Studentar får ingen økonomisk korona-hjelp

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Utbrotet av koronaviruset (Covid-19) har ført til stenging av skular, barnehagar og utestadar, avlyste arrangement, reduserte opningstider i butikkane – og dimed mange permitteringar.

Måndag vart stortingspartiene samde om ei økonomisk krisepakke, men den gjeld ikkje for permitterte studentar.

Over 11.000 har skrive under for student-hjelp

Marte Øien, leiar for Norsk studentorganisasjon (NSO), fortel til Studvest at permitteringar er ein svært alvorleg situasjon for mange studentar.

– Dei hamnar no i ein situasjon der dei ikkje kan betale basisutgifter, som husleige og mat.

Ho forventar at Stortinget snart vil finne ei løysning for norske studentar.

Og organisasjonen står ikkje åleine. 16. mars vart undeskriftkampanjen: «Dagpenger for permitterte studenter» oppretta. I skrivande stund er det over 11.700 som har skrive under.

– Mange studentar er heilt avhengig av jobb ved sidan av studiar – dei betaler skatt på lik linje som andre i arbeid og bør absolutt få dagpengar, skriv ein av dei som har skrive under.

Desse får økonomisk hjelp

Då Framtida tok kontakt med NAV, fortel dei at hovudregelen er at studentar ikkje har krav på dagpenger, fordi studentar ikkje vert vurdert som reelle arbeidssøkarar sidan dei har studiar som hovudaktivitet.  

Det er likevel fem unntak frå hovudregelen (ikkje del av krisepakken):

  • Dei som tek utdanning utanfor normal arbeidstid.
  • Dei som tek kortvarig utdanning eller opplæring (på maks tre månadar).
  • Dei som tek utdanning ved norskopplæring som ikkje varar lenger en 1 år.
  • Dei som er med i eit introduksjonsprogram for nye innvandrarar.

Krisepakken gjeld mellom anna for lærlingar som mistar lærlingplassen, og dei med låg inntekt.

Av dei som kjem inn under unntak, har det også blitt litt lettare: Til vanleg er det kun dei som har tent over 150.000 kroner det siste året som har rett på dagpengar, men denne grensa er no sett ned til 75.000.

Før krisepakken er normalsituasjonen også slik at studentar som tener over ein viss sum i året, mistar retten til stipend frå Lånekassen. I 2020 er denne grensa 188.509 kroner i årsinntekt. Regjeringa har bestemt seg for å endre reglane for dette no, slik at helsestudentar som vert oppmoda til å trå til, ikkje skal verte straffa økonomisk for det, melder VG.

7 av 10 jobbar

I 2018 viste undersøkinga Europstudent VI at 7 av 10 norsk studentar jobbar ved sidan av studiane, og gjennomsnittleg får studentar 45 prosent av sine inntekter gjennom betalt arbeid.

Til VG seier Øien at ho meiner regjeringa burde gjera følgjande:

  • Sørge for at også arbeidande studentar kan motta dagpengar på lik linje med andre arbeidstakarar
  • Å gjere unntak for dei som ikkje tener over 75.000 i året

17. mars oppdaterte NAV sine sider, med informasjon om at regelendringane enno ikkje er endeleg vedtekne.

Her finn du siste informasjon frå NAV for studentar som har mista ekstrajobb.

Debrecen universitet, nord i Ungarn. Foto: Zsolt Czegledi/MTI via AP