Dei mest dramatiske grepa i fredstid skal bremse koronaepidemien

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– I denne perioden vil vi alle få ein annleis kvardag. Dei drastiske tiltaka vi no set i verk, gjer vi i håp om å stanse viruset, sa Solberg på pressekonferansen torsdag ettermiddag.

Alle enkeltintervju var avlyste på grunn av smittefare, og stolane var sette opp med ein meters avstand. Slik blir det i Noreg framover:

Alle skular og lærestader blir stengde. Alle som har vore utanlands, må i karantene, sett bort frå dei som har vore i andre nordiske land. Ingen i helsevesenet får reise utanlands i det heile. Alle utestader må kunne sørgje for ein meter mellom gjestene, det same gjeld for arbeidsplassar som framleis held ope.

– Dette er nokon av dei aller sterkaste verktøya vi har i verktøykassa, sa ein alvorstyngd helseminister Bent Høie (H).

Solidaritet

Som Solberg igjen understrekar, viruset smittar når menneske er tett på kvarandre.

– Derfor er det no heilt avgjerande at alle innbyggjarane i landet deltek i ein dugnad for å bremse smitten. Det skal vi gjere i solidaritet med eldre, kronisk sjuke og andre som er spesielt utsett for å utvikle alvorleg sjukdom.

Besteforeldre skal ikkje passe barnebarn som må vere heime. Folk som har kritiske funksjonar i samfunnet, til dømes innanfor helsevesenet, skal få hjelp til barnepass.

Stille smitte

Folkehelseinstituttet ser signal på at det føregår stille smitte i folket, men veit ikkje kor langt han har kome.

– Vi håpar og har indikasjonar på at smitten kan vere i ein tidleg fase. Han kan ha kome lenger, og det kan dreie seg om mange menneske som er smitta som vi ikkje kjenner til, seier direktør Camilla Stoltenberg i Folkehelseinstituttet.

Camilla Stoltenberg er direktør i Folkehelseinstituttet. Foto: Mona Hauglid, TedxArendal/Flickr/CC BY-NC-ND 2.0

– Vi kjem til å oppdage fleire personar som er smitta i Noreg, utan at det er knytt til reiseverksemd, slår ho fast.

Målet til helsestyresmaktene er framleis å utsetje og prøve å stanse smitten.

– Vis sinnsro, dropp hamstring

I butikkane byrjar hyllene å bli tomme. Folk hamstrar over heile landet, men styresmaktene understrekar at det ikkje skal vere nødvendig. Erna Solberg seier dessutan at det er usolidarisk å hamstre.

– Eg trur vi skal vise den norske sinnsroa litt no i møte med dette, og ikkje skape ein litt vanskeleg situasjon for andre. Det er varer på lager, vi kjem ikkje til å gå tomme, forsikrar Solberg.

Påskeferie med yatzy

I ein tovekersperiode blir folk bedne om å jobbe heimanfrå viss det i det heile er mogleg, og alle reiser som ikkje er heilt nødvendige, må droppast.

Truleg vil perioden bli forlengd, og mykje tyder derfor på at påskeferien går fløyten for mange som hadde reiseplanar.

Det blir dessutan forbode med kultur- og idrettsarrangement og organisert idrett både innan- og utandørs. Symjehallar og treningssenter blir stengde, det same gjeld frisørar og velværesalongar. Det ser ut til at kortspel og yatzy må takast fram att, og kosen må ein ta heime i sofakroken.

Dette biletet av ein framandarbeidar i det saudiarabiske oljeselskapet Saudi Aramco vert kritisert på Twitter. Foto: Hisham Fageeh, Twitter