein pause, eller kva i alle dagar det mørke greiene i Stranger Things er. Utan å måtte pausa filmen/serien, og utan å måtte bruka ei tredje meldingsteneste.

Korleis gjer ein det?

 

Først må alle lasta ned tilleggsfunksjonen til Google Chrome-nettlesaren. Det kan du gjere her, og den er gratis.

Den som startar “festen”, må opna Netflix og velga film eller serie, og starta avspelinga. Så klikker ein på NP oppe i høgre hjørne på nettlesaren:

Inviter med vener med å sende ein link til ditt private, digitale arrangement.

Desse blir så sendt til Netflix, der dei også må klikka på NP i nettlesaren. (Dei må ha lasta ned tillegsfunksjonen, for å kunne bli med).

Så er det berre til å starta strøyminga, perfekt synkronisert frå kvar dykkar mobil, nettbrett, PC.

OBS: Ein får ikkje abonnement eller tilgong til Netflix av å lasta ned tilleggsfunksjonen. 

«Outbreak», «The Last Man On Earth’ / ‘The Omega Man’ / ‘I Am Legend» og «Resident Evil» kan kanskje vera noko for desse unntakstider.